Koordinatar: 59°55′6.7764″N 10°43′54.934″E

Grotten er brukt av den norske staten som æresbustad for kunstnarar.

Grotten
Foto: Mahlum

Grotten er rekna som Noregs første sveitserhus, truleg teikna av arkitekt Linstow. Det enkle huset ligg vent til på ein fjellkanus i utkanten av Slottsparken i Oslo sentrum med adresse Wergelandsveien 2. Bygningen er eit lafta og panelt tømmerhus frå 1841, reist av Henrik Wergeland. Tomta hadde opphavleg vore ein del av den opne Bymarka. Wergeland kjøpte tomta i januar 1841 og fekk bygd huset ved hjelp av bygningsfolk som faren hans, Nicolai Wergeland, skaffa frå Eidsvoll. Huset var ferdig til innflytting 17. mai 1841 som vart ein festdag for Henrik Wergeland og den unge hustrua hans, Amalie Sofie. Då eit svalepar snart tok bustad under takskjegget på uthuset, dikta Wergeland «Omen accipio», dvs ’eg tek varsel’. Diktet byrjar med orda: «Nu blev mit Hus velsignet / en Svale fløi derind».

Området vart kalla Grønnebergløkka og skrenten som eigedommen no har namn etter, vart kalla Skredderkneika. Her var det vorte teke ut broleggingsstein (diabas eller grønstein) til gatene til byen og til Slottsplassen, og det hadde skapt den djupe kløfta. I staden for å fylle han igjen, bygde Wergeland ein portal og ein terrasse over, slik at det verkeleg vart ei grotte. Wergeland fekk hjelp til arbeidet av venen, slottsarkitekt Linstow. Huset er saman med vaktbygningen ved Slottet (og Linstows eige hus i Wergelandsveien, reve i 1950-åra) eit av dei første døma på «Den nye træstil» som etterkvart fekk namnet sveitserstil. Sveitzerstilen vart seinare meir utbrodert enn han var på Wergelands tid.

Wergeland brukte grotta under huset som utstillingssted for alle moglege raritetar han samla. I dag står det ei byste av Wergeland i Grotten, som er open for publikum 17. mai.

Sidan 1922 har Grotten vore staten sin æresbustad for fortente kunstnarar, og tre av dei kjende norske kunstnarane på1900-talet har hatt huset som bustad. I åra etter 1978 var det snakk om å gjere det om til både barnehage og Wergelandsmuseum.

Historie endre

  • 1841 Henrik Wergeland kjøpte tomta i januar og lét byggje Grotten. Flytta inn med kona si, Amalie Sofie, 17. mai same år.
  • 1845 På grunn av økonomiske problem måtte Wergeland, som då var uhelbredeleg sjuk, selje Grotten. Han vart kunngjort for sal 19. jan. Kort tid etter var hust selt til forleggjaren og venen Christian Tønsberg, men Wergeland fekk bu i huset til flyttedag 15. april.
  • 1847 Tønsberg selde eigedomen til tollkasserer Peter Moe.
  • 1868 August L. Sanne, den første sjefen for den nystartede banken Christiania Bank og Kreditkasse kjøpte eigedomen for 6 000 speciedaler. Han oppførte seinare ei tenarfløy langs Wergelandsveien, denne vart riven i 1921.
  • 1888 Grosserer Sunde kjøpte eigedomen av Sanne.
  • 1922 Staten kjøpte Grotten av familien Sunde, året etter fru Sundes død.
  • 1924 Komponisten Christian Sinding flytta inn som første kunstnaren.
  • 1941 Sinding døydde
  • 1946 Diktaren Arnulf Øverland flytta inn.
  • 1968 Øverland døydde, men enka Margrete Aamot Øverland vart buande der i ti år.
  • 1978 Huset vart lenge ståande tomt, men etter kvart rehabilitert.
  • 1981 Komponisten Arne Nordheim flytta inn saman med kona si, interiørarkitekt Rannveig Getz.
  • 2011 Rannveig Getz flyttar ut og gir plass til diktaren Jon Fosse.

Bakgrunnsstoff endre