«Apricot Stone»
Singel av Eva Rivas
Land Armenia
Språk Engelsk
Utgjeve 2010
Sjanger Pop
Lengd 3:02
Låtskrivar(ar) Armen Martirosyan og Karen Kavaleryan

«Apricot Stone» (engelsk for Aprikosstein, armensk «Ծիրանի Կորիզ») var det armenske bidraget i Eurovision Song Contest 2010, framført på engelsk av Eva Rivas.

«Apricot Stone»
Eurovision Song Contest 2010
Land Armenia
Artist(ar) Eva Rivas
Språk Engelsk
Komponist(ar) Armen Martirosyan
Låtskrivar(ar) Karen Kavaleryan
Resultat
Semifinalepoeng 83
Semifinaleplass 6
Finalepoeng 141
Finaleplass 7
Armenia i Eurovision Song Contest
«Jan Jan»
(2009)
«Apricot Stone» «Boom Boom»
(2011)

Eurovision Song Contest 2010 endre

Songen starta som nummer to i den andre semifinalen, etter Litauen med «Eastern European Funk» av InCulto og før Israel med «Milim» av Harel Skaat.

Bidraget fekk tolv poeng frå Israel og Kypros, ti poeng frå Nederland, Romania og Georgia, åtte poeng frå Ukraina og Bulgaria, fem poeng frå Sverige, fire poeng frå Tyrkia, tre poeng frå Sveits og eitt poeng frå Litauen. Armenia fekk til saman 83 poeng og enda på sjetteplass av totalt 17 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 90 poeng og enda på sjetteplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 84 poeng og enda på femteplass.

Songen starta som nummer 21 i finalen, etter Russland med «Lost and Forgotten» av Peter Nalitch and Friends og før Tyskland med «Satellite» av Lena.

Bidraget fekk tolv poeng frå Russland, Israel og Nederland, ti poeng frå Georgia, åtte poeng frå Spania og Bulgaria, sju poeng frå Kypros, Belgia, Hellas og Tyskland, seks poeng frå Moldova, Tyrkia, Ukraina, Frankrike og Romania, fem poeng frå Kviterussland og Polen, fire poeng frå Slovakia og Makedonia og eitt poeng frå Serbia, Latvia og Sverige. Armenia fekk til saman 141 poeng og enda på sjuandeplass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 166 poeng og enda på fjerdeplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 116 poeng og enda på tiandeplass.

Kjelder endre