Telemark Museum

(Omdirigert frå Berg-Kragerø Museum)

Telemark Museum er eit kulturhistorisk museum i nedre del av tidlegare Telemark fylke, med administrasjon i Brekkeparken i Skien. Telemark Museum var eit av tre konsoliderte museum i Telemark. Dei to andre var Vest-Telemark Museum, med administrasjon i Eidsborg i Tokke og Norsk industriarbeidermuseum på Rjukan. Musea som høyrer til Telemark Museum ligg i kommunane Skien, Porsgrunn, Bamble, Kragerø og Nome.

Telemark Museum

Kart
Telemark Museum
59°12′32″N 9°36′54″E / 59.2088°N 9.615°E / 59.2088; 9.615
Søndre Brekke gård i Skien ligger i Brekkeparken i Skien.
Søndre Brekke gård i Skien ligg i Brekkeparken i Skien.

Søndre Brekke endre

Administrasjonen til det konsoliderte museet held til i herregarden Søndre Brekke. Søndre Brekke ligg i den 36 mål store Brekkeparken. Hovudbygningen til Søndre Brekke gård blei oppført av Jochum Adtzlew kring 1780, medan statsråd Niels Aall fekk oppført sidefløyene på 1800-talet. Empirestilen var på mote då, og Aall oppførte dei nye fløyene i denne stilen, og fekk bygga om hovudbygningen slik at han framstod som empire. Parken som omkransar garden fekk Aall anlagt kring 1815 i engelsk stil. Frå 1855 til museet overtok i 1909 tilhøyrde Søndre Brekke skipsreiarane Hans Hoell og Nils P. Høyer som begge var gifte med nære slektningar av Henrik Ibsen. Heile tre kusiner av Ibsen, og dottera til ei fjerde kusine, budde på garden i denne perioden.

Brekkeparken har ei stor samling bondestover, låver, loft og bur frå heile Telemark. Den eldste er ei årestove frå Bru i Vinje frå 1300-talet. Museet har ei stor samling folkekunst frå heile Telemark og eit stort utval av gjenstandar frå 1700-talet og 1800-talet. Fotosamlinga tel 2,5 millionar foto, og museet har forvaltningsansvar for 140 000 gjenstandar. Mellom anna har museet ei stor samling Porsgrunds Porselæn.

Fleire museum endre

 
Henrik Ibsen og familien hans budde på garden Venstøp som i dag er Henrik Ibsen Museum i Skien.

I tillegg til hovudmuseet som ligg i Skien omfattar det konsoliderte museet Henrik Ibsen Museum, barndomsheimen til Henrik Ibsen i Skien, Porselensmuseet, som viser porselen frå Porsgrunds Porselænsfabrik, Kittelsenhuset, barndomsheimen til Theodor Kittelsen i Kragerø og Ulefos Hovedgaard, sommarbustaden til Niels Aall, Bamble Museum, Brevik Bymuseum, Porsgrunnsmuseene og Berg-Kragerø Museum.

Leiarar endre

Telemark Museum har i overkant av tretti tilsette. Vibeke Mohr var museumsdirektør frå 1995 til 2006, og leia konsolideringa av museum i Telemark. I 2006 tok Lene Walle over som museumsdirektør. Jorunn Sem Fure var direktør for museet frå 2012. Barbara Ida de Haan blei ny direktør i 2022.[1]

Kjelder endre

  1. Fragell, Geir (21. januar 2022), «(+) Kommer fra Munchmuseet: Barbara er den nye direktøren», Porsgrunns Dagblad (på norsk), henta 25. januar 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Telemark Museum

Litteratur endre

  • Hundre år på Brekke. Bidrag av Tor Kjell Gardåsen, Kari Bjercke, Arnulf Rafgård, Jørgen Haave og Dag Jenssen. Utgiver: Telemark Museum 2009. ISBN 978-82-90692-28-0
  • Sellæg Jo: Ulefos Hovedgaard først og fremst. Telemark Museum 2007. ISBN-13: 978-82-90692-25-9
  • Haave, Jørgen: Familien Ibsen. Museumsforlaget/Telemark Museum 2017. ISBN 9788283050455
  • Sørensen, Einar (red.): Norsk Havekunst under europeisk himmel. Scandinavian Academic Press, 2013. ISBN 978-82-304-00937