As-Suwayda guvernement

(Omdirigert frå As Suwaydā' guvernement)

As-Suwayda guvernement (arabisk السويداء, Muḥāfaẓat as-Suwaydā’) er det sørlegaste av dei fjorten guvernementa i Syria. Det har eit areal på 5 550 km² og dannar ein del av den historiske regionen Hawran. Hovudstaden og den største byen er as-Suwayda.

As-Suwayda guvernement
مُحافظة السويداء
guvernement
Land  Syria
Manatiq (Distrikt) 3
Hovudstad As-Suwayda
Koordinatar 32°48′N 36°48′E / 32.8°N 36.8°E / 32.8; 36.8
Areal 5 550 km²
Folketal 770 000
ISO 3166-2 kode SY-SU-
Språk arabisk
Kart
as-Suwayda guvernement
32°48′N 36°48′E / 32.8°N 36.8°E / 32.8; 36.8
Kart over Syria med As-Suwayda avmerkt
Kart over Syria med As-Suwayda avmerkt
Kart over Syria med As-Suwayda avmerkt
Wikimedia Commons: As-Suwayda Governorate

Geografisk omfattar guvernementet nesten heile Jabal al-Druze, den austlege delen av Lejah, og ein del av den tørre, austlege steppa Harrat Ash Shamah.

Demografi og folkesetnad endre

Guvernementet har ein folkesetnad på kring 370 000 innbyggjarar (est. 2011).[1] Det er det einaste guvernementet i Syria som har ein drusar-majoritet.[2] Her bur òg ein større austleg-ortodoks minoritet, og eit lite muslimsk samfunn.

Dei fleste innbyggjarane bur vest i guvernementet, særleg vest i Jabal ad-Duruz. Berre dei nomadiske beduin-stammenen lever i det ufruktbare området i Harrat Ash Shamah.

Inndelingar endre

Guvernementet er delt inn i 3 distrikt (manatiq):

Desse er vidare delt inn i ni underdistrikt (nawahi).

Byar og landsbyar endre

Guvernementet inneheld tre byar, 124 landsbyar og 36 grender.[1]

Byar endre

Landsbyar endre

Kjelder endre