Trochilini

biologisk tribus av kolibriar i underfamilien Trochilinae

Trochilini er ein av dei tre biologiske tribusane (stammar) som utgjer underfamilien Trochilinae i kolibrifamilien Trochilidae. Dei to andre stammane i underfamilien er Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»). Det uformelle namnet «smaragdar» er foreslått for denne gruppa. Fleire slekter inneheld artar med «smaragd» i det norske artsnamnet, inkludert Chlorostilbon med ti artar. Per 2023 samlar denne stammen totalt 114 artar fordelte på 36 slekter.[1][2] Leveområdet for desse kolibriane er frå sørvestlege USA i nord, sørover til og med Uruguay i sør.

Trochilini
Indigokronekolibri (Saucerottia cyanifrons) Foto: Ron Knight
Indigokronekolibri
(Saucerottia cyanifrons)
Foto: Ron Knight
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Trochilini

Utbreiing

endre

Av dei 114 artane i Trochilini, har 50 nærvære i mellomamerikanske land, inkludert Mexico. To av desse er øyartar, breinebbkolibri og fioletthettekolibri er trekkfuglar og har hekkeutbreiing inn i sørlegaste Arizona og New Mexico, USA, og 13 av dei 50 har utbreiing inn i nordvestlege Sør-Amerika. Sju artar høyrer til i Karibia. 57 artar har nærvære avgrensa til Sør-Amerika,[2] av dei har kvitstrupekolibri (Leucochloris albicollis) leveområde så langt sør som søraustlege Brasil, austlege Paraguay, Uruguay og nordaustlege Argentina.[3]

Fylogeni

endre

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at artane dannar ni store kladar.[4] Då Edward Dickinson og James Van Remsen, Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, baserte dei klassifiseringa si på desse resultata og plasserte tre av dei ni kladane i underfamilien Trochilinae. Kladane vart plasserte i separate stammar som dei kalla Trochilini («smaragdar»), Lampornithini («fjelljuvelar») og Mellisugini («bikolibriar»).[5] Stammen Trochilini med den noverande avgrensinga vart introdusert i 2009.[6]

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar.[1][4][6] Dei latinske namna i kladogrammet nedanfor er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.[5]

Kladogram for kolibrifamilien:

Trochilidae 


 Florisuginae – «topasar»



 Phaethornithinae – «eremittar»





 Polytminae – «mangoar»



Lesbiinae 

 Heliantheini – «briljantar»



 Lesbiini – «koketter»





 Patagoninaekjempekolibri


 Trochilinae 


 Lampornithini – «fjelljuvelar»



 Mellisugini – «bikolibriar»




 Trochilini – «smaragdar»







Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[7]

2014-studien av McGuire førte til ein større revisjon av klassifiseringa av Trochilini.[1] Mange av dei tradisjonelle slektene vart funne å vere polyfyletiske, og som eit resultat vart klassifiseringa vesentleg revidert. Berre éi ny slekt vart introdusert (Elliotomyia), men elleve tidlegare ekskluderte slekter vart tatt inn igjen (Phaeoptila, Riccordia, Pampa, Thaumasius, Talaphorus, Leucolia, Saucerottia, Amazilis, Uranomitra, Chionomesa og Polyerata). Samtidig vart seks av dei tidlegare slektene «synonymiserte» (Aphantochroa, Cyanophaia, Elvira, Goethalsia, Juliamyia og Lepidopyga).[2][8]

Artsliste

endre

Stamme Trochilini, «smaragdar», i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, [2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[9] Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori, er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist. [10]

