Tyrannfamilien
Tyrannar, Tyrannidae, er ein familie av sporvefuglar, ordenen Passeriformes. Dette er ein familie med utbreiing utelukkande i «den nye verda», og finst i heile Nord- og Sør-Amerika, men i hovudsak har dei ein tropisk distribusjon. Dette er den største gruppa av fugleartar som er samla i ein familie, han har ca. 450 artar.[1] Dette er òg den mest artsrike familien i alle amerikanske land, bortsett frå i USA og Canada. Ikkje uventa for ein familie med så mange artar, så varierer medlemmene sterkt både i form, mønstre og fargar. Nokre tyrannar liknar tilsynelatande på flugesnapparar i «den gamle verda».
Tyrannfamilien | |
Saksetyrann Tyrannus forficatus | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av tyrannfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Tyranni |
Infraorden: | Tyrannida |
Familie: | Tyrannfamilien Tyrannidae Vigors, 1825 |
Skildring
endreDei fleste, men ikkje alle, er ganske lite iaugefallande, og mange har oppreist fjørtopp på hovudet. Som namnet på engelsk ymtar om, 'Tyrant flycatcher', er dei fleste insektetarar, men somme tar frukt eller små virveldyr, for eksempel små froskar. Dei to minste artane i familien, korthaleknøttyrann og svartkroneknøttyrann, er nært i slekt. Med ei total lengd på berre 6,5-6,8 cm og ei vekt på 4-5 gram, så er dette den minste sporvefuglen på jorda. Den største tyrannen er den store storrovtyrann på 29 cm og 88 gram. Nokre få artar som strimmelhaletyrann og gaffeltyrann har ei større totallengd, hovudsakleg på grunn av lange stjertfjør.
Habitat og distribusjon
endreArtsrikdommen i Tyrannidae varierer mykje med habitat. Habitat i eviggrøne tropiske skogar har høgast utval av artar. Minst diversitet har mellom anna habitat med palmeskog, elver, høglandsmåskog og nordlege grassletter. Tyrannane er svært spesialiserte i eviggrøne tropiske skogar, til dømes har slike habitat i lågland 49 endemiske artar og i eviggrøne tropiske skogar høgland 46 endemiske artar. Den søratlantiske kysten har signifikant høgast artsmangfald, med Manabí-Tumbes regionen tett bak.
Vernestatus
endrePer januar 2024 er to artar av tyrannar kategoriserte som kritisk truga (CR), ni artar er sterkt truga (EN) og nitten er sårbare (VU) i global raudliste. Dei kritisk truga artane er:
- Alagoasbladdansar, Phylloscartes ceciliae, Alagoas Tyrannulet, Teixeira, 1987, (CR)
- Vurdert 13. august 2020, leveområde i nordaustlege Brasil (Alagoas og Pernambuco), populasjon minkande med 50-250 modne individ[2]
- Fuglekongetyrann, Calyptura cristata, Kinglet Calyptura, (Vieillot, 1818), (CR)
- Vurdert 1. oktober 2016, leveområde nær Rio de Janeiro med færre enn 50 individ[3]
Systematikk
endreEtter somme nyare inndelingar av grupper i biologisk systematikk er ei rekkje artar (ca. 30 artar) som tidlegare var inkludert i Tyrannidae no skilt ut i familien Tityridae.
Tyrannar er medlemmer av underorden Tyranni, artar av Passeriformes som ikkje har avanserte songevner.
