Berit Kvæven

norsk politikar

Berit Kvæven (fødd 19. november 1942) er ein norsk venstrepolitikar, kvinnesaksforkjempar, sivilingeniør og dr.ing. i kjemi.

Berit Kvæven

Fødd19. november 1942 (82 år)
Øvre Sirdal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001)
  • Leder for Norsk Kvinnesaksforening (2004–2006) Sjå dette på Wikidata

Kvæven har vore sjefingeniør i Klima- og forureiningsdirektoratet og leiar av SNs overvakingsprogram for sur nedbør. Politisk har ho vore nestleiar i Venstre, partiets fylkesleiar i Oslo, politisk rådgjevar for forbrukar- og administrasjonsminister Eva Kolstad og vararepresentant på Stortinget. Ho har også vore president i Tekna, nestleiar i Akademikernes Fellesorganisasjon og leiar for Norsk Kvinnesaksforening.[1][2]

Karriere

endre

Kvæven er utdanna sivilingeniør frå Noregs tekniske høgskole i 1967, var forskar ved SINTEF frå 1968 og tok doktorgrad (dr.ing.) i kjemi ved Noregs tekniske høgskole i 1975, med avhandlinga Undersøkelser av kondensasjonsreaksjoner hos aminoforbindelser. Ho har seinare vore sjefingeniør i Klima- og forureiningsdirektoratet, der ho har arbeida med internasjonale oppgåver, bl.a. som leiar av SNs overvakingsprogram for sur nedbør.[3]

Kvæven har også vore medlem av Statens atomtilsyn 1981–1992, medlem av råd for Referanselaboratoriet for vannanalyse 1981–1988, varamedlem av rådet for Havforskingsinstituttet 1982–1989, varamedlem av Forureiningsrådet 1985–1991, styremedlem i Statens tilsynsinstitusjonar i landbruk 1986–1988, styremedlem i Norsk institutt for jord- og skogkartlegging 1990–1993, medlem av det regjeringsoppnemnde Styrereform-utvalet 1990–1991 og varamedlem av styret for Statistisk sentralbyrå frå 1996.[4]

Politikk og organisasjonsverv

endre

Kvæven var leiar for Trondheim Venstre i 1970-åra, personleg sekretær (tilsvarande politisk rådgjevar) for forbrukar- og administrasjonsminister Eva Kolstad i regjeringa til Lars Korvald frå 1972 til 1973, politisk nestleiar i Venstre frå 1976 til 1982, fylkesleiar for Oslo Venstre i 1990, president i Norske sivilingeniørers forening (no Tekna) frå 1990 til 1993, nestleiar i Akademikernes Fellesorganisasjon frå 1991 til 1993 og leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 2004 til 2006. Ho var vararepresentant på Stortinget for Venstre i perioden 1997–2001.[5]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre