Montesporv
Montesporv (Sicalis mendozae) er ein sporvefugl i tanagarfamilien Thraupidae og slekta Sicalis. Arten er endemisk for Argentina.
Montesporv | |
Montesporv | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av montesporv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarar Thraupidae |
Slekt: | Sicalis |
Art: | Montesporv S. mendozae |
Vitskapleg namn | |
Sicalis mendozae |
Arten vart først skildra i 1888 av den engelske zoologen Richard Bowdler Sharpe som Pseudochloris mendozae, med Mendoza, Argentina, som typeområde. Namnet Sicalis stammar frå det greske ordet for ein liten fugl, medan artsnamnet mendozae viser til opphavsstaden.
Taksonomi
endreMontesporv vart tidlegare rekna som ein underart av gusjesporv (Sicalis olivascens), som lever i Andesfjella. Ein studie frå 2012 fastslo at det er to separate artar baserte på morfologi, song, økologi og utbreiing. Sør-Amerikas klassifikasjonskomité (SACC) anerkjende montesporven som eigen art i 2012. Fugleslekta Sicalis har per 2024 13 artar totalt, av desse har hannfuglar i 12 artar i stor grad gul fjørdrakt. Alle medlemmene av slekta er klassifiserte som livskraftige av Verdas naturvernunion.
Skildring
endreMontesporven er 13,5 til 14 cm lang og veg ca. 17-20 gram. Hannen har ei gjennomgåande gul fjørdrakt, undersida er intenst gul. I hekkedrakta er lysare utan olivenfarga tonar på strupe og bryst, hovudet gyllent gult. Hoa er gråbrun, gulfarga på strupeområdet, buk og undergump. Hoa liknar den nært nærståande patagoniasporv (Sicalis lebruni), men skil seg ut med olivenfarga overgump.[1]
Den komplekse songen og lætet er viktige for å skilje montesporv frå andre artar. Han kan imitere andre fuglar, men songen held fram med å vere karakteristisk over heile utbreiingsområdet.
Økologi og utbreiing
endreMontesporven er endemisk for den nordlege delen av den tørre økoregionen argentinsk monte, Monte de Sierras y Bolsones, i det vestlege Argentina. Utbreiingsområdet femnar om delar av provinsane Tucumán, Catamarca, La Rioja, San Juan, San Luis og sør til Mendoza. Han er ikkje ein trekkfugl, men gjennomfører høgdemigrasjonar, der han flyttar ned til lågare høgder om vinteren.
Arten lever i bratte skråningar og tørre låglandsområde. Han er alopatrisk med gusjesporv, som føretrekkjer høgareliggjande stepper, grassletter og krattområde.
Montesporven et frø, skot frå urter, små frukter og insekt. Arten er mellom anna verna i nasjonalparken Sierra de las Quijadas.
Fylogenetiske relasjonar
endreBasert på fjørdrakt og songmønster blir montesporven trudd å vere nært i slekt med punasporv (Sicalis lutea) og patagoniasporv. Han er foreslått som systerart til sistnemnde.
Kjelder
endre- Første versjon av denne artikkelen var baset på «Sicalis mendozae» frå Wikipedia på spansk, den 29. november 2024
- Referansar
- ↑ del Hoyo, J., N. Collar, og G. M. Kirwan (2020). Monte Yellow-Finch (Sicalis mendozae), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.monyef1.01