Bjelleklang
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå musikkgruppa Bjelleklang.
«Bjelleklang» er ei norsk omsetjing av den amerikanske «Jingle Bells» skriven av James Lord Pierpont rundt 1850. Songen var opphavleg ein humoristisk vintersong, men blei snart teken i bruk som julesong, og blei svært populær i USA. Melodien til refrenget er blitt noko endra sidan den opphavlege versjonen. Han er blitt omsett til fleire språk. Den norske omsetjinga er gjort av Juul Hansen.
Opphav
endreSongen blei skriven av James Lord Pierpont medan han budde i Medford i Massachusetts, ikkje langt frå Boston. Han skal ha blitt inspirert av den lokale kappkøyringa med slede. Songen blei trykt i Boston i 1857 som «One Horse Open Sleigh», og to år seinare som «Jingle Bells, or The One Horse Open Sleigh». Savannah i Georgia, som Pierpont seinare slo seg ned i, er òg lagt fram som opphavsstaden til songen.
Bjelleklang, bjelleklang
Førstedelen av refrenget på norsk
|
Jingle bells, jingle bells,
Førstedelen av refrenget på engelsk
|
«Jingle Bells» skildrar ulike hendingar på vinterføre, i ei slede, med ei jente som passasjer og med ein annan unggut som ler av songaren som kavar i snøen. Til det heile kling dombjøller frå den brune hesten som dreg sleden. Songen er etterkvart blitt særs populær og sterkt knytt til jula, sjølv om han ikkje nemner jul i det heile teke. I staden er bjøller og bjølleklang blitt eit julesymbol.
Særskilde framføringar og inspirasjon
endre«Jingle Bells» blei framført som den første julesongen i verdsrommet i 1965 då astronautane Tom Stafford og Wally Schirra ved Gemini 6 melde om at
- We have an object, looks like a satellite going from north to south, probably in polar orbit... I see a command module and eight smaller modules in front. The pilot of the command module is wearing a red suit....
Deretter framførte dei «Jingle bells» med munnspel og dombjøller.[1]
Songen har også inspirert rockesongen «Jingle Bell Rock», som har ein annan melodi, men bruker tekst frå «Jingle Bells».
Innspelingar
endreSongen er spelt inn fleire tusen gonger. Den første innspelinga blei utført i 1898 av Edison Male Quartette på ein Edison-sylinder, som del av julemedleyen «Sleigh Ride Party». I 1902 blei songen spelt inn av Hayden Quartet.
I 1935 spelte Benny Goodman og hans orkester inn ein versjon som nådde 18.-plass på dei amerikanske salslsitene, og i 1941 nådde Glenn Miller og hans orkester 5.-plassen med sin versjon. Ei innspeling frå 1943 av Bing Crosby og Andrews Sisters nådde 19.-plass på salslistene, og blei seld i over ein million eksemplar. I 1951 spelte Les Paul inn ein gitarversjon som nådde 10.-plass. I 2006 fekk Kimberley Locke ein førsteplass på Billboard Adult Contemporary-lista med songen.
Ei rekkje andre artistar har spelt inn songen, mellom anna Louis Armstrong, The Beatles, The Chipmunks, Judy Collins, Nat King Cole, Perry Como, Placido Domingo, Duke Ellington, Ella Fitzgerald, Spike Jones, Barry Manilow, The Million Dollar Quartet (Johnny Cash, Jerry Lee Lewis, Carl Perkins og Elvis Presley), NSync, Luciano Pavarotti, Smokey Robinson and the Miracles, The Sex Pistols, Frank Sinatra, Fats Waller og Yello.
Norske innspelingar
endre- The Monn Keys i 1956
- Inger Jacobsen og Thore Skogman på Julerefrenget i 1977
- Kjell Vidars på Hei, hå nå er det jul igjen i 1979
- Sandefjord jentekor på Barnas jul i 1986
- Sputnik på Romjulsmusikken til Sputnik i 1989
- Frode Alnæs (instrumentalversjon) på Julegløggen i 2003
- Lise og Sofie Børud på God jul i 2003
- Dænsebændet på Julemoro i 2004
- Sølvin Refvik på Alle tiders julesangbok i 2007
- Celine på Jul på Røros i 2008
- Lindesnes Trekkspillklubb (instrumentalversjon) på Jeg er så glad hver julekveld (2011)
Bakgrunnsstoff
endre- Dei opphavlege notane til «One horse open sleigh» ved American Memory, Library of Congress
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bjelleklang» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2011.
- ↑ Smithsonian Magazine. December 2005. pp. 25.
- Roger Lee Hall, «ONE HORSE OPEN SLEIGH: The Story of "Jingle Bells"» ved americanmusicpreservation.com
- James Lord Pierpont ved hymnsandcarolsofchristmas.com
- Jingle Bells ved hymnsandcarolsofchristmas.com