Børstehovud

art av sporvefuglar
Børstehovud
Børstehovud (Bilete av utstoppa eksemplar)
Børstehovud
(Bilete av utstoppa eksemplar)
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Infraorden: Corvidae Corvida
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Pityriasis
Art: Børstehovud P. gymnocephala
Vitskapleg namn
Pityriasis gymnocephala

Børstehovud, Pityriasis gymnocephala, er ein middels stor sporvefugl, einaste medlemmen i den biologiske slekta Pityriasis og i familien Pityriaseidae. Dette er ein gåtefull og uvanleg art i regnskogen i Borneo.[1]

Børstehovud er middels stor, ca. 25 centimeter i lengd, ein svart eller mørk grå fugl, med raude leggar og raud farge på hals og nakke, har grå øyredekkjarar og øvre del av hovudet er ei fjørlaus, gul, «krone». Fuglen har ein kvit vengeflekk, synleg i flukt, og hoer har òg raude flekker på kroppssidene. Han har eit massivt, tungt, svart nebb med liten krok i enden, og ein kort hale, det gjev fuglen ein butt utsjånad. Krona er dekt av korte, 3–4 mm lange gule eller stråfarga utvekstar som liknar berre fjørposar, det har gjeve namnet 'børstehovud'. Ungfuglar har svarte bein, raude øyredekkjarar, ein raud augering, berre nokre raude fjører på hovudet og har ikkje utvikla bustene.[2]

Dette er ein støyande art som gjev ei rekkje umusikalske lydytringar, inkludert karakteristiske høge, nasale klynketonar blanda inn med sterkare tonar, plystretonar, støyt og kakklingar.[1][3]

Børstehovud er endemisk for øya Borneo, lever i låglandet opp til 1200 moh., sjølv om populasjonen er sparsam, usamanhengjande og uføreseieleg. Dei kan finnast både i primærskog og i planta skog i låglandet, inkludert sumpskogane på Borneo, blandaskog av Dipterocarpaceae-tre og i mangroveskog.[3]

Børstehovud er ein sosial art som ofte flyttar seg i små bråkete flokkar på 6-10 fuglar i dei midtre og øvre høgder i skogen, nokre gonger i blandingsflokkar med andre skogsfuglar som malkohaer, timalar, drongoar, trogonar, spettar og hornfuglar. Rørslene oppe i skogkrona er treige og tunge, og dei flyg med raske, lette vengeslag.[1][3]

Dei lever hovudsakleg av store virvellause dyr, spesielt rettvenger, pinnedyr, biller, sommarfuglar, sikadar, kakerlakkar, termittar og edderkoppar som dei plukkar frå trelauv, kvistar, greiner og trestammar. Dei vil òg ete små virveldyr og frukt.[1][3]

Forplantingsbiologien er i stor grad ukjent for denne arten.

Klassifisering av arten har vore kontroversiell. Til tider har han vore plassert i Prionopidae, hjelmvarslarar, i Cracticidae, slaktarfuglar, i Artamidae, svalestarar, eller i Corvidae, kråker.[3][4][5]

Den største trugsmålet mot arten børstehovud kjem frå habitatøydelegging gjennom skogshogst i låglandsurskog og frå brenning av sumpskog, og arten har ganske sikkert gjennomgått ein nedgang i bestanden. Men dei lever òg i mindre påverka skogsider slik at dei er klassifisert som 'nær truga'.[6]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 MacKinnon, John; & Phillipps, Karen. (1993). A Field Guide to the Birds of Borneo, Sumatra, Java and Bali. OUP: Oxford. ISBN 0-19-854035-3
  2. Colenutt, Simon. (2002). Little known Oriental bird: Bornean Bristlehead. Oriental Bird Club Bulletin 35.[1]
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Smythies, B.E.; & Davison, G.W.H. (1999). The Birds of Borneo. Natural History Publications (Borneo): Kota Kinabalu. pp.606-608.
  4. Museum Victoria collections, arkivert frå originalen 13. juli 2012, henta 30. oktober 2010 
  5. Discover Life - Corvidae
  6. BirdLife International (2010) Species factsheet: Pityriasis gymnocephala., arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 30. oktober 2010