Austromerske keisarar

Wikimedia-listeartikkel

Austromerske keisarar er eit oversyn over romerske keisarar i tida etter at keisar Konstantin den store gav byen Konstantinopel status som hovudstad i Romarriket i 330. Frå 330 til 395 styrte keisarane heile Romarriket derfra. I 395 døydde keisar Theodosius den store og imperiet blei permanent delt i to med Theodosius' to sønner som keisar i hvert sitt rike, Vestromarriket og Austromarriket. Vestromarriket gjekk til grunne under dei store folkevandringane på 400-talet og er rekna som endeleg knust då den germanske leiaren Odovakar tok over makta i 476.

Kart over Konstantinopel frå 1422
Teikna av: Cristoforo Buondelmonti (1386–1430)
Seksjon av forsvarsmuren rundt Konstantinopel frå mellomalderen
Interiør frå Hagia Sofia-katedralen i Konstantinopel
Foto: Andreas Wahra

Sjølv om det katolske Vest-Europa anerkjende Austromarriket som arvtakar til Romarriket i fleire hundreår, krona pave Leo III likevel kongen av frankarane, Karl den store, til romersk keisar den 25. desember 800. Dette markerte danninga av Det heilage tysk-romerske riket, og det skjedde etter kroninga av keisarinne Irene i Austromarriket. Ifølge pavekyrkja kunne ikkje ei kvinne vera verdig eller ha rett på keisartrona. Det endelege brotet mellom den katolske pavekyrkja og den ortodokse kyrkja kom med det store skismaet i 1054.

I perioden 1204 til 1261 var Konstantinopel okkupert av styrkar frå Det fjerde krosstoget, og riket blei omtalt som Det latinske riket. Det oppsto då tre statsdanningar, keisarriket Nikea, Despotatet Epirus og Trapezunt-riket, som alle hevda å vera arvtakarar etter Austromarriket. Lista omfattar keisarar i alle desse rika. I 1261 inntok keisaren av Nikea Mikael VIII Palaiologos Konstantinopel og imperiet var gjenoppretta. I 1453 blei Konstantinopel erobra av Det osmanske riket, og Austromarriket blei aldri gjenoppretta.

Lista omfattar ikkje talrike medkeisarar i Austromarriket (Det bysantinske riket) som aldri oppnådde status som seniorkeisar eller blei eineherskarar. Før Herakleios bar keisarane dei latinske titlene som hadde blitt del av keisarvyrdet i løpet av åra; Imperator cæsar ... augustus. Herakleios braut med den gamle tradisjonen og innførte gresk som offisielt språk i keisarriket i 620, og med dette tok han den greske tittelen Βασιλεύς (Basilevs), som tydde eineherskar. Alle bysantinske keisarar såg på seg sjølv som romerske keisarar. «Bysants» var det gamle namnet på byen (grunnlagt 657 f.Kr.) som Konstantin bygde om og døypte om til Konstantinopel, og som han gjorde til hovudstad i 330. Omgrepet «bysantinsk» blei først nytta i vestleg historiografi mykje seinare, på 1500-talet.

Lista er i hovudsak basert på lister i Bysants' historie (1997) av John Julius Norwich (s. 394-397) og Encyclopædia Britannica Online. Namneformer kan avvika ein del, og dei ulike kjeldene kan ha nytta ulike tilnamn og slektsnamn.

TidslinjeEndra

Oversynet viser dei austromerske keisarar frå Konstantin den store flytta hovudstaden for Romarriket frå Roma til Konstantinopel i 330 til Konstantin XI Palaiologos fall i kamp mot osmanarane i 1453.

Tidsperiode Namn på riket Merknad
330–395 Romarriket Keisaren av Romarriket styrte periodevis heile Romarriket med Konstantinopel som hovudstad.
395–1204 Austromarriket Romarriket var delt i eit vestrike og eit austrike. Vestromarriket gjekk til grunne i 476, men gjenoppsto som Det tysk-romerske riket i 800.
1204–1261 Det latinske riket Danna etter at Det fjerde krosstoget inntok Konstantinopel.
1204–1261 Keisarriket Nikea Eksilriket til keisarane som blei fordrivne frå Konstantinopel.
1205–1479 Despotatet Epirus Konkurrerande eksilrike medan krossfararane okkuperte Konstantinopel.
1204–1461 Trapezunt-riket Oppretta i kjølvatnet av krossfararerobringa.
1261–1453 Austromarriket Gjenoppretta då styrkar frå Nikea gjenerobra Konstantinopel.

Det konstantinske dynastiet (324–363)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det konstantinske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Konstantin den store
Gresk Κωνσταντῖνος Αʹ ὁ Μέγας
Latin Gaius Flavius Valerius Aurelius Constantinus
324–337 Han innførte kristendommen som religiøs tru i riket, og flytta hovudstaden frå Roma til byen som fekk namnet hans – Konstantinopel – i 330.
  Konstantius II
Gresk Κωνστάντιος [Βʹ]
Latin Flavius Iulius Constantius
337–361 Son av Konstantin den store. Då Konstantin døydde blei riket delt mellom dei tre sønene hans, og Konstantius II overtok Austromarriket. Konstantin II fekk kontrollen i Gallia, medan Konstans fekk Italia med omland.
  Julian den fråfalne
Gresk Ἰουλιανὸς ὁ Παραβάτης
Latin Flavius Claudius Iulianus
361–363 Han blei fødd i mai 332 og var barnebarn av Konstantius I Klorus og fetter av Konstantius II. Han blei utropt til keisar av armeen sin i Gallia og blei legitimt keisar då Konstantius II døydde. Julian blei drepen i krig mot Sasanideriket (Persarriket) i 363. Tilnamnet «den fråfalne» viser til at han fornekta den kristne true (som den siste av dei romerske keisarane) og vedkjende seg til tradisjonell romersk religion.

Ikkje noko dynastiEndra

Namn Regjeringstid Merknad
  Jovianus
Gresk Ἰοβιανός
Latin Flavius Iovianus Augustus
363–364 Fødd i 331. Militær bakgrunn og kommandant for elitestyrkane i aust. Han blei noko overraskande utnemnd til keisar då Julian døydde plutseleg og det var behov for å kunne møte den militære trugselen frå persarane raskt.

Det valentinske dynastiet (364–392)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det valentinske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Valentinian I
Latin Flavius Valentinianus Augustus
364–375 Fødd i 321 i Kroatia. Son av general Gratianus Major og bror til keisar Valens. Den siste av dei romerske keisarane som hadde de facto kontroll over heile Romarriket. Styrte sjølv hovudsakleg dei vestlege provinsane, medan medkeisarane hans (Valens, Gratian) etterkvart styrte andre provinsar og delar av riket.
  Valens
Latin Flavius Iulius Valens Augustus
364–378 Fødd i 328 og var soldat i den romerske hæren. Han blei utpeikt til keisar i Austromarriket av den eldre bror sin Valentinian I. Han blei drepen under gotarane si omleiring av Konstantinopel i 378.
  Gratian
Latin Flavius Gratianus Augustus
378–379 Fødd i 359 som eldste son av Valentinian I. Han var den første keisar om vedkjende seg til kristendommen slik han var formulert ved Konsilet i Nikea i 325 og seinare ved Konsilet i Konstantinopel i 381.
  Valentinian II
Latin Flavius Valentinianus Augustus
375–392 Fødd i 371 og utropt til keisar berre fire år gammel. Han utøvde i lita grad makten sjølv; den reelle makta låg hjå medregentar og hjå generalane. Han blei drepen eller tok livet sitt 19 år gammal.

Det theodosiske dynastiet (395–457)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det theodosiske dynastiet.

Frå 395 blei Romarriket permanent delt i eit sjølvstendig vestrike og eit sjølvstendig austrike med hovudsete i Konstantinopel fram til 1204.

