Anne av Storbritannia
Anne av Storbritannia (6. februarjul./ 16. februar 1665greg., daud 1. augustjul./ 12. august 1714greg.) vart dronning av England, Skottland og Irland den 19. mars 1702. Den 1. maijul./ 12. mai 1707greg., då England og Skottland vart samla til éitt kongedøme, vart Anne den fyrste monarken i Storbritannia, ein posisjon ho hadde til ho døydde, då ho etterfylgde svogeren sin, Vilhelm III av England og II av Skottland. I tillegg var ho dronning av Irland. Ho var den siste monarken av huset Stuart.
Den katolske far hennar, Jakob II av England og VII av Skottland, vart rekna av det engelske parlamentet for å ha abdisert då han vart tvinga til trekkje seg tilbake til Frankrike i løpet av den ærerike revolusjonen i 1688-1689. Svogeren hennar og systera hennar vart deretter fellesmonarkar som Vilhelm III og II og Maria II av England, det einaste tilsvarande tilfellet i britisk historie. Etter Maria døydde i 1694, heldt Vilhelm fram som som einsleg monark fram til han døydde i 1702. Den 12. mai 1707, under lovbodet av unionen, vart Skottland og England sameint som einsleg suveren stat, kongedømet Storbritannia. Anne vart den fyrste herskaren i riket, medan ho heldt fram med å halde den fråskilde krona som dronning av Irland og den historiske og verknadslause tittelen «dronning av Frankrike». Ho regjerte i tjue år fram til ho døydde i august 1714. Anne er difor den siste dronninga av England og den siste dronninga av Skottland.
Livet hennar var prega av mange kriser, både personleg og relatert til etterfylginga av krona, og til religiøs polarisering. Sidan ho døydde utan ein overlevande arving, var ho den siste monarken av huset Stuart. Ho vart etterfylgd av tremenningen sin, Georg I, av Huset Hannover. Han på si side var ein etterkomar av stuartane gjennom mormor si Elisabeth av Bøhmen, den einaste overlevande dottera av Jakob VI av Skottland (seinare Jakob I av England og Irland) og Anne av Danmark.[1]
Overtaking av trona
endreAnne overtok trona etter Vilhelm III, som var enkjemann etter den eldre syster hennar, Maria. Dei to systrene var einaste born i ekteskapet til Jakob II med Anne Hyde som nådde vaksen alder. Etter ordrar frå kong Karl II av England, farbroren til systrene, vart dei oppdregne som protestantar.
Som barn var Anne plaga av ein augeinfeksjon og vart send til Frankrike for læking, men vart verande skjelauga heile livet, i ein slik grad at ho hadde vanskar med å lese og skrive. I Frankrike budde ho hjå farmor si, Henrietta Maria, og etter ho døydde, hjå tanta, Henrietta Anne av Orléans. Fem år gamal reiste ho heim att, og i åtteårsalderen vart ho kjend med Sarah Jennings, som vart hennar næraste venninne og rådgjevar i vaksen alder. Jennings gifte seg med John Churchill, 1. hertug av Marlborough, som skulle bli den viktigaste generalen til Anne og herre på Blenheim.
Førstedame Sarah
endreDet fyrste Anne gjorde som regjerande dronning, var å opphøge Jennings - no Sarah Churchill - til fyrstedame i riket etter seg sjølv. Sarah Churchill fekk fullmakt til å administrere hoffet og dei kongelege finansane slik ho fann for godt. Slik vart ho som enkje den rikaste kvinna på dei britiske øyane, sjølv om venskapen med dronninga opphøyrde då dei to kvinnene nærma seg femti. Då hadde Sarah ved fleire høve skjelt ut dronninga i full offentlegheit, kasta ting etter henne og trampa i golvet. Til sist skreiv Sarah til dronninga at om ho ikkje var samd, trong ho ikkje å svare. Anne skreiv tilbake at når Sarah ikkje bad om svar, skulle ho ikkje få det heller. Den symbolske gullnykelen ho hadde gjeve Sarah, ville dronninga ha tilbake. Sarah kasta han veggimellom. John Churchill tok han opp og bad knelande dronninga om tilgjeving på vegner av både kona si og seg sjølv. Men dei to barndomsveninnene såg aldri kvarandre igjen. Sarah måtte flytte ut frå husværet sitt i slottet, og plukka ved det høvet med seg alt ho kunne - til og med dørhandtaka. Ho overlevde Anne med tretti år og utgav ei bok om venskapet deira som sette dronninga i eit særs dårleg ljos. Ho siterte frå breva frå Anne til henne for å vise kor hjelpelaus dronninga var utan henne; samstundes hadde ho fått Anne til å brenne dei breva ho sjølv hadde skrive til dronninga.
