Arthur Johan Ratche (31. januar 188427. november 1956) var ein norsk journalist og forfattar, fødd i Bardal (då i HemnesHelgeland) av foreldra Ane Helene Jensdtr. frå Sund og Georg Martin Ratkje frå Bergen. Han vart gift i Trondheim 18.09. 1015 med Agathe van Severen og døydde i Oslo.

Arthur Ratche

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1884
Død

27. november 1956 (72 år)

Yrke journalist

Arthur Ratche tok middelskole i Mosjøen og vart sidan journalist i Trondheim og Oslo.

Da ungdomsskolen på Solhov i 1914 var blitt åpnet, var den norske nasjonale bevissthet blant elevene så liten, at det var vanskelig for deira lærere å få dem til å synge «Ja vi elsker» og «Gud signe Norigs land».

A. Ratche i Finsk fare for Finnmark

I ein artikkelserie i Morgenbladet i 1935, publisert i boka Finsk fare for Finnmark som kom i 1936, advarte han mot at delar av landet med stort kvensk innslag i framtida kunne bli ein del av eit storfinsk rike, sidan kvenane heldt på det kvenske språket og i liten grad gjekk opp i norsk kultur. Han meinte samane var meir nøytrale i denne spenninga, men advarte om at dei i tilfelle ei folkerøysting om tilslutning til Noreg eller Finland ville røyste slik dei sjølve fann det mest fordelaktig.

I 1937 fekk han Petter Dass-medaljen for aktivt arbeid i Nordlændingernes Forening og for Nord-Noreg.

Bibliografi: endre

  • 1930: Forlags- eller haandverksmæssig bundne bøker
  • 1935: Helgeland
  • 1936: Finsk fare for Finnmark
  • 1941: 75 års kolonialhistorie 1866 - 20. april - 1941 : Joh. Johannson kolonial en gros Oslo

Kjelder endre