Namn Regjeringstid Merknad
  Theodosius I den store
Gresk Θεοδόσιος Αʹ ὁ Μέγας,
LatinFlavius Theodosius Augustus
379–395 Fødd 11. januar 347, aristokrat og militær leiar, svoger til Gratian, som utnemnde han som keisar i Austromarriket. Frå 392 til han døydde var han romersk einekeisar, og den siste som regjerte over heile Romarriket før det blei delt mellom dei to sønene hans.
  Arcadius
Gresk Ἀρκάδιος
Latin Flavius Arcadius
395–408 Fødd i 377 eller 378 som eldste son av Theodosius I. Då Theodosius I døydde i 395, blei det romerske riket permanent delt mellom Austromarriket, også kjent som Det bysantinske riket, og Vestromarriket. Den eldste sonen hans Arcadius blei keisar i aust, mens den yngste sonen hans Honorius blei keisar i vest.
  Theodosius II
Gresk Θεοδόσιος Βʹ
Latin Flavius Theodosius
408–450 Fødd 401 som einaste son av Arcadius og blei keisar etter at faren døydde. Flavius Anthemus var regent for den mindreårige keisaren frå 408 til 414. Theodosius døydde etter ei rideulykke i 450.
  Aelia Pulcheria
Gresk Αἰλία Πουλχερία
Latin Aelia Pulcheria
450–453 Fødd 398 eller 399, dotter av Arcadius, regjerte saman med ektemannen Markian som keisarinne fram til ho døydde i 453.
  Markian
Gresk Μαρκιανός
Latin Flavius Marcianus Augustus
450–457 Fødd i 396. Soldat og politikar som gifta seg med Aelia Pulcheria, systera til Theodosius II. Regjerte saman med kona frå 450 og som einekeisar etter at Pulcheria døydde i 453.

Det leoninske dynastiet (457–518)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det leoninske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Leo I den store
Gresk Λέων Αʹ ὁ Θρᾷξ, ὁ Μακέλλης, ὁ Μέγας
Latin Flavius Valerius Leo
457–474 Fødd i Dacia i Trakia ca. 400, og av bessiansk opphav. Han gjorde militær karriere og blei utnemnd til keisar av den gotiske militærkommandøren Aspar då Markian døydde. Han var den første keisaren som blei krona av patriarken av Konstantinopel.
  Leo II
Gresk Λέων Βʹ ὁ Μικρός
Latin Flavius Leo
474 Fødd ca. 467, han var barnebarn av Leo I og son av Leo si dotter Ariadne og mannen hennar Zenon. Utropt til cæsar og deretter medkeisar hausten 473, like etter kroninga hans som Leo II blei faren Zenon utnemnd til regent og krona til medkeisar. Leo II døydde kort tid etter, kanskje forgifta.
  Zenon
Gresk Ζήνων
Latin Flavius Zeno
474–491 Fødd ca. 425 i Isauria, namnet hans frå fødselen var Tarasicodissa. Han gjorde militær karriere under Leo I og gifta seg med dottera hans Ariadne. Han blei medkeisar saman Leo II i 474 og einekeisar etter at denne døydde same året. Han ledia riket gjennom dei store utfordringane under folkevandringstida, og under hans regjeringstid i Konstantinopel fall Vestromarriket.
  Basiliskos
Gresk Βασιλίσκος
Latin Flavius Basiliscus
475–476 General og svoger til Leo I, prøvde å styrta Zenon, men Zenon kom tilbake året etter. Han avsette Basiliskos, fengsla han og fekk han drepen.
  Anastasios I
Gresk Ἀναστάσιος Αʹ ὁ Δίκορος
Latin Flavius Anastasius
491–518 Fødd ca. 430. Han var embetsmann og blei utvald til å gifta seg med Zenon si enke Ariadne, og blei deretter keisar. Han reformerte skattesystemet og mynteininga, og klarte gjennom ei nøysom forvaltning å betra økonomien i riket. Under styret hans gjorde bulgararane sine første framstøyt mot riket. Anastasios døydde barnlaus, og det leoninske dynastiet mista makta.

Det justinske dynastiet (518–602)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det justinske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Justinus I
Gresk Ἰουστῖνος Αʹ
Latin Flavius Iustinus
518–527 Fødd ca. 450 i Bederiana. Han var offiser i militæret og kommanderte livvakta til Anastasios I. Då Anastasios døydde blei han utpeikt av hæren og folket til å overta som keisar.
  Justinian I den store
Gresk Ἰουστινιανὸς Αʹ ὁ Μέγας
Latin Flavius Petrus Sabbatius Iustinianus
527–565 Fødd i 482 eller 483 og var nevø av Justinus I. Han blei sannsynlegvis medkeisar 1. april 527 og einekeisar då Justinus døydde. Han gjenerobra store delar av dei vestlege områda til riket i Italia, Spania og Nord-Afrika. Han var også mannen bak Corpus juris civilis, dei sivilrettslege lovane som har påverka seinare lovar i mange europeiske land.
  Justinus II
Gresk Ἰουστῖνος Βʹ
Latin Flavius Iustinus Iunior
565–578 Fødd ca. 520, nevø av Justinian I og overtok etter han med støtte frå hæren og senatet. Han blei sinnsjuk og imperiet blei styrt av regentar, først kona si Sophia, deretter den seinare keisaren Tiberius II Konstantin.
  Tiberius II Konstantin
Gresk Τιβέριος Βʹ
Latin Flavius Tiberius Constantinus
578–582 Fødd ca. 535. Han hadde militær bakgrunn og var adoptivson av Justinus II. Han blei regent i 574 då Justinus blei sjuk, og overtok som keisar etter han.
  Maurikios
Gresk Μαυρίκιος
Latin Flavius Mauricius Tiberius
582–602 Fødd i 539 i Kappadokia. Han var general i hæren, blei gift med dottera til Tiberius II Konstantin og overtok som keisar etter han. Han blei avsett etter eit kupp av Fokas tyrannen og avretta 27. november 602.

Ikkje noko dynasti (602–610)Endra

Namn Regjeringstid Merknad
  Fokas tyrannen
Gresk Φωκᾶς
Latin Flavius Phocas
602–610 Han var offiser i Balkan-hæren og leia eit opprør i 602 der keisar Maurikios blei avsett og avretta. Han førte eit diktatorisk styre og blei meir og meir upopulær til han blei avsett og avretta av Herakleios i 610.

Det herakliske dynastiet (610–695)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det herakliske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Herakleios
Gresk Ἡράκλειος
Latin Flavius Heraclius
610–641 Fødd ca. 575 som eldste son av eksarken av Afrika, Herakleios den eldre. Byrja eit opprør mot Fokas i 609 og avsette han i oktober 610. Avslutta krigen mot sasanidane (602–628), men var ikkje i stand til å stoppe den muslimske erobringa av Syria. Erstatta offisielt latin med gresk som språk for administrasjonen.
  Konstantin III
Gresk Ἡράκλειος νέος Κωνσταντῖνος
Latin Heraclius Novus Constantinus
641 Fødd 3. mai 612 som eldste son av Herakleios og den første kona hans Fabia Eudokia. Utnemnd til medkeisar i 613 og kom på trona saman med den yngre broren Heraklonas etter at Herakleios var død. Døydde av tuberkulose, påstått forgifta av keisarenka Martina.
  Heraklonas Konstantin
Gresk Ἡρακλωνᾶς
Latin Heraclianus
641 Fødd i 626 i Georgia, son av Herakleios og halvbror til Konstantin III. Medkeisar i 641 og einekeisar same året då halvbroren døydde. Mistenkt for å ha medverka då broren døydde og deretter landsforvist.
  Konstans II
Gresk Κώνστας Βʹ
Latin Constantus II
641–668 Fødd i 630. Son av Konstantin III og utropt til keisar 11 år gammal. Regjeringstida hans var preget av kamp mot den veksande muslimske rørsla.
  Konstantin IV
Gresk Κωνσταντῖνος Δʹ ὁ Πωγωνᾶτος
Latin Flavius Constantinus Augustus
668–685 Fødd i 652 og overtok makta då faren Konstans II blei drepen. Han var den som kalla inn til Det tredje konsilet i Konstantinopel i 680/681 som fordømte monoteletismen som kjettersk. Han døydde av dysenteri i 685.
  Justinian II
Gresk Ἰουστινιανὸς Βʹ ὁ Ῥινότμητος
Latin Iustinianus Augustus
685–695 Fødd i 669, son av Konstantin IV. Han blei medkeisar i 681 og keisar då far hans døydde. Han blei avsett i eit militærkupp i 695 og send i eksil, men blei gjeninnsett i 705.

