Baglarane
politisk gruppering i Noreg i mellomalderen
(Omdirigert frå Baglarar)
Baglarane var ei kyrkjeleg gruppe som kjempa mot Sverre og birkebeinarane i borgarkrigstida i Noreg. Namnet kjem av norrønt språk bagall, som tyder bispestav. Baglarane vart stifta i 1196 av biskop Nikolas Arnesson i Oslo og erkebiskop Eirik av Nidaros. I hovudsak var det vikværingar som vart med. Baglarane vart slegne av kong Sverre. Etter at han døydde vart det inngått eit forlik med kongemakta. I denne tida hadde baglarane base på Helgøya i Mjøsa. Baglarane underordna seg heilt under birkebeinarane frå 1217. Rolla til baglarane vart overteke av ribbungane. Baglarane er den mest kjende gruppa av dei som kjempa mot birkebeinarane.
Andre grupper som kjempa mot birkebeinarane
endre- Lendmannspartiet var eit parti etter 1150. Ein av leiarane var Erling Skakke.
- Heklungane er ei gruppe som vart nemnd i 1183.
- Kuvlungane et eit parti danna i 1184, som hadde Jon Kuvlung som hovding. Jon hadde vore munk på Hovedøya og namnet kuvlung var eit spottenamn birkebeinarane nytta om flokken (norrønt: kufl tyder munkehette). Kuvlungane vart slegne av kong Sverre ved Bergen i 1188 der Jon Kuvlung fall.
- Breiskjeggflokken kjend frå 1190-1191, leia av Torleiv Breiskjegg.
- Øyskjeggflokken eller Øyskjeggane (norrønt: eyskeggjar) stifta i 1193 og vart rekruttert mellom dei norrøne innbyggjarane på de skotske øyane. Øyskjeggflokken vart slegen av kong Sverre i 1194.
- Slittungane ein flokk av fattigfolk leia av presten Bene frå kring 1216 til 1220. Dei slo seg i lag med ribbungane
- Ribbungane (norrønt: røvar) var ein opprørsflokk stifta av tidlegare medlemmer av baglarane (m.a. Gudolf av Blakstad) i 1219 og hadde til 1227 stor innflyting på Austlandet. Kongsemnet til Ribbungane var Sigurd Ribbung.
- Vårbelgane eller varbelg var dei som kjempa under Hertug Skule mot Håkon Håkonson i 1239 og 1240. I hovudsak kom dei frå Austlandet. I 1189 og 1190 var namnet vårbelg nytta om ein flokk som gjorde opprør mot kong Sverre. Vårbelg (norrønt: várbelgir) tyder vårskinn, som er eit skinn av dårleg kvalitet. Igjen viser dette til fattigfolk.
Vidgjetne baglarar
endreLitteratur
endre- Sturla Tordsson: Håkon Håkonsson saga
- Karl Jónsson: Sverres saga