Barneherskar, barnekonge eller barnekeisar er ein monark som ikkje er blitt vaksen. I eit monarki der monarken ikkje er myndig enno kan ein eller fleire regentar eller rådgjevarar ha makta.[1] Dette kan til dømes vera eit familiemedlem eller ein høgtståande adelsmann eller embetsmann. Medan herskaren er umyndig kan konkurransen mellom ulike politikarar og rådgjevar vera særs hard.[2]

Edvard VI av England blei krona som fjortenåring.

Barnekongar kan vera knytte til uro og omveltingar i eit monarki.

Barnekeisarar var vanlege ei tid i Vestromarriket (367-455), særleg i åra før keisar Valentinian III, som sjølv blei keisar som seksåring. Ordninga med barnekeisarer som etterkvart blei vaksne førte til ei såkalla infanitilesering av keisarembetet, som hadde festa seg under den lange regjeringstida til Honorius, som var keisar før Valentinian.[3] I denne ordninga opererte keisarmakta i eit sterkt avgrensa maktrom samanlikna med autoriteten det hadde hatt eit hundreår tidlegare.

Fujiwara-klanen blei den styrande makta i Japan for lang tid framover då Fujiwara Yoshifusa blei regent ein barnekeisar i 858.[4]

Alfred den store tok trona i Wessex i 871 i staden for ein av dei mindreårige brorsonane sine i ei kaotisk tid med vikinginvasjonar.[5] Ifølgje nokre forskarar fann framveksten av primogenitur, rådsstyre og parlamentet si makt i England alle stad i samband med barneherskarar.[6]

Autoritet endre

Vanlegvis blir det utnemnd ein regent dersom monarken er umyndig. Det finst også tilfelle der det ikkje blir utnemnd nokon regent, men dette tyder ikkje at monarken sjølv hadde makta. Til dømes blei makta under umyndigheitstida til Theodosius II halden av prefekten Anthemius før syster hans Pulcheria blei utnemnd til regent.[7] I engelsk historie har ein berre utnemnd ein offisiell regent for ein barnekonge: William Marshal, 1. jarl av Pembroke for niårige Henrik III i oktober 1216, etter at kong Johan døydde. Seinare regentar for barneherskarar før 1811 fekk titlar med mindre provoserande titlar som Lords Justices of the Realm, Lord Protector eller Protector and Defender (etter 1422), og i nokre høve Guardian of the Realm. I alle høva skulle desse regentane bli støtta av eit kollektiv råd eller gruppe høgståande embetsmenn.

Døme endre

Monarkar som har vore umyndige under regjeringstida si er mellom anna:

Kjelder endre

  1. «Five Child Monarchs Who Changed History | All About History», www.historyanswers.co.uk (på engelsk), henta 16. februar 2020 
  2. Beem, Charles (2008). The Royal Minorities of Medieval and Early Modern England. New York: Palgrave Macmillan. s. 5. ISBN 9781349375615. 
  3. McEvoy, Meaghan (2013). Child Emperor Rule in the Late Roman West, AD 367-455. Oxford, UK: Oxford University Press. s. 224. ISBN 9780199664818. 
  4. Wright, Edmund, red. (2006). «Fujiwara». A Dictionary of World History (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-280700-7. doi:10.1093/acref/9780192807007.001.0001/acref-9780192807007-e-1397. 
  5. Lunga, Peter Sigurdson (13. desember 2019). «Alfred den store». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Beem, Charles (2008). The Royal Minorities of Medieval and Early Modern England. New York: Palgrave Macmillan. s. 5. ISBN 9781349375615. 
  7. Friell, Gerard; Williams, Stephen (2014). The Rome that Did Not Fall: The Survival of the East in the Fifth Century. New York: Routledge. s. 227. ISBN 9780415154031. 
  8. «Ny udstilling om den danske barnekonge», Politiken (på dansk), 22. juni 2006, henta 16. februar 2020