Rustvengkorgfugl
Rustvengkorgfugl (Pseudasthenes steinbachi) er ein fugleart i omnfuglfamilien Furnariidae. Han er endemisk for Argentina.
Rustvengkorgfugl | |
Rustvengkorgfugl | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av rustvengkorgfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Omnfuglar Furnariidae |
Slekt: | Pseudasthenes |
Art: | Rustvengkorgfugl P. steinbachi |
Vitskapleg namn | |
Pseudasthenes steinbachi |
Skildring
endreRustvengkorgfuglen er 15 til 16 cm lang og veg 14 til 20 gram. Kjønna har lik fjørdrakt. Vaksne fuglar har gråbrunt ansikt, krona og ryggen er matt gråbrune, overgumpen er kastanjebrun. Vengene er for det meste raudbrune med mørkegrå til svarte ytre halvdelar av flygefjørene. Undersida er lyst gråleg, og flankane og underhaledekket er raudbrune eller bleike kanelbrune. Irisen er brun til mørkebrun, nebbet er svart til mørkebrunt, og beina og føtene er brune til svarte.[1]
Utbreiing og habitat
endreRustvengkorgfuglen finst i det vestlege Argentina frå det sørlege Salta-provinsen sørover til provinsane Neuquén og Río Negro. Han lever i tørt habitat i fjell med krattskogar, der han føretrekkjer ravinar, og dessutan i skoglandskap. Han finst i høgder frå 500 til 3 000 moh. Lite er kjend om dietten eller matingsåtferda til rustvengkorgfuglen. Dei sest vanlegvis åleine eller i par og blir anteken å plukke leddyr frå bakken og frå låg vegetasjon.[1]
Rustvengkorgfuglen er for det meste stadbunden, men nokre individ i høgare høgder trekkjer til lågare område etter hekkesesongen.
Reproduksjon
endreRustvengkorgfuglen blir trudd å hekke i den australe våren og sommaren, og han er truleg monogam. Reiret er ein kuleforma struktur av tornete kvister med ein sideinngang, typisk plassert i ein busk 2 til 5 meter over bakken. Reirhòla er fora med mjukare plantemateriale, hår og fjør. Kullet består vanlegvis av to eller tre egg.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen er byggjer på «Steinbach's canastero» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2025
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Remsen, Jr., J. V. (2020). Steinbach's Canastero (Pseudasthenes steinbachi), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.stecan1.01
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Rustvingekurvfugl hos Artsdatabanken
- (en) Rustvingekurvfugl i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Rustvingekurvfugl hos NCBI
- (en) Kategori:Pseudasthenes steinbachi – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Pseudasthenes steinbachi – detaljert informasjon på Wikispecies