Arvidsjaurs kommun

kommune i Norrbotten len i Sverige
(Omdirigert frå Arvidsjaur kommune)

Arvidsjaur kommune er ein kommune i Norrbottens län i landskapet Lappland i Sverige. Kommunen har grensar mot nabokommunane Arjeplog, Jokkmokk, Älvsbyn, Piteå, Skellefteå, Norsjö, Malå og Sorsele. Administrasjonssenter i kommunen er Arvidsjaur.

Arvidsjaurs kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Del av Lappland i Sverige, Q18331966, Q61669431
Areal 6 126,32 km²
 - land 5 655,97 km²
 - vatn 470,35 km²
Folketal 6 529[1]  (2011)
Kart
Arvidsjaurs kommun
65°35′00″N 19°07′00″E / 65.583333333333°N 19.116666666667°E / 65.583333333333; 19.116666666667
Wikimedia Commons: Arvidsjaur Municipality

Etymologi endre

Namnet «Arvidsjaur» har ingenting med mannsnamnet Arvid å gjere, men kjem frå det umesamiske ordet árviesjávrrie, avleidd frå árvies («gåvmild» eller «den som gjev mykje») og jávrrie («sjø»), og syner til fisket i den nærliggande innsjøen med same namn. Aruens jäff var i 1607 namnet på den samebyen der Arvidsjaur kyrkje vart bygd.

Samisk språk endre

Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og Arvidsjaur inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Administrativ historikk endre

Sokndanninga i nordlege delar av Sverige var sein; Arvidsjaur sokn vart danna i 1606 ved oppdeling av Piteå sokn. Deretter var det nokre fleire oppdelingar fram til kommunalreformen i 1863, og landskommunen Arvidsjaur vart danna. Kommunen har ikkje blitt slått saman med andre kommunar, men har same grensar som soknet hadde i 1863. Mellom 1895 og 1962 utgjorde Arvidsjaur eit municipalsamhälle.

Geografi endre

 
Inlandsbanan i Arvidsjaur.

Arvidsjaur kommune ligg ved Inlandsbanan midt i landskapet Lappland, ca. 110 km sør for Polarsirkelen.

Tettstader endre

Arvidsjaur kommune hadde tre tettstader (tätorter) i 2005. I tabellen er folketalet per 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1 Arvidsjaur 4644
2 Glommersträsk 306
3 Moskosel 299

Småstader endre

Arvidsjaur hadde fire småstader (tätorter) i 2005. I tabellen er folketalet per 31. desember 2005.

# Småstad Innbyggjarar
1 Abborträsk 143
2 Lauker 77
3 Auktsjaur 63
4 Järvträsk 51

Næringsliv endre

Næringslivet i kommunen er dominert av skogsindustrien, turistnæring og av offentleg sektor ved mellom anna Arméns jägerbataljon. Det er 420 føretak som opererer i kommunen.

Dessuten testar ein vinterklimaet til franske, italienske og tyske bilar i kommunen.

Samferdsel endre

 
Tårnet ved Arvidsjaur lufthamn.

Frå Arvidsjaur lufthamn går det daglege fly til Stockholm. Inlandsbanan går òg gjennom Arvidsjaur. E45 går gjennom kommunen.

Kjelder endre

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. Det svenske Språkrådets nettsider, om minoritetsspråk

Bakgrunnsstoff endre

 
Panorama over Arvidsjaur.