Antioquiabørstetyrann

art av sporvefuglar

Antioquiabørstetyrann (Phylloscartes lanyoni) er ein fugl i tyrannfamilien som er endemisk for Colombia. Dei kjente leveområda for arten ligg på små areal sentralt i Magdalenadalen og opp mot sidene av Andes, i departementa Antioquia, Caldas, Cundinamarca og Boyacá.

Antioquiabørstetyrann
Antioquiabørstetyrann
Antioquiabørstetyrann
Utbreiing og status
Status i verda: Utbreiinga av Antioquiabørstetyrann
Utbreiinga av Antioquiabørstetyrann
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tyrannfamilien Tyrannidae
Slekt: Pogonotriccus
Art: Antioquiabørstetyrann P. lanyoni
Vitskapleg namn
Pogonotriccus lanyoni

Skildring

endre

Fjørdrakta til denne tyrannen er i olivengrønt med gul underside. Krona er grå, kinnet er lyst med små svarte flekker, og dei har kvit augering. Kroppslengda med hale er 11 centimter og dei veg ca. 8 gram. Antioquiabørstetyrannar lever i lauvskog, frå 450 til 900 moh.[1]

Populasjonen er estimert til å ligge mellom 1000 og 2500 individ og minkar. Arten er klassifisert som sterkt truga.[2]

Kjelder

endre
Referansar
  1. Fitzpatrick, 2004
  2. BirdLife International (2015)