Bar Giora (hebraisk בַּר גִּיּוֹרָא) er ein moshav i Judeafjella. Han ligg mellom Beit Shemesh og Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 414.

Bar Giora
moshav
Land  Israel
Region Jerusalemkorridoren
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°43′46.2″N 35°4′19.55″E / 31.729500°N 35.0720972°E / 31.729500; 35.0720972
Folketal 641 (2015)
Grunnlagd 18. oktober 1950
 •  Grunnlagd av jemenittiske jødar
Kart
Bar Giora
31°43′46″N 35°04′20″E / 31.7295°N 35.072097222222°E / 31.7295; 35.072097222222
Kart som viser Bar Giora.
Kart som viser Bar Giora.
Kart som viser Bar Giora.
Wikimedia Commons: Bar Giora

Landsbyen vart grunnlagd den 18. oktober 1950 avy emigrantar frå Jemen og kalla opp etter Simon Bar Giora. Han var først ein arbeidsleir kalla Eitanim, og vart ein moshav i 1954.

Bar Giora vart grunnlagd på landområde som høyrte til den palestinske landsbyen Allar, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948. Han ligg nordaust for der landsbyen Allar låg.[1]

Kjelder

endre
  1. Khalidi, 1992, s. 266

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Bar Giora