Ikkje noko dynasti (695–717)Endra

Namn Regjeringstid Merknad
  Leontios
Gresk Λεόντιος
695–698 General frå Isauria som avsette Justinian II ved eit kupp, men blei sjølv avsett i 698. Han blei avretta i 706.
  Tiberius III Apsimar
Gresk Τιβέριος Γʹ Ἀψίμαρος
698–705 Admiral av germansk opphav, heitte opphavleg Apsimar. Han gjorde opprør mot Leontius etter eit mislykka felttog. Styrte under namnet Tiberius til han blei avsett av Justinian II i 705. Han blei avretta i februar 706.
  Justinian II
Gresk Ἰουστινιανὸς Βʹ ὁ Ῥινότμητος
705–711 (gjeninnsatt) Den tidlegare keisar Justinian (685–695) gjenerobra makta i 705 med støtte frå bulgararane. Sonen hans Tiberius blei krona til medkeisar i 706, men dei blei avsette og avretta i eit nytt opprør i 711.
  Filippikos Bardanes
Gresk Φιλιππικὸς Βαρδάνης
711–713 General av armensk opphav. Han avsette Justinian i eit opprør i 711, men blei sjølv avsett og blinda ved eit opprør i 713. Han døydde i januar 714.
  Anastasios II
Gresk Ἀναστάσιος Βʹ
713–715 Heitte opphavleg Artemios og var sekretær i statsadministrasjonen under Filippikos. Då Filippikos blei styrta, valde soldatane Anastasios til ny keisar. Han blei styrta i eit nytt kupp i 715, og blei drepen i 718 under eit forsøk på å ta tilbake trona.
  Theodosius III
Gresk Θεοδόσιος Γʹ
715–717 Tidlegare finansminister som blei utropt til keisar av opprørske troppar i Trakia. Kom til Konstantinopel i 715, men blei avsett under Leo III sitt opprør i 717. Etter abdikasjonen gjekk han i kloster.

Det isauriske dynastiet (717–802)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det isauriske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Leo III
Gresk Λέων Γʹ ὁ Ἴσαυρος
717–741 Fødd ca. 685 i Kahramanmaraş. Han steig i gradene til han blei general og leia eit opprør i 717 der han blei utropt til keisar. Han slo tilbake den arabiske omleiringa av Konstantinopel i 717/718 og innførte ikonoklasmen i keisarriket.
  Konstantin V
Gresk Κωνσταντῖνος Εʹ ὁ Κοπρώνυμος
741 Han blei fødd i juli 718 som einaste son av Leo III. Medkeisar frå 720. Han blei styrta saman med far sin av tronraneren Artabasdos i 741, men gjenerobra trona.
  Artabasdos
Gresk Ἀρτάβασδος
741–743 General og svigersonen til Leo III. Han leia eit opprør mot Leo III i 741, men blei styrta av Konstantin V to år seinare. Han blei blinda og send i kloster.
  Konstantin V
Gresk Κωνσταντῖνος Εʹ ὁ Κοπρώνυμος
743–775 (gjeninnsett) Gjenerobra trona frå Artabasdos, og fortsette faren sin ikonoklastiske religionspolitikk.
  Leo IV
Gresk Λέων Δʹ ὁ Χάζαρος
775–780 Fødd 25. januar 750 som eldste son av Konstantin V. Han var medkeisar frå 751 og etterfølgde far sin som keisar.
  Konstantin VI den blinde
Gresk Κωνσταντῖνος Ϛʹ
780–797 Fødd i 771 som einaste barn av keisar Leo IV. Han blei medkeisar frå 776 og einekeisar med mor si Irene som regent då far hans døydde i 780. Han blei avsett av mor si i 797, fengsla og blinda, og døydde sannsynlegvis av mishandlinga kort tid seinare.
  Irene av Athen
Gresk Εἰρήνη ἡ Ἀθηναία
797–802 Fødd ca. 752 i Athen og gift med Leo IV. Ho var regent for sonen Konstantin IV frå 780 til 790. Ho kalla inn til det andre konsilet i Nikea i 787 der ikonoklasmen blei fordømt. I 797 avsette ho sonen og overtok som keisarinne. Ho blei avsett ved eit kupp i 802 og døydde i eksil året etter.

Det nikeforiske dynastiet (802–813)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det nikeforiske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Nikeforos I
Gresk Νικηφόρος Αʹ ὁ Λογοθέτης
802–811 Finansminister under keisarinne Irene som fikk avsett keisarinnen i 802 og blei sjølv keisar. Han blei drepen i kamp mot khan Krum av Bulgaria i 811.
  Staurakios
Gresk Σταυράκιος
811 Son av Nikeforos I og medkeisar frå 803. Han blei keisar etter sin far i juli 811, men abdiserte allerede 2. oktober samme år og blei munk. Han døydde i 812.
  Mikael I Rangabe
Gresk Μιχαὴλ Αʹ Ραγγαβέ
811–813 Svigersønn til Nikeforos I og etterfulgte Staurakios då han abdiserte. Han abdiserte sjølv etter opprøret frå Leo V den armenske og trakk seg tilbake til eit kloster, der han døydde 11. januar 844. Han regjerte saman med sin eldste son Theophylakt som medkeisar.

Intet dynasti (813–820)Endra

namn Regjeringstid Merknad
  Leo V
Gresk Λέων Εʹ ὁ Ἀρμένιος
813–820 General av armensk opprinnelse, født ca. 775. Han gjorde opprør mot Mikael I og blei keisar. Utnevnte sin son Symbatios til medkeisar under namnet Konstantin i desember 813. Han gjeninnførte ikonoklasmen i den religiøse billedstriden. Drept under ein konspirasjon som blei ledet av Mikael Amorian som etterpå blei keisar Mikael II.

Det amoriske dynasti (820–867)Endra

For meir om dette emnet, sjå Amoriske dynasti.
namn Regjeringstid Merknad
  Mikael II
Gresk Μιχαὴλ Βʹ ὁ ἐξ Ἀμορίου
820–829 Fødd i 770 i Amorium. Han var offiser og venn av Leo V, og støttet han under kuppet mot Mikael I Rangabe i 813. I 820 ledet han ein konspirasjon som drepte Leo V.
  Teofilos
Gresk Θεόφιλος
829–842 Fødd i 813 som einaste son av Mikael II. Han blei medkeisar i 821 og etterfølgde far sin som keisar. Han leia lange krigar mot arabarane.
  Mikael III
Gresk Μιχαὴλ Γʹ ὁ Μέθυσος
842–867 Fødd i 840 og overtok som keisar to år gammel då faren Teofilos døydde. Mora hans Theodora fungerte som regent, og ho avskaffa ikonoklasmen i 843. I ein fredsavtale i 864 fekk han innført den ortodokse kristendommen i det bulgarske riket. Drepen under eit statskupp i 867. Mikael blei i enkelte samtidige skrifter omtalt som «Mikael drukkenbolten».

