Beg, Steal or Borrow
«Beg, Steal or Borrow» Song av The New Seekers | ||
Land | Storbritannia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | Pop, slager | |
Lengd | 02:45 | |
Selskap | Polydor og Philips[1] | |
Låtskrivar(ar) | Tony Cole, Steve Wolfe, Graeme Hall | |
---|---|---|
Produsent | David Mackay |
«Beg, Steal or Borrow» ('tigge, stele eller låne') er ein britisk popsong som var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 1972. Songen vart framført på engelsk av popgruppa The New Seekers. Melodi og tekst var skrivne av Tony Cole, Steve Wolfe og Graeme Hall. Songen enda på andreplass i Eurovision Song Contest, og vart ein hit i delar av Europa etter tevlinga. I Noreg toppa songen VG-lista i åtte veker, og er blant dei mest suksessrike Eurovision-bidraga i Noreg, målt ut frå VG-lista.[2]
Om songen
endre«Beg, Steal or Borrow» vender seg til ein tidlegare kjærast. Dei to elskande skulle vere saman og at det kunne bli naudsynleg å «tigge, stele eller låne» («beg, steal or borrow») for «Eg bringer deg kjærleik» («I'll bring you love»). Det er ein kjærleikssong.
I Eurovision Song Contest vart «Beg, Steal or Borrow» framført som det femte bidraget om kvelden 23. mars 1972, etter spanske Jaime Morey med «Amanece», og før Noregs Grethe Kausland og Benny Borg med «Småting».
Då avrøystinga var ferdig, hadde «Beg, Steal or Borrow» fått 114 poeng og fekk ein andreplass blant atten deltakarar.
The New Seekers spela også inn «Beg, Steal or Borrow» på single. Produsent var David Mackay.
Listeplasseringar
endreListe (1972) | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Debutdato |
---|---|---|---|
Belgia, Flandern (Ultratop)[3] | 9 | 10 | 1. april 1972 |
Belgia, Vallonia (Ultratop)[4] | 12 | 9 | 15. april 1972 |
Irland (Irish Singles Chart)[5] | 3 | 8 | 4. mars 1972 |
Nederland (Single Top 100)[6] | 3 | 8 | 1. april 1972 |
Noreg (VG-lista)[7] | 1 | 17 | Uke 14, 1972 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[8] | 2 | 13 | 4. mars 1972 |
Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[3][9] | 5 | 17 | 10. april 1972 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[10] | 5 | 9 | 18. april 1972 |
Kjelder
endre- ↑ «'Beg, Steal or Borrow' – The New Seekers». discogs.com. Henta 22. februar 2019.
- ↑ Riise, Hege Bakken (20. mars 2010). «Topp 10 mest minneverdige ESC-hits». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. februar 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «The New Seekers - Beg, Steal Or Borrow». ultratop.be. Henta 22. februar 2019.
- ↑ «The New Seekers - Beg, Steal Or Borrow». ultratop.be. Henta 22. februar 2019.
- ↑ «The New Seekers - Beg, Steal Or Borrow». irishcharts.ie. Henta 22. februar 2019.
- ↑ Hung, Steffen. «The New Seekers - Beg, Steal Or Borrow». hitparade.ch. Henta 29. desember 2018.
- ↑ «norwegiancharts.com - The New Seekers - Beg, Steal Or Borrow». norwegiancharts.com. Henta 29. desember 2018.
- ↑ «beg, steal or borrow | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 29. desember 2018.
- ↑ «Beg, Steal or Borrow på Offizielle Deutsche Charts». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. Henta 22. februar 2019.
- ↑ hitparade.ch - The New Seekers - Beg, Steal Or Borrow
- Denne artikkelen bygger på «Beg, Steal or Borrow» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2023.