Opna hovudmenyen

Anne Jonsdotter (ca. 1602-1673) var ein norsk godseigarHelgeland.

Anne Jonsdotter
Død

1673

Foreldra hennar er ikkje kjende. Det er påstått at ho var av adelsslekta BenkestokkMeløy, men det er neppe rett. Det er meir sannsynleg at faren var ein innvandra skotte, Jon Sinclair, som budde på Tjøtta, men det er òg berre ein spekulasjon.

Anne Jonsdotter vart i 1624 gift med Petter Jakobson Falk som vart futHelgeland. Frå futegarden på Nord-Herøy og seinare frå garden Tjøtta samla dei seg eit stort jordegods. Då ho vart enkje ca. 1643, var samla landskyld 47 våg fiskeleige, men ho fortsette godssamlinga og i 1660 åtte ho gardar med ei samla landskyld på 56 våg. Om lag 90 bønder var leiglendinger på godset.

Som enkje var ho òg verje for Tjøtta, Herøy og Dolstad kyrkjer, og ho åtte ei jekt som vart brukt til å føre tørrfisk til Bergen.

Anne og Petter Falk fekk 9 born, blant dei Maren Pettersdotter Falk som var mor til diktarpresten Petter Dass.

KjelderEndra

  • Arnt O. Åsvang: Slekten Falch I (1979)
  • Kåre Hansen: Petter Dass - mennesket, makten og mytene (2006)