Den arabiske verda

(Omdirigert frå Arabarlanda)

Den arabiske verda (arabisk العالم العربي, Al-Alam Al-Arabi) er eit område som strekkjer seg frå Oman i aust til Mauritania i vest som famnar om 22 land med ein samla befolkning på over 330 millionar. Med unntak av Saudi-Arabia var den arabiske verda under vestleg kolonistyre fram til kort tid etter den andre verdskrig så då vart til meir eller mindre sjølvstendige statar. Den arabiske ligaen vart oppretta i 1945 som felles organisasjon for dei arabiske landa. Den tidlegare presidenten i Egypt, Gamal Abd al-Nasser, prøvde å samle den arabiske verda i Den sameinte arabiske republikken som bestod av Egypt og Syria.

Kart over den arabiske verda.

Sjå også

endre