Det makedonske dynastiet (867–1056)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det makedonske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Basileios I
Gresk Βασίλειος Αʹ ὁ Μακεδών
867–886 Han blei fødd i Theme Makedonia ca. 811, steig i gradene ved hoffet og blei favorisert av Mikael III. Han gjennomførte drap på Mikael III og etablerte det makedonske dynastiet. Han leia vellykka krigar mot arabarane i aust, og vann tilbake Sør-Italia for riket.
  Leo VI den vise
Gresk Λέων Ϛʹ ὁ Σοφός
886–912 Fødd 19. september 866, offisielt som son av Basileios I, men det var kjent at Basileios si kone var elskerinna til keisar Mikael III. Under styret hans blei riket angripe av dei muslimske sarasenarane, og Leo mislyktest også i krig mot bulgararane under Simeon I.
  Aleksander
Gresk Ἀλέξανδρος
912–913 Fødd i 870 som son av Basileios I. Han blei medkeisar i 879. Han overtok som keisar då broren (eller halvbroren) Leo VI døydde i 912. Han blei rekna som lat, fordrukken og vondskapsfull. Han døydde av utmatting etter ein polokamp.
  Konstantin VII Porfyrogennetos
Gresk Κωνσταντῖνος Ζʹ ὁ Πορφυρογέννητος
913–959 Son av Leo VI, fødd i mai 907. Han blei medkeisar eitt år gammal, og overtok som (mindreårig) keisar i 913 under regentskap. Han etterlet seg ei rekkje bøker om vitskaplege og statsforvaltningsmessige emne, blant anna De administrando imperio og De ceremoniis.
  Romanos I
Gresk Ρωμανὸς Αʹ Λεκαπηνός
919–944 Ikkje-aristokratisk bakgrunn, men gjorde militær karriere og blei admiral, medkeisar og beskyttar for den mindreårige Konstantin VII som også gifta seg med Romanos si dotter. Han fekk avslutta krigen mot Bulgaria. Han sørgde også for at sønene hans blei medkeisarar, men to av dei fekk avsett faren og utviste han til eit kloster der han døydde i 948.
  Romanos II Porfyrogennetos
Gresk Ῥωμανὸς Βʹ ὁ Πορφυρογέννητος
959–963 Han var den einaste attlevande sonen til Romanos I etter at dei to eldre brørne hans blei drepne. Han var fødd i 938 og regjerte frå faren døydde, men det var først og fremst evnukken Joseph Bringas som stod for styringa.
  Nikeforos II Fokas
Gresk Νικηφόρος Βʹ Φωκᾶς
963–969 Fødd ca. 912 og tilhøyrde den svært innverknadsrike Fokas-familien. Han var ein dyktig general og blei utnemnd til regent for dei mindreårige keisarane Basileios II og Konstantin VIII etter at Romanos II var død. Han gifta seg også med enka til Romanos, Theophano.
  Johannes I Tzimiskes
Gresk Ἰωάννης Αʹ Κουρκούας ὁ Τζιμισκῆς
969–976 Fødd ca. 925 og var nevø av Nikeforos II Fokas. Han kom på kant med onkelen sin og leia eit opprør der Nikeforos blei drepen. Som onkelen sin var han ein dyktig general.
  Basileios II
Gresk Βασίλειος Βʹ ὁ Βουλγαροκτόνος
976–1025 Fødd i 958 som eldste son til den tidlegare keisaren Romanos II. Han fekk i stand ein allianse med den mektige tsaren av Kievriket, Vladimir den store, ved å la han gifta seg med syster si Anna av Bysants. Han erobra store område i Bulgaria og Syria, og regjeringstida hans markerte eit høgdepunkt i historia til riket.
  Konstantin VIII Porfyrogennetos
Gresk Κωνσταντῖνος Ηʹ ὁ Πορφυρογέννητος
1025–1028 Han blei fødd i 960 og var ein yngre bror av Basileios II. Han var ein svakare leiar enn bror sin, og levde i skuggen av han. Då han overtok som keisar blei han ein kasteball for det innverknadsrike aristokratiet. På dødsleiet gav han ordre om at dottera Zoë skulle gifta seg med Romanos Argyros som dermed blei ny keisar saman med Zoë.
  Zoë Porfyrogenita
Gresk Ζωὴ Πορφυρογέννητη
1028–1050 Som eldste barn av Konstantin VIII var ho einaste ætling i det makedonske dynastiet, og ho overtok makta som keisarinne etter at faren døydde. Ho var først utsett til å gifte seg med den tysk-romerske keisaren Otto III, men han døydde rett før bryllaupet. Seinare styrte ho Austromarriket saman med sine i alt tre ektemenn, Romanos III, Mikael IV og Konstantin IX. På slutten måtte ho dela makta med den yngre systera si Theodora.
  Romanos III Argyros
Gresk Ῥωμανὸς Γʹ Ἀργυρός
1028–1034 Han var ein eldre aristokrat (fødd i 968) som blei utpeikt av Konstantin VIII til å gifte seg med Zoë Porfyrogenita som var arving til tronen. Han overtok som keisar då Konstantin døydde nokre dagar senere.
  Mikael IV Paflagonieren
Gresk Μιχαὴλ Δʹ ὁ Παφλαγών
1034–1041 Mikael Paflagonieren var fødd i 1010 og blei elskaren til keisarinne Zoë medan mannen hennar Romanos III framleis levde. Etter at Romanos døydde gifta han seg med Zoë og blei keisar. Han døydde etter lang tids sjukdom.
  Mikael V Kalafates
Gresk Μιχαὴλ Εʹ ὁ Καλαφάτης
1041–1042 Fødd i 1015 og var nevø og adoptivson av Mikael IV. Han forsøkte å ta makta frå Zoë, men måtte trekka seg etter kort tid på grunn av populariteten til Zoë og systera Theodora. Han blei kastrert og send i kloster der han døydde i 1042.
  Konstantin IX Monomakos
Gresk Κωνσταντῖνος Θʹ Μονομάχος
1042–1055 Fødd ca. 1000 av aristokratiske foreldre. Han blei send i eksil til Lesbos av Mikael IV, men returnerte då denne døydde og blei utpeikt til å gifta seg med keisarinne Zoë. Han levde eit noko utsvevande liv. Under regjeringstida hans opplevde imperiet invasjonar frå petsjenegarane på Balkan og seldsjukkane frå aust, og dessuten striden som førte til det store skismaet, det vil seia splittinga mellom den katolske og den ortodokse kyrkja i 1054.
  Theodora Porfyrogenita
Gresk Θεοδώρα
1055–1056 Fødd i 984 som ei yngre syster av Zoë Porfyrogenita (dotter av Konstantin VIII). Ho blei medkeisarinne i 1042 då Zoë gifta seg for tredje gong. Etter at Zoë døydde i 1050 og mannen hennar Konstantin IX i 1055 blei ho eineherskar. Ho utropte Mikael VI Stratiotikos til etterfølgjar på trona.

Ikkje noko dynasti (1056–1057)Endra

Namn Regjeringstid Merknad
  Mikael VI Stratiotikos
Gresk Μιχαὴλ Ϛʹ Βρίγγας, ὁ Στρατιωτικός, ὁ Γέρων
1056–1057 Byråkrat og militær leiar ved hoffet til Theodora som blei avsett av Isak I Komnenos og send i kloster der han døydde i 1059.

Det komnenske dynastiet (1057–1059)Endra

For meir om dette emnet, sjå Huset Komnenos.
Namn Regjeringstid Merknad
  Isak I Komnenos
Gresk Ἰσαάκιος Αʹ Κομνηνός
1057–1059 Fødd ca. 1005. Han hadde stor suksess som general i hæren og hadde støtte i militærvesenet. Han blei utropt til keisar etter at Mikael VI trakk seg 31. august 1057. Han gjekk av i 1059 og døydde to år senere.

