Argentinsk monte

økoregion med tørt tornekratt og grassletter i Argentina

Argentinsk monte er ein økoregion med tørt tornekratt og grassletter i Argentina. Det er eit av dei tørraste områda i landet. Menneskelege busetjingar finst hovudsakleg nær vasskjelder som elvar eller oasar. Avskoging og overbeiting rundt desse busetjingane har forårsaka ørkenspreiing.

Argentinsk monte
Økoregion
Cardon-kaktus Leucostele terscheckii og guanakoar. Frå Los Cardones nasjonalpark i Saltaprovinsen i den nordlege randsona av regionen.
Land  Argentina
Areal 408 961 km²

Lokasjon

endre

Argentinsk monte ligg i det nord-sentrale Argentina og dekkjer eit areal på mellom 408 961 [1] og 470 000 km².[2][3] Området ligg aust for Andesfjella og strekkjer seg frå Salta-provinsen i nord til Chubut-provinsen i sør. Monte er nokre gongar skildra som eit sørleg[2] og eit nordleg[3] monte. Økoregionen strekkjer seg frå Andesfjellas austlege fotområde og i sør ut til Atlanterhavet. I sør og sørvest glir området over i patagoniasteppa. I nordlege delar grensar argentinsk monte til tørr chaco i aust og til yungas og puna i nord og vest.[4][2][3][1]

Valdéshalvøya er ei stor halvøy som stikk ut i Atlanteren lengst nord ved Chubut-kysten. Ho er påverka av det maritime klimaet, ofte ikkje rekna som ein del av monte, men floristisk sett tilhøyrer halvøya monte.[5]

Fysiske kjenneteikn

endre

Høyden varierer frå havnivå langs Atlanterhavskysten til 2 800 meter i vest. Regionen inkluderer delar av nedbørsfelta til Río Negro og Río Colorado. Lagunas de Guanacache, Desaguadero y del Bebedero i Mendoza-provinsen utgjer det viktigaste våtmarksområdet i økoregionen og er utpeika som eit Ramsar-område. Dette er ei lang kjede av lagunar og sumpområde som blir mata av Mendozaelva og San Juan-elva og drenerer inn i Desaguadero-elva. Innsjøane og bekkene er for det meste sesongbaserte eller periodiske.

Økoregionen er den klart tørraste delen av Argentina. Köppens klimaklassifikasjon for området er BSk: tørr steppe, kald ørken. Årleg nedbør er mellom 80 og 250 millimeter. I dei nordlege og sentrale delane er det meir regnet om sommaren, medan i det kaldare sør er den månadlege nedbøren jamnare fordelt. Ved eit målepunkt på koordinatane 38,25°S, 67,25°V varierer gjennomsnittstemperaturen frå 6,3 °C i juli til 23,1 °C i januar. Den årlege snittet er 15 °C. Den årlege nedbøren er omtrent 175 millimeter, med månadleg nedbør som varierer frå 5,4 millimeter i juli til 25,7 millimeter i oktober.

Fauna

endre

Monte husar ein variert virveldyrfauna, med mange artar som også har tilknyting til pampas, chaco og patagoniaørkenen.

Ein finn totalt ca. 60 artar av pattedyr, av dei ca. 30 gnagarar, inkludert ni artar og to slekter som er endemiske gnagarar. Vanlege gnagarar inkluderer tre marsvinartar. (Microcavia australis, Galea musteloides og Dolichotis patagonum.) Andre typiske artar er den store gnagaren pampasviscacha (Lagostomus maximus) og kamrotter. Blant 13 artar av kjøtetarar finst tre reveartar, medlemmar i mårfamilien og fleire små kattedyr. To artar av børstebeltedyr og det endemiske kappebeltedyr (Chlamyphorus truncatus) tilhøyrer også den særprega faunaen til regionen.[5]

Fuglar er den mest mangfaldige gruppa med 235 artar,[5] og fem til åtte artar av dei som er endemiske for Argentina hekkar i monte. Nokre framståande artar er stornandu og mange tinamuar, medan sporvefuglar utgjer den største gruppa. Blant dei endemiske sporvefuglane kan nemnast kolsporv (Rhopospina carbonaria), argentinasporv (Poospiza ornata), montesporv (Sicalis mendozae), kvithaketornskrikje (Pseudoseisura gutturalis) og rustvengkorgfugl (Pseudasthenes steinbachi).[6]

Blant 63 artar reptil er 19 endemiske, med slekta Liolaemus som den mest representative. Andre kjende artar inkluderer øgler som Leiosaurus og raud teju (Salvator rufescens), ein medlem av tejufamilien, Teiidae. Dessutan finst fleire slangeartar og to skjelpaddeartar, den eine er endemisk.[5]

Amfibium er svært sjeldan, og gruppa er utan endemiske artar i monte. Typiske representantar er padder og froskar.

Leddyra er den mest mangfaldige dyregruppa i monte, med minst 49 endemiske slekter. Insektordenane Coleoptera og Hymenoptera er spesielt rike, der familiane Tenebrionidae og Scarabeidae blant billene, og superfamiliane Apoidea og Vespoidea blant årevengjene, har høg del endemiske artar. Regionen har også mange unike valseedderkoppar.

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Dellafiore, Claudia, Southern South America: Southern Argentina, stretching northward (NT0802), WWF: World Wildlife Fund, henta 26. november 2024 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Monte de Llanuras y Mesetas». Jefatura de Gabinete de Ministros, Argentina (Leiar av ministerkabinettet), argentina.gob.ar. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Monte de Sierras y Bolsones». Jefatura de Gabinete de Ministros, Argentina (Leiar av ministerkabinettet), argentina.gob.ar. 
  4. Abraham, Elena; H.F. del Valle; F. Roig; L. Torres; J.O. Ares; F. Coronato; R. Godagnone (2009). «Overview of the geography of the Monte Desert biome (Argentina)» (PDF). Journal of Arid Environments (Elsevier) 73: 144––153. doi:10.1016/j.jaridenv.2008.09.028. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 P.W. Rundel, P.E. Villagra, M.O. Dillon, S. Roig-Juñent, G. Debandi (2015). «10 Arid and Semi-Arid Ecosystems». I Veblen, T.T., Young, K.R., Orme, A.R. The Physical Geography of South America, Oxford Regional Environments. Oxford University Press. s. 158-169. ISBN 9780190286057. 
  6. Areta, Juan I and Pearman, Mark and Ábalos, Raúl (2012). «Taxonomy and Biogeography of the Monte Yellow-Finch (Sicalis mendozae): Understanding the Endemic Avifauna of Argentina’s Monte Desert». The Condor (Oxford University Press) 114: 654––671. doi:10.1525/cond.2012.110052. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Argentinsk monte