Balkh er ein liten by i Balkh-provinsen i Afghanistan. Han ligg omtrent 20 km nordvest av administrasjonssenteret til provinsen Mazar-e Sharif, og 74 km sør for Amu-Darja, kjent som Oxus-elva i antikken, som tidlegare rann forbi Balkh. Den antikke byen skal vera den eldste i Afghanistan. Han er blitt knytt til det vediske namnet Bhakri, og var tidlegare kjend som Zainaspa. Balkh er no for det meste ei mengd ruinar, plassert rundt 12 km frå den høgre breidda av Balkh-elva, 366 moh.

Balkh
by
15c green mosque.jpg
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan

Balkh
36°45′29″ N 66°53′56″ E
Wikimedia Commons: Balkh

HistorieEndra

Forandring i klimaet har ført til ørkenspreiing sidan antikken, då regionen var svært fruktbar. Innbyggjarane er medvitne den gamle historia og stordommen til byen, som blir kalla Mor til byane. Det blir også hevda at Zoroaster talte i Balkh og er gravlagd der. Grunnleggigna av byen blir mytisk tilskriven Kaiomurs, den persiske Romulus. Det er sikkert at på eit tidleg tidspunkt var byen ein rival til Ekbatana, Ninive og Babylonia. Bactra blei erobra av Aleksander den store i 328 f.Kr.

Ein gammal tradisjon seier at det antikke tempelet til Anahita var her, eit tempel som var så rikt at det inviterte til plyndring.

I lang tid var byen og landet det sentrale setet til religionen parsisme eller zoroastrisme. Grunnleggjaren, Zoroaster, døydde innanfor bymurane ifølgje den persiske diktaren Firdousi. I eit eldtempel i Balkh heldt kasmirske brahminer kalla Pramukh lampene brennande. Tempelet konverterte seinare og har namnet Nava Vihara (Navbahar) i persiske nedtegnelser.

Memoarene til Xuanzang fortel av på 600-talet var det i byen, eller området rundt, rundt hundre buddhistiske kloster, med 3 000 tilhengarar, ei stor mengd stupaer og andre religiøse byggverk. Det mest spesielle var Nau Behar (avci Bihara eller

'Nytt kloster') som hadde ein kostbar statue av Buddha. Den arabiske geografen Yaqtit Ibn-Haukal, som vitja byen på 900-talert, skildra Balkh som bygd av leire med vollgraver og seks portar. Han nemnde òg eit slott og ein moské.

Under den islamske erobringa av Persia på 600-talet var Balkh ein sikker base i motstanden og ei sikker hamn for den persiske keisaren Yedzgird som flykta hit frå srtyrkane til Umar.

Ibn Sina (Avicenna) var ein tadsjikar fødd i Balkh i 980, og var den mest kjende filosofen og forskaren på si tid. Han er spesielt kjend for innsatsen sin innan aristotelisk filosofi og medisin. Verka hans dukka opp i Toledo i Spania der dei blei kopiert og hadde innverknad på framvoksteren av aristotelisk filosofi i Europa på 1100-talet.

Idrisi snakka på 1100-talet om at byen hadde eit variert utdanningstilbod og heldt fram aktivt med handel. Det var fleire viktige kommersielle ruter frå byen, som strekte seg så langt som til India og Kina.

Djengis Khan plyndra Balkh, slakta innbyggjarane og jamna alle bygningar som kunne forsvara byen med jorda, same handsaming som Timur Lenk igjen utsette byen for i på 1300-talet. På trass av dette kunne Marco Polo rosa byen i det følgjande hundreåret.

På 1500-talet inntok usbekarar Balkh. Stormogulen Shah Jahan kjempa nyttelaust mot dei i fleire år i 1640-åra. Aurangzeb hadde sete i byen i fleire år i ungdommen. I 1736 erobra Nadir Shah byen. Under Durrani-dynastiet fall han i hendene på pashtoane, han blei erobra av Shah Murad av Kunduz i 1820, og ei tid var han underlagt av khanen av Bukhara. I 1850 erobra Mohammed Akram Khan Balkh, og frå den tida blei byen verande den under afghansk styre.[1]

Balkh i 1911Endra

På grunn av malariafaren ved Balkh i regntida flytta det regionale administrasjonssenteret i til Mazar-e Sharif i 1870-åra.

I 1911 bestod Balkh av ei busetjing med rundt 500 afghanarar, ein koloni jødar og ein liten basar plassert midt i ei mengd ruinar og område med skrot.

Gjennom den vestlege porten (Akcha), passerte ein under tre boger, som blei kjende att som restane av den tidlegare fredagsmoskeen (Jama Masjid). Dei ytre murane, for det meste forfalne, blei rekna til å vera mellom 10,5 og 11,3 km i lengd. I søraust var dei plassert høgt på kunstige haugar, noko som tyda på eit mongolsk opphav.

Festningen i nordaust blei bygd høgt på ein haug og hadde murar og ei vollgrav rundt. Det var rett nok lite igjen av nokre tårn. Sabz-moskeen (Masjid Sabz) med den grøne kuppelen sin skal husa grava til ein khwaja, Abul Narsi Parsar. Av den tidlegare madrasaen (skulen) var det berre igjen inngangen med si boge.

Byen var forskansa i 1911 med eit par hundre frivillige (kasidarer), vanlege troppar heldt til ved Takhtapul nær Mazar-e Sharif. Hagane i nordaust hadde eit karavaneserai som utgjorde den eine sida av ein gardsplass.

Balkh i dagEndra

Det blei sett i gang eit moderniseringsprosjekt gang i 1934 der det blei bygd åtte gater med hus og basarar. Balkh er eit senter for bomullsindustrien, skinn frå persiske lam, og for landbruksprodukt som mandlar og melonar. I tillegg til dei antikke ruinane og festningane har byen fleire minnesmerke:

  • Sayed Subhan Quli Khan sin madrasa
  • Bala-Hesar, eit tempel og moske etter Khaja Nasrat Parsa.
  • Grava til den diktaren Rabia Balkhi.
  • Moskeen med ni kuplar, òg kjend som Haji Piyada, som er det eldste kjende muslimske monumentet i Afghanistan.
  • Den tradisjonelle basaren.

KjelderEndra

  1. «Persia, Arabia, etc.». World Digital Library. 1852. Henta 27. juli 2013.