Bergen Filharmoniske Orkester

Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) er eit symfoniorkester i Bergen som kan føra historia si heilt tilbake til 1765. Orkesteret held til i Grieghallen, og noverande sjefdirigent er Edward Gardner.[1]

Bergen Filharmoniske Orkester
Skipa1765
Nettstadhttp://www.harmonien.no Sjå dette på Wikidata

Historie

endre

I 1765 vart Musikselskabet Harmonien skipa av rektor Jens Boalth og forfattaren Claus Fasting; orkesteret gjekk under namnet Musikselskabet Harmoniens Orkester. Harmonien er det eldste musikkselskapet i Noreg. Opphavleg dreiv det frivillige selskapet med vokal- og instrumentalmusikk ved å framføra kantatar på kongelege festdagar, kyrkjemusikk ved høve, og ein sjeldan gong musikkdramatikk. I 1793 vart Det dramatiske selskap skipa, og Harmonien samarbeidde med dette heretter.

På attenhundretalet var musikalske storleikar som Ole Bull, Edvard Grieg og Johan Halvorsen alle i leiarposisjonar i orkesteret. Sidan Harmonien vart reorganisert i 1856, har orkesteret hatt ei særstilling i musikkmiljøet i Bergen.

I 1919 oppretta Harmonien eit fast orkester på 40 musikarar, og ein kraftig auke i konsertar, m.a. på Den Nationale Scene. I 1978 fekk orkesteret Grieghallen som fast base, og i 1987 skifte det namn til det noverande Bergen Filharmoniske Orkester. Orkesteret er i dag statsfinansiert, og Bergen Filharmoniske Kor er fast tilknytt orkesteret. Det består i dag av 101 musikarar,[1] har om lag 80 konsertar i året, og har gjort ei rekkje plateinnspelingar.

Faste dirigentar

endre

Prisar og utmerkingar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Bergen Filharmoniske Orkester», Bergen Filharmoniske Orkester (på norsk bokmål), henta 7. desember 2023 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Bergen Filharmoniske Orkester