Blåkronetanagar
Blåkronetanagar (Anisognathus melanogenys) er ein iaugefallande fugl i tanagarfamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.
Blåkronetanagar | |
Blåkronetanagar | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Blåkronetanagar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarar Thraupidae |
Slekt: | Anisognathus |
Art: | Blåkronetanagar A. melanogenys |
Vitskapleg namn | |
Anisognathus melanogenys |
Skildring
endreDenne tanagaren måler i gjennomsnitt 18,5 centimeter[1] og veg 41 gram.[2] Fjørdrakta presenterer blå krone og nakke, svarte kinn med ein liten gul flekk under auget, mørk, blågrå rygg og gyllengul underside.[1] Både nebbet og beina er svarte.[2]
Blåkronetanagaren lever i habitat som ligg i utkanten av fuktig skog, det kan òg vere gjenreist skog. Han er meir sjeldan inne i tett skog. Dei kan treffast i høgdnivå mellom 1200 og 3200 moh., men sjeldan under 1500 m.[2]
Små frukter gjer ut for det meste av innhaldet i dietten til blåkronetanagaren. Dei beitar parvis, i små grupper eller i fleirartsflokkar.
Storleiken på populasjonen er ikkje kjent, men han er rekna å vere vanleg i det litle utbreiingsområdet. Trenden er minkande. Han er klassifisert som livskraftig.[3]
Kjelder
endre- Hilty, S. (2011). Santa Marta Mountain-tanager (Anisognathus melanogenys) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2014). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. juli 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Anisognathus melanogenys Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. juli 2015
- Referansar