Jingle Bell Rock
Jingle Bell Rock Singel av Bobby Helms | ||
B-side |
«Captain Santa Claus | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1957 | |
Innspelt | Oktober 1957 | |
Sjanger | Julemusikk, country, rock and roll | |
Lengd | 2:12 | |
Selskap | Decca 9-30513 | |
Komponist | Joe Beal, Jim Boothe | |
Tekstforfattar | Joe Beal, Jim Boothe | |
Låtskrivar(ar) | Joe Beal Jim Boothe | |
Bobby Helms-kronologi | ||
«My Special Angel» (1957) |
Jingle Bell Rock | «Just a Little Lonesome» (1958)
|
«Jingle Bell Rock» er ein populær julesong først gjeven ut av Bobby Helms i 1957. Han har vorte mykje spelt på radio i juletider sidan den gong. «Jingle Bell Rock» vart skriven av Joseph Carleton Beal (1900–1967) og James Ross Boothe (1917–1976).
Helms-innspelingar
endre«Jingle Bell Rock» har vorte spelt av mange, men Helms-versjonen er den mest kjende. Tittelen og noko av teksten er henta frå gamle julesongar som «Jingle Bells». Han referer til andre populære songar i 1950-åra, som «Rock Around the Clock». Hank Garland spelte elektrisk gitar på songen og speler dei første tonane av refrenget på «Jingle Bells».
Trass i at songen vert omtalt som rock i tittelen var Helms-versjonen spelt i stilen rockabilly.
Bobby Helms-versjone på Decca 9-30513 frå 1957, vart spelt inn på ny av han på Kapp K-719 i 1965 og nok ein gong i 1967 på Little Darlin' LD-0038. I 1970 gav Helms ut eit heilt album kalla «Jingle Bell Rock» på Certron C-7013. Enno ei nyinnspeling vart gjeven ut av Helms på Ashley AS-4200 (ukjend år). I 1983 gav Bobby Helms ut den siste innspelinga si av «Jingle Bell Rock» på Black Rose 82713.
Lister
endreHelms-versjonen nådde 13. plass på Billboard's Most Played C&W by Jockeys-lista, ein føregangar til Hot Country Songs-lista. Etter at han vart nytta i filmen Jingle All the Way i 1996, gjekk songen inn på 60. plass på countrylista i USA.
Bobby Helms
endreListe (1956) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Most Played C&W By Jockeys | 13 |
U.S. Billboard Best Sellers in Stores | 6 |
Liste (1996-1997) | Plassering |
U.S. Billboard Hot Country Singles & Tracks | 60 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 18 |
George Strait
endreListe (2000) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[1] | 69 |
Aaron Tippin
endreListe (2002) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[2] | 52 |
Rascal Flatts
endreListe (2008-09) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[3] | 29 |
Blake Shelton and Miranda Lambert
endreListe (2012) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[4] | 37 |
US Country Airplay (Billboard)[5] | 34 |
Andre innspelingar
endreEin annan kjend versjon av songen vart spelt inn av Bill Haley & His Comets i 1968 for United Artists records. Denne kom ikkje ut på den tida, og det gjekk nesten 30 år før songen vart gjeven ut i 1990-åra.
Brenda Lee gav ut ein versjon av «Jingle Bell Rock» som nådde Billboard Christmas-lista i både 1964 og 1967.
Andre artistar som spelte inn songen er:
- Aaron Tippin
- Aly & AJ
- Amy Grant
- Arcade Fire
- Ashanti
- Ashley Tisdale
- Avant
- Billy Gilman
- Billy Idol
- Bobby Sherman
- Bobby Vee
- Bond
- Brenda Lee
- The Brian Jonestown Massacre
- The Brian Setzer Orchestra
- The Brothers Cazimero
- Cascada
- Charice
- Chet Atkins
- China Anne McClain
- Chris Brown
- Chubby Checker med Bobby Rydell
- The Chipmunks
- Connie Talbot
- Dion
- Dr. Teeth and The Electric Mayhem
- Eddie Rabbitt
- Eddy Arnold
- Erich Kunzel and the Cincinnati Pops Orchestra
- The Fall
- Frankie Ford
- Gary Hoey
- Gary Lewis and the Playboys
- Geoff Moore and the Distance
- George Strait
- Geri Halliwell
- Girls Aloud
- Glee Cast
- Hall & Oates
- Herb Alpert
- Hilary Duff
- Hollyridge Strings (medley med «Jingle Bells»)
- Hot Chelle Rae
- Jelly
- Jessica Simpson
- Jeremy Camp[6]
- Jillian Hall
- John Anderson
- John Roderick
- John Williams & the Boston Pops Orchestra
- Johnny Mathis
- Jonas Brothers
- Jonathan Coulton
- Julianne Hough
- k.d. lang
- Kenny G
- Kylie Minogue
- Larry Norman
- Lindsay Lohan & Mean Girls Cast
- Los Campesinos!
- Los Straitjackets
- Lou Rawls
- Ludwig Von Drake
- Lynn Anderson
- Mary Wells
- Max Bygraves
- McClain Sisters
- Michael Bublé & Carly Rae Jepsen (medley med «Rockin' Around the Christmas Tree»[7])
- Mike Love
- Mitchel Musso
- Neil Diamond
- NewSong
- The Newsboys
- Piccolo Coro dell'Antoniano
- The Platters
- Point of Grace
- Ralf Mackenbach
- Randy Travis
- Rascal Flatts
- Tatsuro Yamashita
- Taylor Horn
- Teresa Brewer
- Thousand Foot Krutch
- Vanessa Hudgens
- The Ventures
- Victoria Justice
- Wayne Newton
I popkulturen
endre- Han er opningstemaet i filmen Dødelig våpen frå 1987.
- Dr. Teeth and The Electric Mayhem framførte songen i 1987 i julespesialen A Muppet Family Christmas.
- Helms-versjonen vart nytta i filmen Cookie (1989).
- Songen vart nytta i filmen Hjemme alene 2 i 1992.[8]
- I 2004 vart songen sungen i lag med Lindsay Lohan i komedien Mean Girls av Cady Heron, Regina George, Gretchen Weiners, og Karen Smith i det årlege juletalentshowet deira.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jingle Bell Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Strait?f=357&g=Singles George Strait Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for George Strait. Prometheus Global Media.
- ↑ "Tippin?f=357&g=Singles Aaron Tippin Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Aaron Tippin. Prometheus Global Media.
- ↑ "Flatts?f=357&g=Singles Rascal Flatts Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Rascal Flatts. Prometheus Global Media.
- ↑ "Shelton?f=357&g=Singles Blake Shelton Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Blake Shelton. Prometheus Global Media.
- ↑ "Shelton?f=1226&g=Singles Blake Shelton Album & Song Chart History" Billboard Country Airplay for Blake Shelton. Prometheus Global Media.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2. juli 2014, henta 24. september 2013
- ↑ http://www.youtube.com/watch?v=EYwClmp-LGY
- ↑ Original Soundtrack, Home Alone 2: Lost in New York Henta 24. september 2013.