Slekt Phaeoptila
  • Dunkelkolibri, Phaeoptila sordida, Dusky hummingbird, (Gould, 1859), (LC)
Slekt Riccordia
  • Kubasmaragd, Riccordia ricordii, Cuban emerald, (Gervais, 1835), (LC)
  • Svartbrystsmaragd, Riccordia swainsonii, Hispaniolan emerald, (Lesson, RP, 1829), (LC)
  • Puertoricosmaragd, Riccordia maugaeus, Puerto rican emerald, (Audebert & Vieillot, 1801), (LC)
  • Blåhovudkolibri, Riccordia bicolor, Blue-headed hummingbird, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Slekt Cynanthus
  • Breinebbkolibri, Cynanthus latirostris, Broad-billed hummingbird, Swainson, 1827, (LC)
  • manglar norsk namn, Cynanthus lawrencei, Tres marias hummingbird, (Berlepsch, 1887), (NT)
  • Turkiskronekolibri, Cynanthus doubledayi, Turquoise-crowned hummingbird, (Bourcier, 1847), (LC)
  • Gullkronesmaragd, Cynanthus auriceps, Golden-crowned emerald, (Gould, 1852), (LC)
  • Cozumelsmaragd, Cynanthus forficatus, Cozumel emerald, (Ridgway, 1885), (LC)
  • Mayasmaragd, Cynanthus canivetii, Canivet's emerald, (Lesson, RP, 1832), (LC)
Slekt Chlorostilbon
  • Hagesmaragd, Chlorostilbon assimilis, Garden emerald, Lawrence, 1861, (LC)
  • Svartnebbsmaragd, Chlorostilbon melanorhynchus, Western emerald, Gould, 1860, ()
  • Raudnebbsmaragd, Chlorostilbon gibsoni, Red-billed emerald, (Fraser, 1840), (LC)
  • Blåhalesmaragd, Chlorostilbon mellisugus, Blue-tailed emerald, (Linnaeus, 1758), (LC)
  • Chiribiquetesmaragd, Chlorostilbon olivaresi, Chiribiquete emerald, Stiles, 1996, (LC)
  • Glansbuksmaragd, Chlorostilbon lucidus, Glittering-bellied emerald, (Shaw, 1812), (LC)
  • Koparsmaragd, Chlorostilbon russatus, Coppery emerald, (Salvin & Godman, 1881), (LC)
  • Smalhalesmaragd, Chlorostilbon stenurus, Narrow-tailed emerald, (Cabanis & Heine, 1860), (LC)
  • Grønhalesmaragd, Chlorostilbon alice, Green-tailed emerald, (Bourcier & Mulsant, 1848), (LC)
  • Korthalesmaragd, Chlorostilbon poortmani, Short-tailed emerald, (Bourcier, 1843), (LC)
Slekt Basilinna
  • Kvitøyrekolibri, Basilinna leucotis, White-eared hummingbird, (Vieillot, 1818), (LC)
  • Bajakolibri, Basilinna xantusii, Xantus's hummingbird, (Lawrence, 1860), (LC)
Slekt Pampa
  • Kilehalesabelveng, Pampa curvipennis, Curve-winged sabrewing, (Deppe, 1830), (LC)
  • Mayasabelveng, Pampa pampa, Wedge-tailed sabrewing, (Lesson, RP, 1832), (LC)
  • Rustsabelveng, Pampa rufa, Rufous sabrewing, (Lesson, RP, 1840), (LC)
Slekt Abeillia
  • Smaragdstrupekolibri, Abeillia abeillei, Emerald-chinned hummingbird, (Lesson, RP & Delattre, 1839), (LC)
Slekt Klais
Slekt Orthorhyncus
  • Toppkolibri, Orthorhyncus cristatus, Antillean crested hummingbird, (Linnaeus, 1758), (LC)
Slekt Anthocephala
  • Santamartaflorkrone, Anthocephala floriceps, Santa marta blossomcrown, (Gould, 1853), (VU)
  • Tolimaflorkrone, Anthocephala berlepschi, Tolima blossomcrown, Salvin, 1893, (VU)
Slekt Stephanoxis
  • Grønvipekolibri, Stephanoxis lalandi, Green-crowned plovercrest, (Vieillot, 1818), (LC)
  • Fiolvipekolibri, Stephanoxis loddigesii, Purple-crowned plovercrest, (Vigors, 1831), (LC)
Slekt Campylopterus
  • Gråbrystsabelveng, Campylopterus largipennis, Grey-breasted sabrewing, (Boddaert, 1783), (LC)
  • Kalksteinssabelveng, Campylopterus calcirupicola, Outcrop sabrewing, Lopes, de Vasconcelos & Gonzaga, 2017, (VU)
  • Espinhacosabelveng, Campylopterus diamantinensis, Diamantina sabrewing, Ruschi, 1963, (NT)
  • Tepuisabelveng, Campylopterus hyperythrus, Rufous-breasted sabrewing, Cabanis, 1849, (LC)
  • Kvithalesabelveng, Campylopterus ensipennis, White-tailed sabrewing, (Swainson, 1822), (NT)
  • Brunhalesabelveng, Campylopterus falcatus, Lazuline sabrewing, (Swainson, 1821), (LC)
