Blåhalekolibri
Blåhalekolibri (Saucerottia cyanura) er ein fugl i kolibrifamilien og er endemisk for området Sentral-Amerika med Mexico.
Blåhalekolibri | |
Blåhalekolibri | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av blåhalekolibri | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Slekt: | Saucerottia |
Art: | Blåhalekolibri S. cyanura |
Vitskapleg namn | |
Saucerottia cyanura |
Skildring
endreDette er ein kolibri på 9 til 10 centimeter i kroppsslengd. Fjørdrakta er grøn med koparfarga overgump og mørk, blå hale. Underartane har varierande mengd raudbrunt i vengefjør og overgump. Kjønna er nokså like.[1]
Det finst tre åtskilde populasjonar av blåhalekolibriar, ein i nordlege Costa Rica, ein i El Salvador, Honduras og Nicaragua og ein i sørlege Guatemala som òg strekkjer seg litt inn lengst sørvest i Mexico. Her lever dei i både tørr og våt skog. Føda er nektar med tillegg av insekt som dei fangar i lufta.
Populasjonen er estimert til under 50 000 og arten er klassifisert som livskraftig.[2]
Kjelder
endre- Weller, A.A. & Boesman, P. (2016) Blue-tailed Hummingbird (Amazilia cyanura) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. januar 2016
- BirdLife International (2023) Species factsheet: Saucerottia cyanura. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. august 2023
- Referansar
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av blåhalekolibri flickr.com, henta 24. januar 2016