Slaktarfuglar
Slaktarfuglar, Cracticidae, òg kjent som kråkevarslarar, er ein biologisk familie av sporvefuglar, Passeriformes. Dette er kråkeliknande fuglar med sterk kroppsbygging, utbreidd i Australia, Tasmania og Ny-Guinea. Næraste slektningar er svalestarar, Artamidae.
Slaktarfuglfamilien | |
Tasmankurrawong, Strepera fuliginosa Foto: KeresH
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Slaktarfuglfamilien Cracticidae |
Skildring
endreFjørdrakta til desse fuglane er vanlegvis svart og kvit eller gråfarga. Nebbet er kraftig, ofte med ein liten nedbøygd krok i enden. Hos nokre artar finn ein markert kjønnsdimorfisme. Slaktarfuglar varierer i lengd frå 25 til 53 centimeter.
Slaktarfuglar er altetande og lever mest av insekt, små landlevande virveldyr, frukt og frø. Cracticus-artar, tar òg små pattedyr og fuglar som dei deler opp før dei et. Slaktarfuglar byggjer reir av kvister, tørt gras og små røter i forgreiningar på tre. Dei legg to til fem blågrøne, grågrøne eller brunflekkete egg som blir ruga i omtrent tjue dagar. Ungfuglane er flygedyktige etter fire veker i reiret. Den australske arten svartslaktarfugl, Cracticus quoyi, hekkar frå september til februar, dei andre australske artane hekkar frå august til desember.
Etter ein DNA-studie i 1985, la Sibley og Ahlquist framlegg om ein ny klade Cracticini[1] som samla Cracticidae og svalestarar i Artamidae.[2] Dette er ikkje reflektert korkje i Clementslista eller i IOC World Bird List. Peltops-artane på Ny-Guinea var tidlegare plassert saman med monarkflugesnapparar.
Artslista
endreSlaktarfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Slekt Peltops
- Fjellpeltops, Peltops montanus, Mountain Peltops, LC, Stresemann, 1921
- Låglandspeltops, Peltops blainvillii, Lowland Peltops, LC, Garnot, 1827
Slekt Cracticus
- Svartryggslaktarfugl, Cracticus mentalis, Black-backed Butcherbird, LC, Salvadori & D'Albertis, 1876
- Gråryggslaktarfugl, Cracticus torquatus, Gray Butcherbird, LC, Latham, 1801
- Sølvryggslaktarfugl, Cracticus argenteus, Silver-backed Butcherbird, Gould, 1841
- Papuaslaktarfugl, Cracticus cassicus, Hooded Butcherbird, LC, Boddaert, 1783
- Tagulaslaktarfugl, Cracticus louisiadensis, Tagula Butcherbird, DD, Tristram, 1889
- Songslaktarfugl, Cracticus nigrogularis, Pied Butcherbird, LC, Gould, 1837
- Svartslaktarfugl, Cracticus quoyi, Black Butcherbird, LC, Lesson, 1827
Slekt Gymnorhina
- Plystreskjor, Gymnorhina tibicen, Australasian Magpie, LC, Latham, 1801
Slekt Strepera
- Austkurrawong, Strepera graculina, Pied Currawong, LC, White, 1790
- Tasmankurrawong, Strepera fuliginosa, Black Currawong, LC, Gould, 1837
- Sotkurrawong, Strepera versicolor, Gray Currawong, LC, Latham, 1801
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Würgerkrähen» frå Wikipedia på tysk, den 25. november 2010
Referansar
endre- ↑ Sibley CG, Ahlquist JE (1985). «The phylogeny and classification of Australo-Papuan passerine birds» (PDF). Emu 85 (1): 1–14. doi:10.1071/MU9850001. Henta 15. april 2009.
- ↑ Christidis L, Boles WE (2008). Systematics and Taxonomy of Australian Birds. Canberra: CSIRO Publishing. s. 196. ISBN 9780643065116.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar, lydopptak og bilete av slaktarfuglar hos Internet Bird Collection