Mangold
Mangold, også kalla bladbete og spinatbete, er ein plante i beteslekta i amarantfamilien. Stilk og blad kan brukast som grønsaker. Planten stammar frå middelhavslanda, og blei brukt i oldtida. Han er nært i slekt med raudbete.
Mangold | |
Mangold | |
Systematikk | |
Rike: | Plantar |
Rekkje: | Magnoliophyta |
Klasse: | Magnoliopsida |
Orden: | Caryophyllales |
Familie: | Amaranthaceae |
Slekt: | Beteslekta Beta |
Art: | Mangold B. vulgaris |
Vitskapleg namn | |
Beta vulgaris |
Namn
endreNamnet «mangold» er av tysk opphav og kjem truleg frå gammalhøgtysk manag, 'mykje' og waltan 'rå, styre'.[1] Planten er også blitt kalla «romersk spinat».
Skildring
endreMangold har store, mørkegrøne blad som kan ha breie eller smale blad med kvite, gule eller raude stilkar. Blada heng saman i eit laust hovud eller som ein rosett. Planten kan dyrkast på friland i Noreg. Kvit mangold kan minna om stilkkål eller kinakål på utsjånad.
Bruk
endreMangold kan brukast rå, til dømes til salat, eller steikt. Stilkane kan kokast som asparges. Blada har ein saftig og mild smak som kan minna om spinat.
Mangoldsortar med kjøtfulle bladstilkar blir kalla stilkbladbete, medan sortar der ein berre bruker blada blir kalla snittbladbete. Minimangold er små sortar med ulik farge på stilk og blad.
Næringsinnhaldet til mangold per 100 gram er ca. 30 mg vitamin C, 380 mg kalium, 0,8 g kostfiber, 93 % vatn, 0,2 g feitt og 88 kJ tilført energi.
Galleri
endre-
Bladbete med raud stilk
-
Bladbete med gul stilk
-
Bladbetar med kvite stilkar
-
Bladbetebuntar med ulike fargar.
Kjelder
endre- «Mangold» (30. desember 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. mars 2014.
- Mangold, Bladbete Arkivert 2014-03-24 ved Wayback Machine., Opplysningskontoret for frukt og grønt (frukt.no)