Bård Hoksrud
Bård André Hoksrud (fødd 26. mars 1973 i Porsgrunn) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet). Han vart vald inn på Stortinget frå Telemark i 2005, og vart sist attvald i 2017. Han var vararepresentant i periodane frå 1997–2005.
Bård Hoksrud | |
![]() | |
Fødd | 26. mars 1973 (50 år) Porsgrunn |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar |
Verv | Formann i FpU 1999-2002 |
Føregangar | Anders Anundsen |
Etterfylgjar | Trond Birkedal |
Hoksrud har vore kommunestyrerepresentant i Bamble kommune og medlem av fylkestinget i Telemark. Han har tidlegare vore formann av Framstegspartiets Ungdom. Frå 31. august 2018 til 22. januar 2019 var han landbruks- og matminister i Regjeringa Solberg.
I september 2011 vart han filma av TV2 på veg ut av ein bordell[1] i Riga. Han innrømte etter dette å ha kjøpt sex av ei prostituert kvinne. Hoksrud trekte seg etter avsløringa frå alle verv i FrP, men held fram som stortingsrepresentant.[2]. Han vedtok bota på 25 000 kroner som han vart pålagt å betale av Politiet i Telemark for brot mot §202a i Straffelova.[3]
StortingskomitearEndra
- 2019–: medlem i finanskomiteen
- 2015–2018: medlem i helse- og omsorgskomiteen
- 2009–2013: andre nestleiar i transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2005–2009: medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2005–2013: medlem i valkomiteen
FotnotarEndra
- ↑ http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/krim/stortingspolitiker-kjoepte-sex-i-riga-3591400.html
- ↑ http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7803441
- ↑ Lena Beathe Jakobsen (22. september 2011). «Hoksrud godtar bot». varden.no. Henta 22. september 2011.