Opna hovudmenyen
Another Day
Singel av Paul McCartney
B-side «Oh Woman, Oh Why»
Utgjeve 19. februar 1971 (Storbritannia)
22. februar 1971 (USA)
Innspelt 12. oktober 1970
Sjanger Rock
Lengd 3:41
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
Another Day «Uncle Albert/Admiral Halsey»
(1971)


«Another Day» er ein song spelt inn av Paul McCartney i New York i 1970 under innspelinga for albumet Ram. Sjølv om det var den første singelen Paul McCartney gav ut som soloartist, vart «Another Day» skriven og prøvespelt under innspelinga av Let It Be med The Beatles i 1969.[1][2][3] Singelen kom ut 19. februar 1971 i Storbritannia med «Oh Woman, Oh Why» som B-side.[4][5] Begge desse kom ut i 2012 som bonusspor til Ram.

Innhaldsliste

HistorieEndra

«Another Day» er skriven i ein observasjonsstil liknande «Eleanor Rigby». Denny Seiwell, som spelte trommer på Ram, kalla songen «'Eleanor Rigby' i New York City.»[6][7] Teksten skildrar det triste livet til ei kvinne.

Kona til Paul, Linda McCartney, syng vokalharmoni på songen. McCartney valte å føre opp Linda som medlåtskrivar på meir enn halvparten av songane på Ram, og gjorde dette på «Another Day» òg. Trass i at ho mangla musikalsk erfaring, insisterte han på at Linda hadde vore ein aktiv bidragsytar, og kome med verdifulle forslag til tekst og melodi.[8] Dette vart sidan rekna som forretningsmanøvrar i samband med rettshandlinga etter oppløysinga av The Beatles.[1] I juli 1971 saksøkte Northern Songs and Maclen Music Paul og Linda McCartney for brot på eksklusive rettar om samarbeid på «Another Day».[9] I juni 1972 annonserte ATV at «alle skilnadene mellom dei var løyst venskapleg» og Paul og Linda signerte ein ny sjuårig forlagssavtale mellom ATV og McCartney Music.[10]

McCartney har spelt songen på konsertar fleire gonger i løpet av åra. Første gongen var på verdsturneen hans i 1993 og så for første gong på 20 år i 2013 på Out There Tour.

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

Songen vart ein hit i USA og Storbritannia og nådde femteplassen i USA og andreplassen i Storbritannia i mars 1971.[11][12][13] I Australia låg songen ei veke på toppen av singellista I Frankrike gjekk songen òg til topps på singellista.

VekeslisterEndra

Liste (1971) Plassering
Australian KMR[14] 1
Den austerrikske singellista[15] 10
Den belgiske singellista (Flandern)[16] 10
Canadian RPM Top 100 Singles[17] 4
Canadian RPM MOR[18] 6
Den nederlandske singellista[19] 3
Irish Singles Chart[20] 1
Japanese Oricon Singles Chart[21] 6
Den norske VG-lista[22] 3
Sør-Afrika (Springbok Radio)[23] 7
Den spanske singellista[24] 1
Den sveitsiske singellista[25] 7
UK Singles Chart[12] 2
US Billboard Hot 100[13] 5
US Billboard Easy Listening[13] 4
Den vesttyske Media Control-lista[26] 6

ÅrslisterEndra

Liste (1971) Passering
Australia GoSet[27] 50
Canadian RPM Singles Chart[28] 58
Den nederlandske singellista[29] 64
Japanese Oricon Singles Chart[21] 43
U.S. Billboard Top Pop Singles[30] 60
U.S. Billboard Top Easy Listening Singles[30] 44

SalstalEndra

Region Salstal
Japan (Oricon)[21] 247 000+

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Janovitz, Scott. «Review of «Another Day»». Allmusic. Henta 28. august 2009. 
  2. Blaney, John (2007). Lennon & McCartney: Together Alone. Jawbone Books. 
  3. Blaney 2007, s. 40.
  4. Doggett, Peter (2009). You Never Give Me Your Money. Harper Collins Books. 
  5. Doggett 2009, s. 156.
  6. Carlin, Peter Ames (2009). Paul McCartney: A Life. Touchstone Books. 
  7. Carlin 2009, s. 211.
  8. Doggett 2009, s. 168.
  9. «McCartney and Wife Sued on 'Another Day' Recording», New York Times, 23. juli 1971, p. 15.
  10. Perry, Rupert. Northern Songs: The True Story of the Beatles Song Publishing Empire (2006)
  11. Rees, Dafydd; Crampton, Luke (1991). Rock Movers & Shakers. Billboard Books. 
  12. 12,0 12,1 «Paul McCartney > Artists > Official Charts». The Official UK Charts Company. Henta 18. mai 2018. 
  13. 13,0 13,1 13,2 «Allmusic: Paul McCartney: Charts & Awards». allmusic.com. Henta 2. mai 2013. 
  14. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  15. «Paul McCartney – «Another Day» – austriancharts.at» (ASP) (på tysk). Henta 18. mai 2018. 
  16. «ultratop.be Paul McCartney – «Another Day»» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). Ultratop. Henta 18. mai 2018. 
  17. «Top Singles - Volume 15, No. 12». RPM. 8. mai 1971. Henta 18. mai 2018. 
  18. «Adult Contemporary - Volume 15, No. 15». RPM. 29. mai 1971. Henta 18. mai 2018. 
  19. «dutchcharts.nl Paul McCartney – «Another Day»» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 18. mai 2018. 
  20. «Search the Charts». Irish Recorded Music Association. Arkivert frå originalen (enter «Paul Mc Cartney» into the «Search by Artist» box, then select «Search») 21. juli 2011. Henta 18. mai 2018. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Okamoto, Satoshi (2011). Single Chart Book: Complete Edition 1968-2010 (på Japanese). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. ISBN 4-87131-088-4. 
  22. «norwegiancharts.com Paul McCartney – «Another Day»» (ASP). VG-lista. Henta 18. mai 2018. 
  23. {http://www.rock.co.za/files/sa_charts_1969_1989_songs_(A-B).html%7Caccessdate=17. januar 2018}}
  24. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  25. «Paul McCartney – «Another Day» – hitparade.ch» (ASP) (på tysk). Henta 18. mai 2018. 
  26. «Single Search: Paul McCartney – «Another Day»» (på tysk). Media Control. Henta 20. februar 2013. 
  27. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1971/top1971.html
  28. «RPM 100 Top Singles of 1971». RPM. 8. januar 1972. Henta 18. mai 2018. 
  29. «Dutch charts jaaroverzichten 1971» (ASP) (på nederlandsk). Henta 18. mai 2018. 
  30. 30,0 30,1 Nielsen Business Media, Inc (25. desember 1971). Billboard – Talent in Action 1971. Henta 1. mai 2014. 

BakgrunnsstoffEndra