Arve Brunvoll
Arve Brunvoll (fødd 17. juni 1937)[1] er ein norsk prest, salmediktar og teolog fødd i Molde. Han har arbeidd med ei rekkje emne innanfor filosofi og teologi og har vore tilknytt NLA Høgskolen i Bergen gjennom ei årrekkje. Han har skrive eller omsett salmar som «Min hyrding er vår Herre Gud», «Å kom, å kom Immanuel» og «Deg å få skode».
Arve Brunvoll | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. juni 1937 (87 år) |
Yrke | omsetjar |
Utdanning og yrkesliv
endreBrunvoll studerte teologi ved frå Menighetsfakultetet i Oslo. Han tok teologisk embetseksamen i 1962 og praktisk-teologisk eksamen i 1963. I tida 1964-65 var han skuleungdomsprest i Stavanger for NKSS.[1]
I 1968 tok han doktorgraden (Ph.D.) ved Universitetet i Glasgow med ei avhandling som tok for seg filosofi og teologi innan moderne etikk.[2] Same året blei han tilsett ved Norsk Lærerakademi (no NLA Høgskolen) i Bergen som amanuensis (seinare førsteamanuensis) i systematisk teologi. Frå 1992 til 1995 var han rektor ved høgskulen.
Brunvoll spesialiserte seg på filosofen Ludwig Feuerbach, og tok i 1997 endå ei doktorgrad ved Universitetet i Bergen om Feuerbach og utviklinga av hans religionskritikk.[1] I 1998 blei han leiar for NLA sitt forskingsutval og i 1999 fekk han stilling som professor der, seinare professor emeritus.[3]
Frå 1990-talet var Arve Brunvoll engasjert i arbeid med Universitetet i Asmara og Den Evangeliske Kyrkja i Eritrea, der han mellom anna har vore med på å byggja opp kompetanse og stella til samarbeid.[1]
Brunvoll har òg delteke i ei rekkje utval, mellom anna Norsk teologisk nemnd for mellomkyrkjelege spørsmål, etikkutvalet i Kristelig legeforening og Liturgikommisjonen og Salmebokkomiteen til Den norske kyrkja.[1]
Litterært verk
endreBrunvoll har skrive sakprosa og både dikta og gjendikta salmar. I Norsk Salmebok finn ein til dømes ei rekkje salmar skrivne eller omsette av han.[4] Han har gjeve ut bøker og artiklar innan felt som etikk, humanisme, liturgi, hymnologi, teologihistorie og om Ludwig Feuerbach.[1]
Avhandlingar
endre- Fact and value - the modern confrontation of philosophy and theology in the field of ethics (doktorgradsavhandling, Universitetet i Glasgow, 1968)
- "Gott ist Mensch". Die Luther-Rezeption Ludwig Feuerbachs und die Entwicklung seiner Religionskritik (i Europäische Studien zur Ideen-und Wissenschaftsgeschichte, Bd. 3), Frankfurt am Main: Peter Lang, 1996.
Fagartiklar og bøker
endre- Norske kirkes bekjennelsesskrifter : ny oversettelse med innledning og noter (Oslo : Lunde, 1972)
- «Ideologiomgrepet i politisk og teologisk samanheng», i Samtale om kristendom og sosialisme (Oslo: Lunde, 1976)
- «Teologiske teser til spørsmålet om kyrkjeleg ulydnad mot staten» i Toralf Tveiten og Ole Øystese (red.): Frihet og statsmakt. Frie undervisningsinstitusjoner i et demokratisk samfunn (Oslo: Lunde, 1981)
- «Luthers salmar som bøn», i Ung Teologi 1992
- «Humanismen som menneskesyn» i Hva er et menneske? (Bergen: NLA-forlaget, 1996)
- «Religion etter religionskritikken : eit historisk og kritisk blikk på det religiøse menneskelege medvitet» i Religion og kultur : ein fleirfagleg samtale, bd. 4 (Oslo: Universitetsforlaget, 2009)
Lyrikk
endreSalmar:
- «Audmjukt kjem vi saman for ditt auga, Gud» (omsetjing etter ein tekst av J. Chirwa)
- «Deg å få skode er sæla å få» (omsetjing etter ein tekst av C.F. Butler)
- «Du far og herre, du som rår» (omsetjing etter ein tekst av John Greenleaf Whittier)
- «Du sette deg sjølv der dei lågaste sat» (omsetjing etter ein tekst av Hans Anker Jørgensen)
- «Før dagsens siste ljos døyr ut» (omsetjing av latinske «Te lucis ante terminum»)
- «Jerusalem, du by på Herrens høgd» (omsetjing etter ein tekst av Johan Matthaeus Meyfart)
- «Kom, Heilage ande»
- «Min hyrding er vår Herre Gud»
- «Om kjærleik er min song» (omsetjing etter ein tekst av Samuel Crossman)
- «Vi syng med takk og glede» (omsetjing av tysk kyrkjevise)
- «Å kom, å kom, Immanuel» (omsetjing av latinske «Veni, veni, Emmanuel» frå 1100-talet)
- «Å, kor djup er Herrens nåde» (omsetjing etter ein tekst av Frederick William Faber)
Anna:
- Kristnikvede med Knut Nystedt
- Fange og fri (omsett libretto av Britt G. Hallqvist)
- Halleluja! Lova Gud! 25 bibelske salmar (Bergen: Vest-Norsk Musikkforlag 1981)
- Ord frå alle æver, cd med Brunvoll sine salmar framført av Bergen Domkantori med kommentarar av Arve Brunvoll. (NRK Sangtimen)
- Wevers of wollen : the assumption of the Virgin, taletekst
Kjelder
endre«Arve_Brunvoll» i Store norske leksikon, snl.no.
- Bruvoll, Arve (29.11.1998), CV
- Eriksen, Elise Nyborg, 3. søndag i Advent, abcnyheter.no
- Fotnotar
Bakgrunnsstoff
endre- Litteratur
- Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0. Side 142.
- Nettlenkjer
- Bruvoll sin nettstad
- Liste over utgjevingar ved Bruvoll sin nettstad
- Oppslag i Store Norske Leksikon