Berboritt
Berboritt er eit berylliumborat-mineral, Be2(BO3)(OH,F)•H2O. Det er kjent i vene mikrokrystall frå ein nefelinsyenittpegmatitt ved Langesundsfjorden. Det finst tre polytype former av berboritt.
Berboritt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Boratmineral | ||
Kjemisk formel | Be2(BO3)(OH,F)•H2O | ||
Strunz-klassifisering | 06.AB.10 | ||
Dana-klassifisering | 26.1.1.1 | ||
Krystallsymmetri | Heksagonal punktgruppe: 3, 3m, eller 6 | ||
Einingscelle | a = 4.43 Å, c = 5.34 Å; V 90.76 ų; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus | ||
Krystallsystem | Heksagonal | ||
Tvilling | Kompleks | ||
Kløyv | {0001} perfekt | ||
Brot | Ujamn - flate flater (ikkje kløyv) brotne i ujamne mønster | ||
Mohs hardleiksskala | 3 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Tettleik | 2.2 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.580 nε = 1.485 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.095 | ||
Ultrafiolett fluorescens | ingen | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Han vart først skildra i 1967 etter det vart funnen i Lupikkogruva i Ladogaområdet i Karelen i Russland. Det er òg funne ved Tvedalen i Larvik i Vestfold og Siktesøya i Langesundsfjorden ved Porsgrunn i Telemark.[1][3]
Kjelder
endre- Berboritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/berboritt.
- ↑ 1,0 1,1 Mindat.org http://www.mindat.org/min-629.html
- ↑ Webmineral.com http://www.webmineral.com/data/Berborite.shtml
- ↑ 3,0 3,1 Handbook of Mineralogy