B.J. Cole
Brian John Cole (fødd 17. juni 1946) er ein engelsk pedalsteelgitarist. Han vart kjend tidleg i 1970-åra med bandet Cochise, og har spelt innan mange stilartar frå pop og rock til jazz og eksperimentell musikk.[1]
B. J. Cole | |||
| |||
Fødd | 17. juni 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Enfield i Middlesex | ||
Fødenamn | Brian John Cole | ||
Alias | B. J. | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970– | ||
Sjanger | Jazz | ||
Instrument | Pedalsteelgitar | ||
Tilknytte artistar | Cochise Luke Vibert | ||
Plateselskap | Hubro, United Artists Records | ||
Verka som | jazzmusikar, jazzgitarist |
Han spelte sida med Marc Bolan / T.Rex på albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow i 1974, samt med Elton John på albuma Tumbleweed Connection og Madman Across The Water, mellom anna på songane «Country Comfort» og «Tiny Dancer». Han har òg spelt i lag med R.E.M., Cat Stevens, Kevin Ayers, Billy Connolly, Richard Ashcroft, The Verve, Luke Vibert, Graham Coxon, Roger Waters, Juno Reactor, Rockin Dave Taylor, Depeche Mode, Doll by Doll, Devon Sproule, Björk, Chumbawamba, David Gilmour, Hanson, Ian Siegal, Jah Wobble, The Stranglers, Sting, Icebreaker og Brian Joseph Friel. Han spelar på David Gilmour-albumet On An Island frå 2006 og på The Moody Blues-albumet Long Distance Voyager frå 1981.
Diskografi
endreMed Cochise
- Cochise (United Artists Uas 29177) 1970
- Swallow Tales (Liberty Lbg 83428) 1971
- So Far (United Artists Uas 29286) 1972
Solo
- The New Hovering Dog (1972)
- Transparent Music (1989)
- Heart Of The Moment (1995)
- Trouble In Paradise (2004)
Med Luke Vibert
- Drum 'n' Bass 'n' Steel (1999)
- Stop The Panic (2000)
- Spring Collection (2000)
Med Pete Molinari
- A Virtual Landslide (2008)
Anna utval
endre- Elvis Costello: Kojak Variety (2004)
- Björk: Post (1995)
- David Sylvian: Gone to Earth (1986)
- Cat Stevens: Back to Earth
- Joan Armatrading: Joan Armatrading (1976)
- Joan Armatrading: What's Inside (1995)
- Chris De Burgh: Far Beyond These Castle Walls (1975)
- Jerry Lee Lewis: The Session (1973)
- Decameron: "Say Hello To The Band" (1973)
- Elton John: Madman Across The Water ("Tiny Dancer" -1972)
- Felt: Me and a Monkey on the Moon (1989)[2]
- Graham Coxon: The Kiss of Morning (2002)
- Richard Ashcroft: Alone with Everybody (2000)
- Depeche Mode: Ultra (1997)
- John Cale: Eat/Kiss: Music for the Films by Andy Warhol (1997)
- John Cale: Walking on Locusts (1996)
- Philip Clemo: Mesmer (2012)[3]
- Gorky's Zygotic Mynci: 20 (spelar på to songar) (1995)
- Roger Waters: Amused To Death (1992)
- Deacon Blue: Raintown (1987)
- The Stranglers: Dreamtime (1986)
- Delta 5: See the Whirl (1981)
- Cat Stevens: Back to Earth (1978)
- Joan Armatrading: Joan Armatrading (1976)
- Humble Pie: «Humble Pie (album)» (1970)
- Otmar Binder Trio feat. BJ Cole & Christian Dozzler: «Boogie Woogie Turnaround"
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «B. J. Cole» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Loftus, Johnny. «B.J. Cole Biography». Allmusic. Henta 26. mai 2012.
- ↑ Mohan, John (2010), «Rock-n-Roll on the Hard Shoulder», i Flamm, Christian; Sperlinger, Mike, Foxtrot Echo Lima Tango, London: Johnston & Vock, s. 14–18
- ↑ «Philip Clemo – Mesmer». propermusic.com. October 2012. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 30 April 2014.