Ekteskapet med Georg frå Danmark
endreSjølv gifte Anne seg med prins Jørgen av Danmark-Noreg, kalla Georg i England, ein yngre bror av kong Christian V av Danmark-Noreg. Karl II sa om niesa sin danske ektemann at han hadde prøvd han edru og prøvd han rusa, men det var absolutt inkje der - «nothing at all!» Anne kravde titlar og kongelege ordenar for gemalen sin, men Vilhelm II ville ikkje gje han nokon, og ein gong svogeren melde seg til teneste ved eit felttog vart han send heim slik at han ikkje gjekk i vegen. Vilhelm II gav òg vaktene ordrar om ikkje å helse, korkje for prins Georg eller for Anne. Ein gong Anne sat til bords med Vilhelm, tok han alle ertene, slik at ho ikkje skulle få nokon.
På sytten år fødde Anne sytten born, men døydde likevel barnlaus. Berre Vilhelm, hertug av Gloucester, levde til han var elleve; og han var tilbakeståande og leid av epilepsi.
Virke som dronning
endreAnne var 37 år gamal då ho tok over den britiske trona, så plaga av revmatisme og overvekt at ho måtte bli lyft opp i kroningsstolen. I gravferda hennar vart det sagt at kista var like brei og høg som ho var lang. Men hestar og jakt hadde vore den store lidenskapen hennar, og det var ho som stifta The Royal Ascot. Framleis opnar den britiske kongefamilien Ascot-hesteveddeløpa ved å køyre langs bana i open vogn, slik Anne gjorde i si tid. I Richmond Park vart dei mange vegane på kryss og tvers lagde spesielt for henne, så ho kunne fylgje jakta frå vogna si.
Femti kyrkjer fekk ho bygd berre i London. St John's like ved parlamentet skal ha vore den einaste kyrkja i England med fire tårn - éitt i kvar ende - fordi arkitekten rådførte seg med dronninga om korleis ho skulle sjå ut, og i irritasjon sparka ho til fotskammelen sin som svar, slik at han vart liggjande med sine fire bein i vêret: «Slik!» Med åra inntok ho meir og meir av den «kalde teen sin» - eigenleg brandy - som smertelindring, og han gjorde henne stundom ilsk.
Anne tok same valspråk som Elizabeth I av England, semper eadem (= alltid den same). Best blir ho nok hugsa for freden i Utrecht i 1713, som slo fast at Filip V fekk halde fram som konge av Spania berre under føresetnad av at Spania og Frankrike aldri vart sameint. Ludvig XIV av Frankrike måtte love å ikkje gje ytterlegare hjelp til stuartane i framtida. Vidare sikra England seg Gibraltar, Menorca, Nova Scotia, New Foundland, store område i det som i dag utgjer Canada - og dessutan eineretten til å frakte slavar frå Afrika til koloniane til Spania i Amerika i dei næraste tretti åra. Ludvig XIV var likevel så nøgd med traktaten at han sende tusen flasker champagne til Anne som takk.
Ho døydde 49 år gamal under eit raserianfall i det kongelege rådet, etter å ha kasta ut lordkanslaren sin, jarlen av Oxford, for «fyll og mangel på folkeskikk». Lækjarane omtalte dødsårsaka som apopleksi, det vil seie eit slag som dei meinte kom frå gout on the brain (= gikt på hjernen). Ho var enkje og barnlaus, og det fanst ikkje noko testamente fordi ho var så redd for å døy. Kroppen hennar var så stor og oppsvulma at han måtte bli gravlagd i Westminster Abbey i ei stor, bortimot kvadratisk kiste.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anne av Storbritannia» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Herrmann, Richard: Med skjebnen i hånden, forlaget Cappelen, Oslo 1992, ISBN 82-02-13834-5
- Lodge, Edmund (1832): The Genealogy of the Existing British Peerage. Saunders and Otley.
- Ward, Adolphus W. (red.): The Cambridge Modern History. Cambridge, England: Cambridge University Press.