Slektoversyn
endreSlekter av tyrannar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]
- Slekt Ornithion (3 artar tyrannulettar)
- Slekt Camptostoma (2 artar tyrannulettar)
- Slekt Suiriri (2 artar)
- Slekt Mecocerculus (6 artar tyrannulettar)
- Slekt Anairetes (6 meisetyrannar)
- Slekt Uromyias (2 meisetyrannar)
- Slekt Phaeomyias (bruntyrannulett)
- Slekt Nesotriccus (cocotyrann)
- Slekt Capsiempis (gultyrann)
- Slekt Polystictus (2 artar)
- Slekt Pseudocolopteryx (5 artar doraditoar)
- Slekt Tyrannulus (prinsetyrann)
- Slekt Myiopagis (7 artar eleniaer)
- Slekt Elaenia (19 artar eleniaer)
- Slekt Serpophaga (6 artar tyrannulettar)
- Slekt Mionectes (5 artar)
- Slekt Leptopogon (4 artar)
- Slekt Phylloscartes (23 artar børstetyrannar og bladdansarar)
- Slekt Phyllomyias (13 artar lauvtyrannar)
- Slekt Zimmerius (13 artar tyrannulettar)
- Slekt Sublegatus (3 artar krattyrannar)
- Slekt Inezia (4 artar tyrannulettar)
- Slekt Myiotriccus (ornattyrann)
- Slekt Tachuris (fagertyrann)
- Slekt Culicivora (pigghaletyrann)
- Slekt Pseudotriccus (3 artar dvergtyrannar)
- Slekt Corythopis (2 artar maurtyrannar)
- Slekt Euscarthmus (2 artar pygmétyrannar)
- Slekt Pseudelaenia (ørkentyrannulett)
- Slekt Stigmatura (2 artar viftetyrannar)
- Slekt Myiornis (4 artar knøttyrannar)
- Slekt Lophotriccus (4 artar alvetyrannar)
- Slekt Atalotriccus (småalvetyrann)
- Slekt Oncostoma (2 artar bogetyrannar)
- Slekt Hemitriccus (22 artar todityrannar)
- Slekt Poecilotriccus (12 artar todityrannar)
- Slekt Taeniotriccus (svartbrysttyrann)
- Slekt Todirostrum (7 artar todityrannar)
- Slekt Cnipodectes (2 artar vrivengtyrannar)
- Slekt Rhynchocyclus (4 artar flatnebb)
- Slekt Tolmomyias (6 artar)
- Slekt Neopipo (kanelbuktyrann)
- Slekt Calyptura (fuglekongetyrann)
- Slekt Platyrinchus (7 artar spadenebb)
- Slekt Onychorhynchus (krontyrann)
- Slekt Terenotriccus (raudhaletyrann)
- Slekt Pyrrhomyias (kaneltyrann)
- Slekt Hirundinea (klippetyrann)
- Slekt Nephelomyias (3 artar)
- Slekt Myiobius (4 artar)
- Slekt Myiophobus (6 artar)
- Slekt Lathrotriccus (2 artar)
- Slekt Aphanotriccus (2 artar)
- Slekt Xenotriccus (2 artar)
- Slekt Mitrephanes (2 topptyrannar)
- Slekt Contopus (14 artar pipiar)
- Slekt Cnemotriccus (bruntyrann)
- Slekt Empidonax (15 artar empidar)
- Slekt Sayornis (3 artar fibiar)
- Slekt Pyrocephalus (rubintyrann)
- Slekt Lessonia (2 artar negritoar)
- Slekt Knipolegus (12 artar soltyrannar)
- Slekt Hymenops (brilletyrann)
- Slekt Ochthornis (elvetyrann)
- Slekt Satrapa (satraptyrann)
- Slekt Muscisaxicola (13 artar marktyrannar)
- Slekt Agriornis (5 artar rovtyrannar)
- Slekt Xolmis (8 artar)
- Slekt Myiotheretes (4 artar)
- Slekt Cnemarchus (raudstjerttyrann)
- Slekt Polioxolmis (raudvengtyrann)
- Slekt Neoxolmis (trasttyrann)
- Slekt Gubernetes (strimmelhaletyrann)
- Slekt Muscipipra (svanstyrann)
- Slekt Fluvicola (3 artar vasstyrannar)
- Slekt Arundinicola (kvithovudtyrann)
- Slekt Alectrurus (2 artar)
- Slekt Tumbezia (tumbestyrann)
- Slekt Ochthoeca (10 artar)
- Slekt Colorhamphus (patagoniatyrann)
- Slekt Colonia (pendeltyrann)
- Slekt Muscigralla (korthaletyrann)
- Slekt Machetornis (kvegtyrann)
- Slekt Ramphotrigon (3 artar flatnebb)
- Slekt Attila (7 artar attilaer)
- Slekt Sirystes (4 artar inkludert sirystestyrann)
- Slekt Casiornis (2 artar raudtyrannar)
- Slekt Rhytipterna (3 artar sørgjetyrannar)
- Slekt Myiarchus (22 artar)
- Slekt Deltarhynchus (torntyrann)
- Slekt Pitangus (2 artar kiskadiar)
- Slekt Megarynchus (båtnebbtyrann)
- Slekt Myiozetetes (4 artar)
- Slekt Phelpsia (llanostyrann)
- Slekt Conopias (4 artar)
- Slekt Myiodynastes (5 artar)
- Slekt Legatus (pirattyrann)
- Slekt Empidonomus (2 artar)
- Slekt Tyrannopsis (svoveltyrann)
- Slekt Tyrannus (13 artar kongetyrannar)
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tyrant flycatcher frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- BirdLife International (2007). Species factsheets. Lest 12. desember 2007
- Adopt the Family Tityridae - South American Classification Committee (2007)
Referansar
endre- ↑ BirdLife International (2023). IUCN Red List of Threatened Species. Henta 28. januar 2024.
- ↑ BirdLife International (2020). «Phylloscartes ceciliae». IUCN Red List of Threatened Species 2020. Henta 28. januar 2024.
- ↑ BirdLife International (2018). «Calyptura cristata». IUCN Red List of Threatened Species 2018. Henta 28. januar 2024.
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018