Dukas-dynastiet (1059–1081)Endra

For meir om dette emnet, sjå Dukas-dynastiet.
namn Regjeringstid Merknad
  Konstantin X Dukas
Gresk Κωνσταντῖνος Ιʹ Δούκας
1059–1067 Fødd i 1006. Han var general og nær alliert med Isak I. Han etterfølgde Isak som keisar i 1059. Han utnemnde sønene Mikael, Andronikos og Konstantios som medkeisarar, og Mikael blei innsatt som keisar då Konstantin døydde i 1067.
80px Romanos IV Diogenes
Gresk Ρωμανὸς Δʹ Διογένης
1067–1071 Fødd i 1032. Han var general og blei utpeikt til å gifta seg med keisarinne Eudokia som var blitt enke i 1067. Han styrte som regent for sonen til Eudokia, Mikael, fram til 1071, då han blei avsett etter slaget ved Manzikert. Han blei blinda og send i eksil der han døydde kort tid etter.
  Mikael VII Dukas
Gresk Μιχαὴλ Ζʹ Δούκας
1067–1078 Fødd 1050 som eldstesonen til Konstantin X. Medkeisar frå 1059 og keisar då faren døydde i 1067, men som mindreårig var han det første året under regentskapet til mor si, Eudokia Makrembolitissa. I perioden 1068-1071 var den nye ektemannen til mora, Romanos IV, «senior»-keisar, medan Mikael overtok denne tittelen i 1071. Han trekte seg under eit opprør leia av Nikeforos Botaniates i 1078 og døydde som munk i 1090.
  Nikeforos III Botaniates
Gresk Νικηφόρος Γʹ Βοτανειάτης
1078–1081 Fødd i 1001 og var «strategos» i Theme Anatolic. Han gjorde opprør mot Mikael VII og blei ønskt velkommen i Konstatinopel, men blei seinare styrta av Komnenos-familien. Han trekte seg tilbake til eit kloster i 1081 der han døydde seinare same året.

Det komnenske dynastiet (1081–1185)Endra

For meir om dette emnet, sjå Huset Komnenos.
Namn Regjeringstid Merknad
  Alexios I Komnenos
Gresk Ἀλέξιος Αʹ Κομνηνός
1081–1118 Nevø av Isak I Komnenos som blei fødd i 1056. Han var general som stod i spissen for eit kupp mot Nikeforos III. Han gjeninnsette Konstatin Dukas som medkeisar og utnemnde den eldste sonen sin Johannes II til medkeisar i 1092.
  Johannes II Komnenos
Gresk Ἰωάννης Βʹ Κομνηνός
1118–1143 Fødd i 1087 som eldste son til Alexios I. Han var medkeisar frå 1092 og etterfølgde far sin som keisar. Han var ein populær og nøysam keisar og blei omtalt som «Johannes den gode». Han utnemnde sonen sin Alexios Komnenos til medkeisar i 1122, men han døydde før far sin.
  Manuel I Komnenos
Gresk Μανουὴλ Αʹ Κομνηνός
1143–1180 Fødd i 1118 som fjerde og yngste son til Johannes II. Faren utnemnde han til keisar på dødsleiet framfor den eldre gjenlevande broren Isak Komnenos. Han var ein energisk keisar som førte fleire krigar med stor suksess, men forbruket hans utarma ressursane i riket.
  Alexios II Komnenos
Gresk Ἀλέξιος Bʹ Κομνηνός
1180–1183 Fødd i 1169 som einaste son av Manuel I. Han styrte under mora, Maria av Antiok, sin regentskap fram til 1182. I 1183 blei han styrta og drepen av Andronikos I.
  Andronikos I Komnenos
Gresk Ἀνδρόνικος Αʹ Κομνηνός
1183–1185 Fødd ca. 1118 og var son av Manuels I's bror Isak Komnenos. Han var general og blei fengsla og seinare send i eksil etter eit kuppforsøk. I 1183 lyktest han i å ta makta frå Alexios II og mor hans som var regent. Ein svært upopulær keisar som blei styrta i 1185 og lynsja etter eit folkeopprør.

Det angelanske dynastiet (1185–1204)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det angelanske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
  Isak II Angelos
Gresk Ἰσαάκιος Βʹ Ἄγγελος
1185–1195 Fødd i september 1156 og tilrana seg trona i spissen for eit opprør mot Andronikos I. Regjeringstida hans var prega av opprør og krigar på Balkan, særleg mot Bulgaria. Han blei avsett, blinda og fengsla av den eldre bror sin, Alexios III.
  Alexios III Angelos
Gresk Ἀλέξιος Γʹ Ἄγγελος
1195–1203 Fødd i 1153 og var ein eldre bror av Isak II. Regjeringstida hans var prega av vanstyre og auka makt til landadelen. Han blei avsett av Det fjerde krosstoget frå vest og flykta frå Konstantinopel. Han døydde i fangenskap i keisarriket Nikea i 1211.
  Alexios IV Angelos
Gresk Ἀλέξιος Δʹ Ἄγγελος
1203–1204 Son av Isak II, fødd i 1182. Blei innsett saman med far sin av krossfararne, men begge blei avsette i januar 1204. Han døydde av kveling 8. februar 1204.
  Isak II Angelos (gjeninnsatt)
Gresk Ἰσαάκιος Βʹ Ἄγγελος
1203–1204 Gjeninnsett saman med soneb Alexios IV. Han blei igjen avsett (av Alexios V) og døydde i januar 1204, kanskje forgifta.
  Alexios V Dukas
Gresk Ἀλέξιος Εʹ Δούκας ὁ Μούρτζουφλος
1204 Fødd i 1140, svigerson av Alexios III og ein høgtståande aristokrat. Han avsette Isak II og Alexios IV i eit palasskupp. Han forsøkte å slå tilbake krossfararane , men dei erobra Konstantinopel og tvinga han til å flykta. Han oppheldt seg i eksil hjå Alexios III, men blei seinare blinda av denne. Han blei fanga av krossfararane og avretta i desember 1205.

Det laskariske dynastiet (1204)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det laskariske dynastiet.
Namn Regjeringstid Merknad
Konstantin Laskaris
Gresk Κωνσταντῖνος Λάσκαρης
1204 Var (sannsynlegvis) keisar ein svært kort periode under invasjonen til Det fjerde krosstoget i Konstantinopel i 1204. Konstantin flykta ut av byen umiddelbart etter utnemninga.

Rikea under og etter det fjerde krosstogetEndra

Det latinske rike (1204–1261)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det latinske riket.

}}

Namn Regjeringstid Merknad
  Balduin I 1204–1205 Fødd i 1172 som Balduin IX, greve av Flandern. Han var ein av leiarane for Det fjerde krosstoget som invaderte Konstantinopel i 1204. Keisartittelen blei tilboden til Enrico Dandolo, dogen av Venezia som leia krosstoget, men då han avslo blei Balduin vald. Han blei arrestert og drepen i kamp i 1205.
  Henrik av Flandern 1205–1216 Fødd i 1174, bror til Balduin I og den seinare regenten Yolanda. Han blei rekna for å vera ein dyktig og pragmatisk leiar som stabiliserte det latinske styret i Konstantinopel.
  Peter II av Courtenay 1216–1217 Fødd ca. 1155, son av Peter I av Courtenay og Elizabeth de Courtenay. Peter I var son av kong Ludvig VI av Frankrike. Han blei utnemnd til keisar medan han var i Frankrike, og på reisa til Konstantinopel blei han arrestert og døydde seinare i fangenskap, slik at han aldri rakk å verka som keisar.
  Yolanda av Flandern 1217–1219 Enke etter Peter, regent for ektemannen medan han sat i fangenskap. Hadde to barn, Robert I og Balduin II, med keisar Peter II som seinare blei keisarar.
Conon de Béthune 1219 Fransk adelsmann og dikter. Regent for den nyutnemnde keisaren Robert I medan han var i Frankrike, men døydde i desember samme året.
  Giovanni Colonna den yngre 1220–1221 Kardinal og paveleg legat til Konstantinopel som blei utnemnd til regent i 1220. Fungerte som dette fram til mars 1221 då den utnemnde keisaren Robert I kom til Konstantinopel og blei krona.
  Robert I av Courtenay 1221–1228 Son av tidl. keisar Peter II av Courtenay og Yolanda av Flandern. Blei utnemnd til keisar etter at den eldre broren hans Filip avslo tilbodet.
  Johannes av Brienne 1229–1237 Regent for den mindreårige Balduin II. Han hadde tidlegare vore konge og regent i Kongeriket Jerusalem. Han sette som betingelse at Balduin II skulle gifta seg med dotter si, og at han sjølv skulle vera medkeisar til han døydde.
  Balduin II av Courtenay 1228–1261 Yngre bror til Robert I. Han blei einekeisar då Johannes av Brienne døydde i 1237. Under hans styre blei Konstantinopel gjenerobra av bysantinarane under keisar Mikael VIII Palaiologos i keisarriket Nikea, og det latinske riket opphøyrde i 1261. Balduin II flykta til Italia, der han døydde i 1273.

