Bendix Ebbell

norsk misjonær
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bendix Joachim Ebbell.

Bendix Ebbell (12. april 18659. juni 1941) var ein norsk medisinar og teolog, kjend for misjonsarbeid på Madagaskar og interessa si for det gamle Egypt.

Bendix Ebbell

Fødd12. april 1865
Vestre Aker
Død9. juni 1941
Stavanger kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, misjonær, egyptolog, teolog
EktefelleAnna Margrethe Ebbel
BarnElla Marie Ebbel
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ebbell var fødd i Christiania. He fekk grada cand.theol. i 1888 og cand.med. i 1892. Frå 1893 til 1912 arbeidde han som lege for dei norske misjonærane på Madagaskar. Han dreiv medisinsk forsking, mellom anna på mangelsjukdommar, og gav ut innsiktsfulle studie om beri-beri og rakitt. I 1903 gav han ut musikken til den madagassisk-lutherske salmeboka.

Han gifta seg med Anna Margrethe Dahle, som sjølv var dotter av ein misjonsprest og oppvaksen på Madagaskar, i 1894. Han grunnla eit sjukehus i den norske misjonsstasjonen Antsirabé. Det blei brend ned av motstandarar mot det franske kolonistyret i 1896, men raskt attreist av Ebbell.

Bendix Ebbell var òg interessert i egyptologi, særleg gammalegyptisk medisin. Han omsette to papyrusar, «Papyrus Ebers» frå 1500-talet f.Kr. og Papyrus Edwin Smith frå 1600-talet f.Kr.

I 1912 kom Ebbell tilbake til Noreg og blei distriktslege i Sandnes. Frå 1917 til 1935 var han fylkeslege i Rogaland og distriktslege i Hetland.

Bendix Ebbell var medlem av hovudstyret i Det Norske Misjonsselskap frå 1924 til 36. Han blei vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1937.

Kjelder endre