Bernt Aakre

norsk dyrlækjar

Berent Eriksen Aakre (fødd 16. februar 1817 på Bjørke, død 18. desember 1879 i Kristiania) var ein norsk dyrlækjar og forfattar. Han var den fyrste dyrlækjaren som vart utdanna i Noreg.

Biografi endre

Tidlege år endre

Aakre vart fødd på Erkegarden på Åkre i 1817. Som ung låg han ei tid på sjukehus i Ålesund, der han fekk hug for boklesing. På fritida lærte han gresk og latin hjå soknepresten, og eit par år var han også omgangsskulelærar i Bondalen.[1] Med vitnemål frå soknepresten reiste Aakre i 1843 frå Hjørundfjorden til Bergen for å oppsøkja biskop Jacob Neumann og overlærar Lyder Sagen.

Det var sannsynlegvis på denne tida han forfatta det handskrivne dokumentet «Forsøg til en antikvarisk historisk beskrivelse over Mindesmerker og Sagn vedkommende Hjørundfjords prestegjeld», som var tileigna Neumann.[2] Aakre var den fyrste som skreiv om forhistorisk tid i Hjørundfjorden, og sende inn fornfunn til Museet i Bergen (spydspiss og vikingøks frå Leira).[3] Støttespelarane hans i Bergen rådde Aakre til å sikta mot læraryrket eller prestekallet, men sjølv kjende han seg mest dregen mot naturfaga. Han reiste difor vidare til Kristiania, der statsminister Frederik Stang sytte for å få han innrullert ved veterinærhøgskulen i Stockholm.[4]

Dyrlækjar endre

Aakre budde i Stockholm 1845-46, men treivst dårleg og reiste attende til Kristiania. Der gjekk han i lære hjå Christian Boeck, som hadde fått stipend for å studera veterinærfag i utlandet. Planen var at Boeck skulle verta leiar for ein eigen veterinærskule her i landet, men enden på visa vart at Stortinget ikkje ville ta på seg kostnadane ved å skipa ein slik skule. Med Bernt Aakre fekk Boeck likevel gleda av å uteksaminera ein elev i faget, og på nyåret 1848 vart Aakre ved kongeleg resolusjon autorisert som den fyrste dyrlækjaren utdanna i Noreg.[5] Stutt tid etter ferdig utdanning slo han seg ned som dyrlækjar på Ås, der han vart verande resten av livet.

I 1849 gifta han seg med 17 år gamle Sophie Helene Gulbransen, som han fekk fem born saman med. Ho hadde gode evner når det kom til å blanda medisinar, og heldt fram med dette arbeidet også etter at ektemannen var død.[6] Den fyrste tida han budde i Ås skreiv han boka «Forsøg til norsk dyrlægebok: lettfattelig anviisning til at lære at kjende, forebygge og helbrede de almindeligste huusdyrsygdomme».[7] Dette var den fyrste boka om veterinærmedisin utgjeve her til lands. Ho vart ståande som eit referanseverk innan faget jamvel mange år etter at Aakre var avliden, og gjorde han til ein kjend mann over heile landet. Trass i gode kritikkar vart ikkje boka ein økonomisk suksess for Aakre.[8]

Blant folk vart Aakre rekna som ein arbeidsam dyrlækjar som attåt praksisen i Ås reiste mykje til nærliggjande bygder — stundom drog han til bygder langt inne i Østfold. Han fekk også ord på seg for å vera kravlaus og smånøgd. Det vert til dømes fortalt at han ved joletider kom til fots frå Hobøl til ein gard i Kroer. Kona på garden sette i stand eit gjesterom for han og reidde opp med reine laken på senga. Då Aakre såg det sa han: «Nei, gjør ikke dette — jeg kan ikke ligge i den sengen, så skitten, lusete og møkkete som jeg er». Han la seg på golvet og sov der den natta.[9]

Aakre var oppofrande og hjelpsam, og gjekk heller ikkje av vegen for å lækja menneske viss han kunne. Nokre av lækjarane i distriktet likte ikkje at Aakre gjekk dei i næringa, og sokneprest og lokalhistorikar N. A. Dahl fortel at lækjarane sende inn ein klage på Aakre til sorenskrivaren: «Det fortælles, at Distriktets daværende Sorenskriver, H. P. Ellefsen, overfor en af Klagerne skal have fremholdt, at medens denne uden Nytte havde behandlet hans Arm, som var i Ulave, havde Aakre kureret den». Klagen vart difor lagt bort.[10]

Vennskap med Ivar Aasen endre

Aakre hadde samband med Ivar Aasen, og er nemnd fleire gongar i Aasens brev og dagbøker. Dei møttest fyrste gongen i Bergen, og råka kvarandre fleire gongar seinare. I 1849 drog dei til dømes på tur saman til Eikeberg (Ekeberg).[11] I eit brev til den nære vennen og stortingsmannen Mauritz Aarflot i 1845 kjem det fram at han tykte godt om Bernt Aakre: «[...] thi en morsommere Kammerat end B. Aakre skal man neppe finde».[12] Aakre døydde i 1879 medan han var på reise i Kristiania og vart gravlagd der. Ivar Aasen var ein av deltakarane i gravferda.[13]

I 2021 vart det reist eit minnesmerke over Bernt Aakre på Bjørke. Minnesmerket vart avduka av Torill Moseng, president i Den norske Veterinærforening.[14]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Grøvik, I. (1977), s. 70.
  2. Grøvik, I. (1977), s. 71.
  3. Bjørke, K. I. (2015). Føreord. I Bjørke, K. I. (Red.), Indre Hjørundfjords forhistorie: Bjørke, eit høvdingsete (s. 8-9). Ørsta: Anna og Jakob Morks stiftelse.
  4. Grøvik, I. (1977), s. 71.
  5. Borgedal, P. (1967). Veterinærvesenet. I Norges jordbruk i nyere tid: Husdyrholdet (band II, s. 379-380). Oslo: Bøndenes forlag.
  6. Klokk, O. (1963).
  7. Klokk, O. (1963).
  8. Ørstavik, L. I. (2015). Bernt Aakre. I Bjørke, K. I. (Red.), Indre Hjørundfjords forhistorie: Bjørke, eit høvdingsete (s. 10-14). Ørsta: Anna og Jakob Morks stiftelse.
  9. Klokk, O. (1963).
  10. Dahl, N. A. (1916). Aas herred: Bidrag til en østlandsbygds historie. Kristiania: Grøndahl. s. 71. 
  11. Grøvik, I. (1977), s. 72-73.
  12. Aasen, I. (1957). Brev og dagbøker. Oslo: Samlaget. s. 118. 
  13. Grøvik, I. (1977), s. 73.
  14. «Fekk minnestein 142 år etter sin død». Vestlandsnytt. 18. juli 2021. Henta 29. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff endre