Keisarriket Nikea (1204–1261)Endra

For meir om dette emnet, sjå Keisarriket Nikea.

Det laskariske dynastiet

Namn Regjeringstid Merknad
  Teodoros I Laskaris
Gresk Θεόδωρος Αʹ Λάσκαρις
1204–1222 Fødd ca. 1174, svigerson av Alexios III Angelos og bror til Konstantin Laskaris. Han måtte rømma frå Konstantinopel då krossfararane inntok byen. Han drog til Nikea og organiserte motstanden mot latinarane derfrå. Etter at broren døydde i 1205 utropte han seg til keisar i Nikea. Han klarte å stoppda den vidare frammarsjen til latinarane og Nikea blei den leiande greske staten som stod imot Det latinske riket.
  Johannes III Dukas Vatatzes
Gresk Ιωάννης Γʹ Δούκας Βατάτζης
1222–1254 Fødd 1192 eller 1193, son av general Basileios Vatatzes. I 1216 blei han utpeikt av keisar Teodoros I Laskaris til å gifte seg med dottera Irene Laskaria og blei dermed tronarving. I 1230-åra allierte Johannes seg med tsar Ivan Asen II av Bulgaria og forsøkte å omleira Konstantinopel i 1236, men Ivan Asen trekte seg ut av omleiringa.
  Teodoros II Dukas Laskaris
Gresk Θεόδωρος Βʹ Δούκας Λάσκαρις
1254–1258 Fødd i 1221 eller 1222, son av Johannes III Dukas Vatatzes og Irene Laskaria. Gift med Elena Asenina, dotter av den bulgarske tsar Ivan Asen II. Han hadde epilepsi og døydde i 1258.
  Johannes IV Dukas Laskaris
Gresk Ἰωάννης Δʹ Δούκας Λάσκαρις
1258–1261 Fødd 1250, son av Teodoros II Dukas Laskaris og Elena Asenina. Han blei keisar sju år gammal med George Mouzalon som regent, men regenten blei drepen og Mikael VIII Palaiologos overtok den reelle makta som medkeisar. Då Mikael gjenerobra Konstantinopel frå latinarane i 1261, blei Johannes etterlaten i Nikea og blinda.

I 1261 blei det latinske styret i Austromarriket styrta og keisaren i Nikea flytta hovudsetet sitt til Konstantinopel. Lista over keisarar i Austromarriket frå 1261 fortset under oversikten over dei mindre depotatene som oppstod i kjølvatnet av Det fjerde krosstoget.

Despotatet Epirus (1205–1479)Endra

For meir om dette emnet, sjå Despotatet Epirus.

Komnenos Dukas-dynastiet (1205–1318)

Namn Regjeringstid Merknad
  Mikael I Komnenos Dukas
Gresk Μιχαὴλ Κομνηνὸς Δούκας
1205–1214 Fødd ca. 1170, og blei utnemnd til guvernør i Epirus i 1204. Han hadde kjempa mot dei latinske krossfararane som okkuperte Konstantinopel i 1204, og han etablerte Epirus som sjølvstendig bysantinsk rike i 1205.
  Teodoros Komnenos Dukas
Gresk Θεόδωρος Κομνηνὸς Δούκας
1214–1230 Han etterfølgde halvbroren Mikael I som herskar i Epirus. Han utvida riket og var også keisar i Tessaloniki 1225–1227. Han utfordra den nikeanske keisaren Johannes III Dukas Vatatzes som den eigentlege austromerske keisaren, men blei slått av latinarane under åtak på Konstantinopel i 1230. Han døydde ca. 1253.
  Mikael II Komnenos Dukas
Gresk Μιχαὴλ Βʹ Κομνηνὸς Δούκας
1230–1268 Han var ein uekte son av Mikael I og etterfølgde onkelen sin Teodoros som herskar i Epirus i 1230. Han var den første som nytta tittelen despot. Han døydde i (eller like før) 1268.
Nikeforos I Komnenos Dukas
Gresk Νικηφόρος Αʹ Κομνηνὸς Δούκας
1268–1297 Fødd ca. 1240, son av Mikael II og etterfølgde far sin som despot. Han døydde i 1297.
Thomas I Komnenos Dukas
Gresk Θωμὰς Αʹ Κομνηνὸς Δούκας
1297–1318 Son av Nikeforos I. Han var fødd i 1285 og blei despot då faren døydde i 1297 med mor si Anna Palaiologina Kantakouzene som regent. Han blei drepen av nevøen sin Nikolas Orsini som overtok makta i 1318.

Orsinidynastiet (1318–1359)

Namn Regjeringstid Merknad
Nikolas Orsini
Gresk Νικόλαος Ορσίνι
1318–1323 Son av Johannes I Orsini av Kefallinia, ein høgtståande embetsmann som var gift med dotter til Nikeforos I Komnenos Dukas. Han overtok faren sin posisjon då han døydde i 1317, men gjekk til angrep på og drap onkelen sin Thomas I i Epiros i 1318. Han gifta seg med enka etter onkelen Anna Palaiologina, som var dotter av keisar Mikael IX Palaiologos. I 1323 blei han sjølv drepen av bror sin, Johannes II Orsini.
Johannes II Orsini
Gresk Ἰωάννης Κομνηνὸς Δούκας
1323–1335 Kom til makta då han drap broren Nikolas. Deretter gifta han seg med enka Anna Palaiologina. Han døydde brått i 1335, truleg forgifta av kona.
Nikeforos II Orsini
Gresk Νικηφόρος Βʹ Δούκας
1335–1338
1356–1359
Son av Johannes II og fekk makta som sjuåring med mor si Anna som regent. Han blei avsett under eit opprør i 1338. I tida etter dette var Epirus prega av borgarkrigar før Nikeforos blei gjeninnsett i 1356. Han blei drepen i 1359 og Epirus blei deretter styrt av medlemmer av den serbiske kongefamilien.

Nemanjić-dynastiet (1359–1385)

Namn Regjeringstid Merknad
  Simeon Uroš Palaiologos
Serbisk Симеон Урош
Gresk Συμεών Ούρεσης
1359–1366 Fødd ca. 1326 som son av den serbiske kong Stefan Dečanski og den andre kona hans Maria Palaiologina som var dotter av den bysantinske cæsaren Johannes Palaiologos (soneson av tidlegare keisar Mikael VIII Palaiologos). Han var også halvbror til Stefan Dušan som frå 1346 også kalla seg konge over Serbia og Hellas.
  Thomas II Preljubović
Serbisk Тома Прељубовић
Gresk Θωμὰς Κομνηνὸς Παλαιολόγος
1367–1384 Son av cæsar Gregorius Preljub, den serbiske guvernøren i Thessaloniki. Gift med Maria Palaiologina, dotter til Simeon Uroš. Han var omtalt som ein tyrannisk herskar som blei drepen av si eiga livvakt i 1384.
  Maria Angelina Dukaina Palaiologina
Serbisk Марија Ангелина Немањић
Gresk Μαρία Αγγελίνα Δούκαινα Παλαιολογίνα
1384–1385 Enke etter Thomas II Preljubović og dotter av Simeon Uroš. Etter at mannen døydde gifta ho seg med ein av fangene hans, Esau de' Buondelmonti.

