Opna hovudmenyen

Atomubåtar som har gått ned

Wikimedia-listeartikkel

Atomubåtar som har gått ned er eit oversyn over atomubåtar som har gått ned sidan 1963. Minst ni atomubåtar har gått ned. Fem av dei tilhøyrde Sovjetunionen. To tilhøyrde USA og to tilhøyrde Russland.

Atomubåtar har energiforsyning frå spalting av atomkjernar.[1] Drivstoffet gir frå seg radioaktiv stråling, og spaltinga av atomkjernar gir frå seg radioaktiv stråling.

Innhaldsliste

1900-taletEndra

Den fyrste atomubåten som gjekk ned (år 1963)Endra

USS «Thresher» frå USA sokk 10. april 1963. 129 døydde. Vrakstaden ligg 350 km aust for Cape Cod.[2]

Den andre frå USA som gjekk ned (1968)Endra

 
Vrakdel, akterenden frå USS «Scorpion» som sokk i 1968.

USS «Scorpion» sokk 22. mai 1968. 99 døydde.[3] Vrakstaden er 740 km sørvest for Azorane.

Den fyrste frå Sovjetunionen som gjekk ned (1970)Endra

K-8 frå Sovjetunionen sokk med atomvåpen[4] 11. april. 52 døydde då fartøyet sokk. Vrakstaden er Biscayabukta i Nord-Atlanteren.

Dei to atomreaktorane og atomvåpena har ikkje vorte fjerna.[5]

Senkinga i Arktis i 1982Endra

K-27 frå Sovjetunionen vart senka av sovjetiske styrkar 6. september 1982. Vrakstaden er i Karahavet på 30 meters djup.[6]

Ubåten som gjekk ned i 1983 og 1985Endra

K-429 frå Russland sokk 23. juni 1983. Fartøyet vart heva.[7] Fartøyet sokk igjen 13. september 1985, denne gongen medan det var fortøydd. Det vart hogd opp på 1990-talet.[7]

Kinesisk ubåt som hevdast å ha gått ned i 1985Endra

Systerskipet til Changzheng 6 frå Kina hevdast å ha gått ned i 1985.[8][9][10][11] Fartøyet skal ha tilhøyrd ubåtklassen Xia også kalla ubåtklassen «type 092».

Ulykka ved Bermuda i 1986Endra

K-219 frå Russland sokk 3. oktober, med atomvåpen ombord. 5 personar døydde.[12]

Vrakstaden er 950 km aust for Bermuda, i Nord-Atlanteren.

«Komsomolets»-ubåten ved Bjørnøya i 1989Endra

K-278 «Komsomolets» frå Sovjetunionen sokk 7. april 1989 med to atomvåpen med stridshovud med uran og plutonium.[13][14] 42 døydde.[15] Vrakstaden er sørvest for Bjørnøya. Dette vart den andre atomubåten som gjekk ned i Arktis.

Dette fartøyet har berre ein atomreaktor,[16] og kjernebrensel har ikkje blitt fjerna frå han.

I 2019 vart det målt radioaktiv lekkasje frå vraket frå 0,001 Bq per liter til 800 Bq per liter.[17]

«Kursk»-ubåten utanfor Kola-halvøya i 2000Endra

K-141 «Kursk» frå Russland sokk 12. august 2000, og 118 ombord døydde.[18][19] Sju av dei 24 torpedoane vart gjort reie for.[20] I 2001 vart vraket, unnteke storparten av baugen, heva frå Barentshavet. Tømminga av reaktorane vart ferdig vinteren 2003.[19]

Reaktor-seksjonen er lagra i ein flytande kontainer ved Nerpa-verftet i Snjezjnogorsk utanfor Murmansk.[21]

Ulykka utanfor Kola-bukta i 2003Endra

K-159 sokk i 2003, og 9 personar døydde.[22] Fartøyet hadde allereie gått ut av teneste i 1989. Fartøyet ligg på 238 m djup i Barentshavet nord for Kolabukta,[23] mindre enn 130 km frå grensa til Noreg.[24]

I atomreaktorane finst det om lag 800 kg brukt kjernebrensel, sannsynlegvis ei legering av uran og aluminium.[25]

Vraket er den største einskilde potensielle kjelda til radioaktiv forureining av havmiljøet i Arktis, i følgje Statens strålevern.[24]

Vrak og vrakfjerning i ArktisEndra

Fire atomubåtar gjekk ned i Arktis - ein av dei vart senka. Tre av dei ligg fortsatt på havbotnen; ein av dei vart fjerna, unnteke storparten av baugen som ligg igjen på havbotnen.