  • Santamartasabelveng, Campylopterus phainopeplus, Santa marta sabrewing, Salvin & Godman, 1879, (CR)
  • Fiolettsabelveng, Campylopterus hemileucurus, Violet sabrewing, (Deppe, 1830), (LC)
  • Yanomamosabelveng, Campylopterus duidae, Buff-breasted sabrewing, Chapman, 1929, (LC)
  • Naposabelveng, Campylopterus villaviscensio, Napo sabrewing, (Bourcier, 1851), (NT)
Slekt Chalybura
  • Raudfotdungump, Chalybura urochrysia, Bronze-tailed plumeleteer, (Gould, 1861), (LC)
  • Svartfotdungump, Chalybura buffonii, White-vented plumeleteer, (Lesson, RP, 1832), (LC)
Slekt Thalurania, dryader
  • Glansdryade, Thalurania colombica, Crowned woodnymph, (Bourcier, 1843), (LC)
  • Gaffeldryade, Thalurania furcata, Fork-tailed woodnymph, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
  • Svaledryade, Thalurania watertonii, Long-tailed woodnymph, (Bourcier, 1847), (EN)
  • Fiolettkronedryade, Thalurania glaucopis, Violet-capped woodnymph, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Slekt Microchera
  • Snøkronekolibri, Microchera albocoronata, Snowcap, (Lawrence, 1855), (LC)
  • Koparkronekolibri, Microchera cupreiceps, Coppery-headed emerald, (Lawrence, 1866), (LC)
  • Krithalekolibri, Microchera chionura, White-tailed emerald, (Gould, 1851), (LC)
Slekt Goldmania
  • Fiolettkronekolibri, Goldmania violiceps, Violet-capped hummingbird, Nelson, 1911, (NT)
  • Pirrekolibri, Goldmania bella, Pirre hummingbird, (Nelson, 1912), (NT)
Slekt Eupherusa
  • Mexicodryade, Eupherusa ridgwayi, Mexican woodnymph, (Nelson, 1900), (VU)
  • Kvithalekolibri, Eupherusa poliocerca, White-tailed hummingbird, Elliot, DG, 1871, (NT)
  • Blåkronekolibri, Eupherusa cyanophrys, Oaxaca hummingbird, Rowley, JS & Orr, 1964, (EN)
  • Stripehalekolibri, Eupherusa eximia, Stripe-tailed hummingbird, (Delattre, 1843), (LC)
  • Svartbrystkolibri, Eupherusa nigriventris, Black-bellied hummingbird, Lawrence, 1868, (LC)
Slekt Phaeochroa
  • Skjelbrystkolibri, Phaeochroa cuvierii, Scaly-breasted hummingbird, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
Slekt Leucippus
  • Ferskenkolibri, Leucippus fallax, Buffy hummingbird, (Bourcier, 1843), (LC)
Slekt Thaumasius
  • Tumbeskolibri, Thaumasius baeri, Tumbes hummingbird, (Simon, 1901), (LC)
  • Flekkstrupekolibri, Thaumasius taczanowskii, Spot-throated hummingbird, Sclater, PL, 1879, (LC)
Slekt Taphrospilus
  • Ertekolibri, Taphrospilus hypostictus, Many-spotted hummingbird, (Gould, 1862), (LC)
Slekt Eupetomena
  • Svalekolibri, Eupetomena macroura, Swallow-tailed hummingbird, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
  • Gråsabelveng, Eupetomena cirrochloris, Sombre hummingbird, (Vieillot, 1818), (LC)
Slekt Talaphorus
  • Olivenkolibri, Talaphorus chlorocercus, Olive-spotted hummingbird, (Gould, 1866), (LC)
Slekt Trochilus
Slekt Ramosomyia
  • Fioletthettekolibri, Ramosomyia violiceps, Violet-crowned hummingbird, (Gould, 1859), (LC)
  • Zapotekkolibri, Ramosomyia viridifrons, Green-fronted hummingbird, (Elliot, DG, 1871), (LC)
  • Kanelsidekolibri, Ramosomyia wagneri, Cinnamon-sided hummingbird, (Phillips, AR, 1966), (LC)
Slekt Saucerottia
  • Asurkronekolibri, Saucerottia cyanocephala, Azure-crowned hummingbird, (Lesson, RP, 1830), (LC)
  • Blågumpkolibri, Saucerottia hoffmanni, Blue-vented hummingbird, (Cabanis & Heine, 1860), ()
  • Beryllkolibri, Saucerottia beryllina, Berylline hummingbird, (Deppe, 1830), (LC)
  • Blåhalekolibri, Saucerottia cyanura, Blue-tailed hummingbird, (Gould, 1859), (LC)
  • Snøbukkolibri, Saucerottia edward, Snowy-bellied hummingbird, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
  • Stålbukkolibri, Saucerottia saucerottei, Steely-vented hummingbird, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