Buondelmonti-dynastiet (1385–1411)

Namn Regjeringstid Merknad
Esau de' Buondelmonti
Gresk Ησαύ Μπουοντελμόντι
1385–1411 Son av ein aristokrat frå Firenze som blei tatt til fange i Epirus. Han sat fleire år i fengsel, men då keisar Thomas II døydde gifta han seg med enka til Thomas og blei «despot».
Giorgio de’ Buondelmonti
Gresk Γεώργιος Μπουοντελμόντι
1411 Son av Esau de' Buondelmonti og den tredje kona hans Jevdokija (Eudokia) Balšić. Han blei despot då faren døydde i 1411 med mor si som regent. Ho var svært upopulær, og då det blei kjend at ho planla å gifta seg med ein serbisk aristokrat blei ho og sonen Giorgio avsette etter berre 20 dager. Giorgio døydde i 1453.

Tocco-dynastiet (1411–1479)

Namn Regjeringstid Merknad
Carlo I Tocco 1411–1429 Son av hertug Leonardo I Tocco og den tidlegare despoten Esau de' Buondelmonti si syster Lefkada (eller Leukas). Han blei tilboden despottittelen av aristokratiet i Epirus som hadde avsett den upopulære Giorgio de' Buondelmonti og mor hans. Bestefaren hans Guglielmo II Tocco hadde også vore gift med Margherita Orsini, som var syster av dei tidligere despoteaner Nicholas Orsini og Johannes II Orsini.
Carlo II Tocco 1429–1448 Nevø av Carlo I, son av broren hans Leonardo II Tocco. Makta hans blei omstridd av sønene til Carlo I som allierte seg med den osmanske sultanen Murad II. Denne okkuperte hovudstaden Ioannina, men Carlo II lukkast i å halda på makta i resten av riket frå hovudsetet sitt i Àrta.
Leonardo III Tocco 1448–1479 Son av Carlo II. Han overtok som despot då far hansdøydde i 1448. I 1449 okkuperte osmanarne også Leonardo sin hovudstad Àrta, og despotatet Epirus bestod no berre av tre befestingar. I 1479 overtok osmanarane dei siste restane av riket og Leonardo flykta til Napoli der han døydde i 1499.

Trapezunt-riket (1204–1461)Endra

For meir om dette emnet, sjå Trapezunt-riket.

Megas Komnenos-dynastiet

Namn Regjeringstid Merknad
Alexios I Megas Komnenos
Gresk Ἀλέξιος Αʹ Μέγας Κομνηνός
1204–1222 Fødd i 1182, son av Manuel Komnenos som var i slekt med keisar Andronikos I. På morssida stamma han frå den georgiske kongefamilien, og med deira støtte blei han keisar i Trapezunt-riket som blei oppretta i kjølvatnet av den latinske okkupasjonen av Konstantinopel.
  Andronikos I Gidos
Gresk Ἀνδρόνικος Αʹ Γίδος
1222–1235 Sannsynlegvis general under keisar Teodoros I Laskaris. Han blei gift med ei dotter av keisar Alexios I Megas Komnenos og overtok keisardømet då svigerfaren døydde.
Johannes I Axouchos
Gresk Ἰωάννης Αʹ Ἀξοῦχος
1235–1238 Han var eldste son av Alexios I Megas Komnenos (fødd før 1214), men sannsynlegvis var han mindreårig då faren døydde i 1222 ettersom Alexios sin svigerson Andronikos I overtok makten da.
  Manuel I Megas Komnenos
Gresk Μανουὴλ Αʹ Μέγας Κομνηνός
1238–1263 Trileg fødd før 1214 som andre son av Alexios I. Han styrka økonomien i riket og gjorde det til ei stormakt ved Svartehavet.
Andronikos II Komnenos
Gresk Ἀνδρόνικος Βʹ Μέγας Κομνηνός
1263–1266 Fødd ca. 1240 som eldste son av Manuel I.
Georgios Komnenos
Gresk Γεώργιος Κομνηνός
1266–1280 Fødd ca. 1255, son av Manuel I og den tredje kona hans, Irene Syrikaina. Han blei tatt til fange eller fengsla av eigne militære i 1280, men prøvde å ta tilbake makta i 1284 uten å lykkast.
  Johannes II Megas Komnenos
Gresk Ἰωάννης Βʹ Μέγας Κομνηνός
1280–1284 Fødd 1262 eller 1263 som yngste son av Manuel I og Irene Syrikaina. Han var gift med dottera til den bysantinske keisaren Mikael VIII Palaiologos.
Theodora Megala Komnena 1284–1285 Dotter av Manuel I og halvsyster til Johannes II. I 1284 klarte ho med hjelp frå kong David VI av Georgia å avsetta halvbroren, men Johannes II erobra trona tilbake året etter.
  Johannes II Megas Komnenos
Gresk Ἰωάννης Βʹ Μέγας Κομνηνός
1285–1297 Både Georgios og Theodora, halvsyskena til Johannes II, prøvde å avsetja han i 1284. Theodora lykkast, men måtte flykta året etter og Johannes II blei gjeninnsett som keisar.
Alexios II Megas Komnenos
Gresk Ἀλέξιος Βʹ Μέγας Κομνηνός
1297–1330 Fødd 1282 som eldste son av Johannes II og Eudokia Palaiologina, dotter til den bysantinske keisaren Mikael VIII Palaiologos.
Andronikos III Megas Komnenos
Gresk Ἀνδρόνικος Γʹ Μέγας Κομνηνός
1330–1332 Son av Alexios II. Han regjerte berre 15 månader og gjorde seg bemerka ved å drepe to av dei yngre brørne sine.
Manuel II Megas Komnenos
Gresk Μανουὴλ Βʹ Μέγας Κομνηνός
1332 Fødd ca. 1324 som son av Andronikos III. Var keisar i 8 månader, muligens med mor si som regent, men blei avsett og avretta året etter (som niåring) som resultat av eit kuppforsøk som hadde til hensikt å gjeninnsetta han.
Basileios Megas Komnenos
Gresk Βασίλειος Μέγας Κομνηνός
1332–1340 Yngre bror av Andronikos III og son av Alexios II. Han flykta til Konstantinopel då Andronikos drap dei to andre brørne deira Mikael og Georgios. Etter at Andronikos døydde blei han beden om å koma tilbake som keisar. Gift med Irene Palaiologina, dotter av den bysantinske keisaren Andronikos III Palaiologos. Han døydde i 1340, truleg forgifta av kona si, som overtok makta etter han.
Irene Palaiologina
Gresk Εἰρήνη Παλαιολογίνα
1340–1341 Fødd ca. 1315 som (uekte) dotter av den bysantinske keisaren Andronikos III Palaiologos. Ho blei gift med Basileios Megas Komnenos og overtok makta etter at ho truleg forgifta han i 1340. Avsett året etter og send i eksil til Konstantinopel.
Anna Anachoutlou
Gresk Ἄννα Ἀναχουτλοῦ
1341–1342 Eldste datter av Alexios II. Ho var først nonne i eit kloster i Jerusalem, men blei henta av aristokratiet i Trapezunt og innsett på trona då Irene Palaiologina blei forvist. Året etter blei ho avsett i eit kupp og avretta.
Johannes III Megas Komnenos
Gresk Ἰωάννης Γʹ Μέγας Κομνηνός
1342–1344 Fødd ca. 1321 som son av den etterfølgjande keisaren Mikael Megas Komnenos. Han blei henta frå Konstantinopel av ei opposisjonsgruppe som med ein mindre flåtestyrke gjennomførte statskupp og innsatte Johannes III i 1342. Han heldt far sin i fengsel, men faren blei frigjort i 1344 og han avsette sonen og sende han i kloster. Han døydde i 1362.
  Mikael Megas Komnenos
Gresk Μιχαὴλ Μέγας Κομνηνός
1344–1349 Fødd ca. 1288 som ein yngre son av den tidligere keisaren Johannes II. Han var også far til forgjengaren sin Johannes III. Han var keisar ein dag i juli 1341, men blei avsett igjen med ein gong. Han sat fengsla, men blei lauslaten i 1344 og overtok makta etter å ha avsett sonen sin. Han døydde ein gong etter 1355.
  Alexios III Megas Komnenos
Gresk Ἀλέξιος Γʹ Μέγας Κομνηνός
1349–1390 Fødd i 1338, son av Basileios Megas Komnenos og Irene Palaiologina. Overtok makta etter Mikael Megas Komnenos med støtte frå den bysantinske keisaren Johannes VI Kantakouzenos.
Manuel III Megas Komnenos
Gresk Μανουὴλ Γʹ Μέγας Κομνηνός
1390–1417 Fødd 1364, son av Alexios III. Han blei arving til trona då den eldre broren Basileios døydde i 1377. Han blei gift med Gulkhan-Eudokia, dottera til den georgiske kong David IX av Georgia.
Alexios IV Megas Komnenos
Gresk Ἀλέξιος Δʹ Μέγας Κομνηνός
1417–1429 Fødd 1382, son av Manuel III. Då faren døydde i 1417 blei Alexios skulda av enkelte for å stå bak dødsfallet. I 1429 kom sonen hans Johannes, som hadde flykta til Georgia, tilbake og gjorde krav på trona, og Alexios blei drepen av nokre av støttespelarane hans.
Johannes IV Megas Komnenos
Gresk Ἰωάννης Δʹ Μέγας Κομνηνός
1429–1460 Fødd ca. 1403 som eldste son av Alexios III. Han kom i konflikt med foreldra sine og måtte flykta til Georgia. Broren Alexander var utpeikt til ny keisar, men då Johannes kom tilbake til Trapezunt i 1429 og gjorde krav på trona, blei Alexios drepen av nokre av Johannes sine støttespelarar.
David Megas Komnenos
Gresk Δαβὶδ Μέγας Κομνηνός
1460–1461 Han blei fødd ca. 1408 og var ein yngre bror av Johannes IV. Johannes hadde sjølv utpeikt den fire år gamle nevøen sin Alexios til arving, men David fekk sett han til side og overtok makta. Han blei den siste keisaren i Trapezunt ettersom dei osmanske troppane inntok riket i 1463. David og barna hans blei avretta av osmanarane same året.

