Arve Uglum

norsk journalist

Arve Uglum (fødd 12. januar 1975) er ein norsk journalist og redaktør fødd i Skjolden i Luster kommune, oppvaksen i Kaupanger og busett i Sogndal. I 2020 vart han redaktør i Sogn Avis.[1]

Arve Uglum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1975 (49 år)
Skjolden Sjå dette på Wikidata
Yrke redaktør
Prisar Kringkastingssjefens språkpris

Han er kjend som reportar og programleiar for NRK TV og NRK Radio. Uglum er medforfattar av boka Grautmål basert på Uglum sitt eige radioprogram med same namn om dialektord frå Sogn og Fjordane.[2] Sidan 2013 har han vore programleiar for NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, etter at Oddgeir Bruaset, som han vann Kringkastingssjefens språkpris for i 2018.[3]

Han fekk Kringkastingsprisen 2020 frå Kringkastingsringen.[4]

Bibliografi

endre

Kjelder

endre
  1. Idar Stadheim & Marie Havnen. «Han blir ny redaktør for Sogn Avis». Firda. Henta 12. mai 2023. 
  2. Grautmål-omtale, Skald forlag, 2010
  3. Kommunikasjon, N. R. K. (31. januar 2019), «Arve Uglum kåra til vinnar av Språkprisen 2018», NRK, henta 4. oktober 2019 
  4. Kringkastingsprisen til Arve Uglum – Kringkastingsringen, henta 2. mars 2021 

Bakgrunnsstoff

endre