ReferansarEndra

  1. «atomubåt». Store norske leksikon. 28. mars 2019. 
  2. «One of the Navy's Greatest Tragedies: The Sinking of the USS Thresher». The National Interest. 17. juli 2018. Henta 10. juli 2019. 
  3. «The Final Secret of the USS Scorpion». Historynet.com. Henta 10. juli 2019. 
  4. A Dead Russian Submarine Is Sitting on the Bottom of the Ocean (Armed with Nuclear Weapons). The National Inerest. 2019-07-10. « Unlike the others, however, K-8 was propelled by two nuclear reactors, and carried four torpedoes tipped by nuclear warheads»
  5. Inventory of accidents and losses at sea involving radioactive material, International Atomic Energy Agency 2001, pdf-fil på nett. Side 8
  6. Eyewitness: Tragedy of Soviet nuclear submarine K-27. BBC. Vitja 2019-07-10
  7. 7,0 7,1 This Russian Nuclear Submarine Made Some Scary History (It Sank Not Once, but Twice). The National Interest. Vitja 2019-07-10
  8. Steve Crawford: Twenty First Century Submarines: Undersea Vessels of Todays Navies . 2003, ISBN 0-7603-1502-7 , p. 10
  9. Type 092 Xia submarine, China, janes.com[daud lenkje]
  10. Xia class Mal:Webarchive, military-today.com
  11. Nuclear submarine guide, China: Type 092 Mal:Webarchive, fas.org
  12. Newly Exposed Documents Reveal a Hidden Chapter on the Sunken Russian Submarine K-219. The National Interest. Vitja 2019-07-10
  13. K-159(.) Havariet av den russiske atombåten K-159 og den norske atomberedskapsorganisasjonens håndtering av ulykken
  14. Charles Digges. Norway and Russia to visit sunken Komsomolets sub three decades after it sank. Bellona. Vitja 2019-07-10
  15. Tomassen, Jan Harald (7. april 2019), «Dødsmaskinen som ble en dødsfelle», NRK (på bokmål), henta 8. juli 2019 
  16. Charles Digges. Norway and Russia to visit sunken Komsomolets sub three decades after it sank. Bellona. Vitja 2019-07-10. «But plutonium isn’t the only concern. The submarine’s reactor, loaded with nuclear fuel, is a source of other radioactive isotopes like cesium 137 and strontium 90.»
  17. Forskerne avdekket radioaktiv lekkasje fra «Komsomolets». Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet. Vitja 2019-07-10
  18. Hevder «Kursk» ble torpedert
  19. 19,0 19,1 Kursk - russisk ubåt. Store norske leksikon. Vitja 2019-07-08
  20. Peter Davidson, Huw Jones, John H. Large (October 2003). «The Recovery of the Russian Federation Nuclear Powered Submarine Kursk» (PDF). World Maritime Technology Conference, San Francisco (Society of Naval Architects and Marine Engineers). Arkivert frå originalen (PDF) 6 February 2012. Henta 13 November 2015. 
  21. Kursk-avsløring: Stiller spørsmål om hvem E-tjenesten er lojale til. 2019-07-11. NRK. Vitja 2019-07-12. «[...] ved Nerpa-verftet i Snjezjnogorsk utenfor Murmansk. I en flytende konteiner ved en pir oppbevares reaktorseksjonen. Først om 70 år er nok radioaktivitet gått ut av reaktoren til at den kan behandles som radioaktivt avfall.»
  22. Vraket av russisk atomubåt holder tett
  23. "Komsomolets" leaks radioactivity. The Barents Observer. Vitja 2019-07-10
  24. 24,0 24,1 «StrålevernRapport 2017:12». Statens strålevern. S. 77. Vitja 2019-07-10. «With regards to potential impacts on Norway (both economically and environmental), the sunken Russian nuclear submarine K-159 is of great concern. The submarine currently lies at a depth of 246 meters in the Barents Sea, less than 130 km from the border with Norway. In addition to its proximity to Norway, the K-159 submarine lies close to fishing areas of the Barents Sea. It also represents the single largest potential source of radioactive contamination to the Arctic marine environment (NRPA, 2014).»
  25. K-159(.) Havariet av den russiske atombåten K-159 og den norske atomberedskapsorganisasjonens håndtering av ulykken. Statens strålevern. S. 9. Vitja 2019-07-11. « I reaktorene til K159 befinner det seg omlag 800 kg brukt kjernebrensel, mest sannsynlig en aluminiumuran-legering. K-159s søsterskip ligger fremdels ved kai i Gremikha, slik at man har mulighet til å bruke denne ubåten til å kartlegge forhold i K-159.»
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.