Det palaiologiske dynastiet (1259–1453)Endra

For meir om dette emnet, sjå Det palaiologiske dynastiet.

Her fortset lista over dei austromerske keisarane med hovudsete i Konstantinopel etter at det latinske styret blei styrta.

namn Regjeringstid Merknad
  Mikael VIII Palaiologos
Gresk Μιχαὴλ Ηʹ Παλαιολόγος
1259–1282 Han blei fødd i 1223 og var oldebarnet til Alexios III. Han var keisar i Nikea frå 1259 og leia gjenerobringa av Konstantinopel i 1261.
  Andronikos II Palaiologos
Gresk Ἀνδρόνικος Βʹ Παλαιολόγος
1282–1328 Son av Mikael VIII og fødd 25. mars 1259. Medkeisar frå 1261, krona i 1272 og einekeisar etter at Mikael døydde i 1282. Han utnemnde sonen sin Mikael IX Palaiologos til medkeisar. Under borgarkrigen 1321–1328 måtte han først anerkjenna barnebarnet Andronikos III Palaiologos som medkeisar, og blei deretter direkte avsett. Han døydde 13. februar 1332.
  Andronikos III Palaiologos
Gresk Ἀνδρόνικος Γʹ Παλαιολόγος
1328–1341 Son av Mikael IX, fødd 25. mars 1297. Han blei medkeisar i 1316. Han avsette bestefaren Andronikos II i 1328 og herska som einekeisar til han døydde. Med støtte frå Johannes VI Kantakouzenos vann han tilbake Epirus og Thessaloniki for riket, men måtte tola nederlag mot osmanarane.
  Johannes V Palaiologos
Gresk Ἰωάννης Εʹ Παλαιολόγος
1341–1376 Fødd i 1332 og overtok som keisar åtte år gammal då faren døydde. Prøvde til ei viss grad å alliera seg med vestlege makter for å demma opp for ekspansjonen til Det osmanske riket, men mislykkast. Blei avsett av sonen Andronikos IV i 1376, men kom tilbake som regjerande keisar i 1379.
  Johannes VI Kantakouzenos
Gresk Ἰωάννης Ϛʹ Καντακουζηνός
1347–1354 Regent for Johannes V frå 1341, keisar frå 1347, men trekt seg tilbake då Johannes V overtok makta. Levde som munk og forfattar til 1383.
  Andronikos IV Palaiologos
Gresk Ἀνδρόνικος Δʹ Παλαιολόγος
1376–1379 Son av Johannes V som han låg i strid med i mange år. Han styrta far sin ved eit kupp i 1376, men i ein fredsavtale blei faren gjeninnsett og Andronikos blei tronarving. Han var far til den etterfølgjande keisaren Johannes VII. Andronikos døydde i 1385.
  Johannes V Palaiologos
Gresk Ἰωάννης Εʹ Παλαιολόγος
1379–1391 (gjeninnsett) Etter ein fredsavtale mellom Johannes V og Andronikos IV blei Johannes gjeninnsett som keisar med Andronikos IV som tronarving. Johannes døydde i 1391 etter å ha vore keisar i nesten 50 år. Han etterlet seg eit fragmentert rike som levde på nåde frå eit ekspanderande osmansk imperium.
  Johannes VII Palaiologos
Gresk Ἰωάννης Ζʹ Παλαιολόγος
1390 Fødd 1370, son av Andronikos IV. Medkeisar frå 1377. Han avsette bestefaren Johannes V i 1390 og sat som keisar i fem månader før Johannes V blei gjeninnsett med hjelp av sonen sin Manuel II og Johannes VII søkte tilflukt hjå osmanarane.
  Manuel II Palaiologos
Gresk Μανουὴλ Βʹ Παλαιολόγος
1391–1425 Fødd 1350, son av Johannes V Palaiologos. Han nedkjempa og avsette nevøen sin Johannes VII i 1390/1391 og kom sjølv på keisartrona då faren hans Johannes V døydde i februar 1391.
  Johannes VII Palaiologos
Gresk Ἰωάννης Ζʹ Παλαιολόγος
1399–1402 (gjeninnsett) I 1399 måtte Manuel II dra til Europa for å søka støtte mot den osmanske ekspansjonen. Johannes VII blei midlertidig gjeninnsett under fråveret til Manuel II, og heldt formelt på tittelen basileus til han døydde i 1408.
  Johannes VIII Palaiologos
Gresk Ἰωάννης Ηʹ Παλαιολόγος
1425–1448 Fødd 1392 som eldste son av Manuel II. Han døydde barnlaus i 1448.
  Konstantin XI Palaiologos
Gresk Κωνσταντῖνος ΙΑʹ Παλαιολόγος
1448–1453 Fødd 1405 og var ein yngre bror av Johannes VIII. Han blei den siste keisaren av Austromarriket og døydde same dag som Det osmanske riket under sultan Mehmet II erobra Konstantinopel den 29. mai 1453.

KjelderEndra

LitteraturEndra