Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken

(Omdirigert frå Aserbajdsjanske SSR)

Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken eller Aserbajdsjansk SSR var ein sovjetrepublikk i Sovjetunionen.

Азәрбајҹан Совет Сосиалист Республикасы
Армянская Советская Социалистическая Республика
Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken

1920–1991
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Motto
"Бүтүн өлкәләрин пролетарлары, бирләшин!"
(«Proletarar i alle land, samein dykk!»)
Nasjonalsong
Nasjonalsongen til den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken
Plasseringa til Aserbajdsjansk SSR
Plasseringa til Aserbajdsjansk SSR
Hovudstad Baku
Språk Aserbajdsjansk og Russisk
Styreform Sovjetrepublikk
Historie
 - Oppretta 28. april 1920
 - Opphøyrde 18. oktober 1991
Areal
 - 1989 86 600 km²
Innbyggjarar
 - 1989 est. 7 037 900 
     Folketettleik 81,3 /km² 
Valuta Rubel (SUR)

Før sovjettida endre

Aserbajdsjan var ein del av det russiske keisardømet frå 1806-1917, men etter Oktoberrevolusjonen i 1917 proklamerte Aserbajdsjan i med Armenia og Georgia ein del av den kortvarige Transkaukasiske demokratiske sambandsrepublikken. Då republikken vart oppløyst i 28. mai 1918, erklærte Aserbajdsjan sjølvstende som Den demokratiske republikken Aserbajdsjan (ADR). ADR var den førte moderne republikken i den muslimske verda.[1][2]

I mars 1920 var det opplagt av Sovjet-Russland kom til å gå til åtak mot Baku. Vladimir Lenin sa at invasjonen var berettiga sidan Sovjet-Russland ikkje kunne overleve utan olja frå Baku.[3][4] Sjølvstendet til Aserbajdsjan varte berre 23 månader før den raude armeen invaderte landet og oppretta Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken den 28. april 1920. Mesteparten av det nyoppretta aserbajdsjanske forsvaret var oppteken av å slå ned eit opprør av armenarar i Karabakh, men aserbajsjanarane overgav seg ikkje lett. Så mange som 20 000 aserbajdsjanske soldatar døydde i motstanden mot den russiske gjenerobringa[5]

Sovjetrepublikk endre

13. oktober 1921 signerte sovjetrepublikkane Russland, Aserbajdsjan, Armenia og Georgia ein avtale med Tyrkia kalla Kars-traktaten. Det tidlegare sjølvstendige Nakhitsjevan SSR vart ein sjølvstendig ASSR som ein del av Aserbajdsjan SSR med Kars-traktaten. Armenia fekk derimot regionen Zangezur og Tyrkia gav attende Gyumri (då kjend som Aleksandropol).[2]

Frå 1922 vart Aserbajdsjan ein del av den transkaukasiske sosialistiske sovjetrepublikken. Denne vart oppløyst i 1936 og delt inn i den aserbajdsjanske, den armenske og den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i 1936. Aserbajdsjansk SSR fekk no utbetra infrastruktur, utdanningssystem og industri som fylgje av statushevinga. Men som fylgje av at jordbruket skulle gjerast kollektivt, vart fleire tusen armenske bønder deportert frå 1930-åra og utover. Aserbajdsjansk SSR vart aldri okkupert under andre verdskrigen.[2]

Nytt sjølvstende endre

Etter glasnost, som vart starta av Mikhail Gorbatsjov, auka sivil uro og etniske stridar i forskjellige området av Sovjetunionen, mellom anna Nagorno-Karabakh,[6] ein region i Aserbajdsjan SSR. Uroa i Aserbajdsjan som oppstod då Moskva ikkje gjorde noko i denne alt opphissa konflikten, førte til rop om sjølvstende og lausriving, noko som enda med Svart januar i Baku.[7] Seint i 1990 fjerna Øvste sovjet i Aserbajsjan SSR orda «sovjetisk sosialistisk» frå namnet sitt og tok flagget til Den demokratiske republikken Aserbajdsjan som sitt eige statsflagg.[8] Den 18. oktober 1991 godtok øvsterådet i Aserbajdsjan sjølvstendeerklæringa som vart stadfesta av ei landsdekkane folkeavstemming i desember 1991, då Sovjetunionen vart offisielt oppløyst.[8] Den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikken tok slutt hausten 1991.

Kjelder endre

«Aserbajdsjan/historie» i Store norske leksikon, snl.no. av Alf Schønhardt, Trond Smith-Meyer og Gunnar Filseth. Henta inn 26. august 2012.

Fotnotar endre

  1. Schulze, Reinhard. A Modern History of the Islamic World. I.B.Tauris, 2000. ISBN 978-1-86064-822-9, 9781860648229.
  2. 2,0 2,1 2,2 Kazemzadeh, Firuz (1951). The Struggle for Transcaucasia: 1917–1921. The New York Philosophical Library. s. 124, 222, 229, 269–270. ISBN 978-0-8305-0076-5. 
  3. Горянин, Александр (August 28, 2003). «Очень черное золото». GlobalRus. Henta 12. april 2012.  (russisk)
  4. Горянин, Александр. «История города Баку. Часть 3.». Window2Baku.  (russisk)
  5. Pope, Hugh (2006). Sons of the conquerors: the rise of the Turkic world. New York: The Overlook Press. s. 116. ISBN 978-1-58567-804-4. 
  6. Michael P., Croissant (1998). The Armenia-Azerbaijan Conflict: causes and implications. United States of America: Praeger Publishers. s. 36, 37. ISBN 0-275-96241-5. 
  7. «Human Rights Watch. "Playing the "Communal Card": Communal Violence and Human Rights"». "Human Rights Watch". 
  8. 8,0 8,1 «Milli Məclisin tarixi. Azərbaycan SSR Ali Soveti (1920–1991-ci illər)» [The history of Milli Majlis. Supreme Soviet of Azerbaijan SSR (1920–1991)]. Henta 12. april 2012.