  • Indigokronekolibri, Saucerottia cyanifrons, Indigo-capped hummingbird, (Bourcier, 1843), (LC)
  • Kastanjebukkolibri, Saucerottia castaneiventris, Chestnut-bellied hummingbird, (Gould, 1856), (NT)
  • Grønbukkolibri, Saucerottia viridigaster, Green-bellied hummingbird, (Bourcier, 1843), (LC)
  • manglar norsk namn, Saucerottia cupreicauda, Copper-tailed hummingbird, (Salvin & Godman, 1884), (LC)
  • Kopargumpkolibri, Saucerottia tobaci, Copper-rumped hummingbird, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Slekt Amazilia
  • Kanelkolibri, Amazilia rutila, Cinnamon hummingbird, (Delattre, 1843), (LC)
  • Yucatánkolibri, Amazilia yucatanensis, Buff-bellied hummingbird, (Cabot, S, 1845), (LC)
  • Rusthalekolibri, Amazilia tzacatl, Rufous-tailed hummingbird, (de la Llave, 1833), (LC)
  • Honduraskolibri, Amazilia luciae, Honduran emerald, (Lawrence, 1868), (VU)
  • Mangrovekolibri, Amazilia boucardi, Mangrove hummingbird, (Mulsant, 1877), (EN)
Slekt Amazilis
  • Amaziliakolibri, Amazilis amazilia, Amazilia hummingbird, (Lesson, RP & Garnot, 1827), (LC)
Slekt Uranomitra
  • Andeskolibri, Uranomitra franciae, Andean emerald, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)
Slekt Chrysuronia
  • Grønglanskolibri, Chrysuronia goudoti, Shining-green hummingbird, (Bourcier, 1843), (LC)
  • Gyllenhalekolibri, Chrysuronia oenone, Golden-tailed sapphire, (Lesson, RP, 1832), (LC)
  • Tupikolibri, Chrysuronia versicolor, Versicolored emerald, (Vieillot, 1818), (LC)
  • Safirstrupekolibri, Chrysuronia coeruleogularis, Sapphire-throated hummingbird, (Gould, 1851), (LC)
  • Safirbukkolibri, Chrysuronia lilliae, Sapphire-bellied hummingbird, (Stone, 1917), (EN)
  • Safirpannekolibri, Chrysuronia humboldtii, Humboldt's sapphire, (Bourcier & Mulsant, 1852), (LC)
  • Blåhettekolibri, Chrysuronia grayi, Blue-headed sapphire, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
  • Svartnebbkolibri, Chrysuronia brevirostris, White-chested emerald, "(Lesson RP, 1829), (LC)
  • Lysbukkolibri, Chrysuronia leucogaster, Plain-bellied emerald, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Slekt Leucochloris
  • Kvitstrupekolibri, Leucochloris albicollis, White-throated hummingbird, (Vieillot, 1818), (LC)
Slekt Chionomesa
  • Glitterstrupekolibri, Chionomesa fimbriata, Glittering-throated emerald, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
  • Fiolstrupekolibri, Chionomesa lactea, Sapphire-spangled emerald, (Lesson, RP, 1832), (LC)
Slekt Hylocharis
  • Raudhakekolibri, Hylocharis sapphirina, Rufous-throated sapphire, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
  • Gyllenkolibri, Hylocharis chrysura, Gilded sapphire, (Shaw, 1812), (LC)
Slekt Elliotomyia
  • Kvitbrystkolibri, Elliotomyia chionogaster, White-bellied hummingbird, (Tschudi, 1846), (LC)
  • Cuzcokolibri, Elliotomyia viridicauda, Green-and-white hummingbird, (Berlepsch, 1883), (LC)
Slekt Polyerata
  • Blåbrystkolibri, Polyerata amabilis, Blue-chested hummingbird, (Gould, 1853), (LC)
  • Yndekolibri, Polyerata decora, Charming hummingbird, Salvin, 1891, (LC)
  • Purpurbrystkolibri, Polyerata rosenbergi, Purple-chested hummingbird, Boucard, 1895, (LC)
Slekt Chlorestes
  • Mayakolibri, Chlorestes candida, White-bellied emerald, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)
  • Gullhalekolibri, Chlorestes eliciae, Blue-throated sapphire, (Bourcier & Mulsant, 1846), (LC)
  • Kvithakekolibri, Chlorestes cyanus, White-chinned sapphire, (Vieillot, 1818), (LC)
  • Fiolettbukkolibri, Chlorestes julie, Violet-bellied hummingbird, (Bourcier, 1843), (LC)
  • Blåstrupesmaragd, Chlorestes notata, Blue-chinned sapphire, (Reich, 1793), (LC)

