Athena Manoukian

gresk-armensk songar

Athena Manoukian (fødd 22. mai 1994) er ein gresk songar og låtskrivar med armenske røter. Manoukian skulle ha representert Armenia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med låten «Chains on You», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Athena Manoukian
Fødd22. mai 1994 (28 år)
FødestadAten
Fødenamngresk Αθηνά Μανουκιάν (Athiná Manoukián), armensk Աթենա Մանուկեան (Atena Manukean
OpphavHellas
Aktiv2007–
Sjangerpop, dansemusikk
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar, komponist

BakgrunnEndra

I 2007 vann Manoukian det greske talentshowet This Is What's Missing på Alpha Television Network Greece.[2] Året etter deltok ho i den greske nasjonale finalen til Junior Eurovision Song Contest 2008.med songen «To fili ti sin Aphroditis», der ho enda på ein sjuande plass.[3]

I 2011 slapp Manoukian debutsingelen sin «Party Like a Freak». Singelen fekk stor suksess i Hellas, og vart nominert til ein pris i greske Video Music Awards. I 2012 slapp ho oppfølgjarsingelen «I Surrender», etterfølgd av «Na Les Pos M'agapas» eit par månader seinare. Alle tre singlane selde til gull. I 2014 gav ho ut singelen «XO» på Warner/Chappell og Max Music Scandinavia, som også fekk stor suksess. Under Armenian Pulse Awards vann Manoukian pris i klassa «beste engelskspråklege song».[2]

Som låtskrivar har Manoukian skrive ei rekkje låtar for andre artistar. I 2017 skreiv og komponerte ho låten «Palia mou agapi» som vart sungen av Elena Paparizou, vinnaren av Eurovision Song Contest 2005.[4] I 2018 deltok Manoukian i britiske X Factor, men vart slått ut av tevlinga under den såkalte bootcamp.[5]

15. februar 2020 vann Athena Manoukian Depi Jewratessil 2020, den armenske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest. Med songen «Chains on You» skulle Manoukian ha representert Armenia i Eurovision Song Contest i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Rotterdam.[6][7] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse tevlinga for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[8]

DiskografiEndra

SinglarEndra

  • 2011: «Party Like a Freak» (med DJ Kas)
  • 2012: «Na les pōs m' agapas»
  • 2012: «I Surrender»
  • 2014: «XO»
  • 2020: «Chains on You»

KjelderEndra

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 PeoplePill. «Athena Manoukian: Singer - Biography and Life» (på engelsk). Henta 19. februar 2020. 
  3. «Armenia 2015: Athena Manoukian to Vienna?» (på engelsk). 29. januar 2015. Henta 19. februar 2020. 
  4. Newsroom (12. september 2018). «Αθηνά Μανουκιάν: ποια είναι η Ελληνίδα που ενθουσίασε τη Βρετανία στο X Factor» (på gresk). Henta 19. februar 2020. 
  5. «Armenia: Athena Manoukian among competing acts of Depi Evratesil 2020» (på engelsk). 28. januar 2020. Henta 19. februar 2020. 
  6. «It’s Athena Manoukian for Armenia!». eurovision.tv. 15. februar 2020. Henta 19. februar 2020. 
  7. «Armenia: Athena Manoukian med 2500 mindre stemmer bak vinneren av telestemmene!» (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.