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds». Current Biology 24 (8): 910–916. PMID 24704078. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023. 
  3. Weller, A.A., G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2020). White-throated Hummingbird (Leucochloris albicollis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whthum2.01
  4. 4,0 4,1 McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Altshuler, D.L.; Remsen, J.V. (2007). «Phylogenetic systematics and biogeography of hummingbirds: Bayesian and maximum likelihood analyses of partitioned data and selection of an appropriate partitioning strategy». Systematic Biology 56 (5): 837–856. PMID 17934998. doi:10.1080/10635150701656360. 
  5. 5,0 5,1 Dickinson, E.C.; Remsen, J.V. Jr., red. (2013). The Howard & Moore Complete Checklist of the Birds of the World. 1: Non-passerines (4th utg.). Eastbourne, UK: Aves Press. ISBN 978-0-9568611-0-8. 
  6. 6,0 6,1 McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Remsen, J.V.; Dudley, R.; Altshuler, D.L. (2009). «A higher-level taxonomy for hummingbirds». Journal of Ornithology 150 (1): 155–165. doi:10.1007/s10336-008-0330-x. 
  7. Licona-Vera and Ornelas (2017). «The conquering of North America: dated phylogenetic and biogeographic inference of migratory behavior in bee hummingbirds». BMC Evolutionary Biology 17 (126). doi:10.1186/s12862-017-0980-5. 
  8. Stiles, F.G.; Remsen, J.V. Jr.; Mcguire, J.A. (2017). «The generic classification of the Trochilini (Aves: Trochilidae): Reconciling taxonomy with phylogeny». Zootaxa 4353 (3): 401–424. PMID 29245495. doi:10.11646/zootaxa.4353.3. 
  9. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. april 2023. 
  10. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. april 2023.