Opna hovudmenyen
Blomsterborarar


Meridablomsterborar, Diglossa gloriosa Arbeid av Joseph Smit, 1870
Meridablomsterborar, Diglossa gloriosa
Arbeid av Joseph Smit, 1870

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thraupidae
Slekt: Diglossa
Namn på andre språk
  • Engelsk: Flowerpiercer
    • Bokmål: Blomsterborere
  • Vitskapleg namn
    Diglossa
    Wagler, 1832

    Blomsterborarar er ei biologisk slekt Diglossa av mellomstore tanagarar, Thraupidae, som lever i varierte fuktige habitat i páramo, i fuktig tåkeskog eller tørrare habitat med lågare buskar. To artar lever i Mellom-Amerika. Nesten alle av dei 16 artane i Sør-Amerika er knytt til Andesfjella, og dei fleste med langstrekt utbreiingsområde langs fjellkjeda frå sør til nord. Alle har eit nebb tilpassa føde av nektar og insekt.

    Innhaldsliste

    SkildringEndra

     
    Maskeblomsterborar, Diglossa cyanea
    Foto: Francesco Veronesi
     
    Kvitsideblomsterborar, Diglossa albilatera
    Foto: Francesco Veronesi
     
    Kanelblomsterborar, Diglossa baritula
    Foto: Amado Demesa
     
    Rustblomsterborar, Diglossa sittoides (hofugl)
    Foto: Calderon Francisco
     
    Blyblomsterborar, Diglossa plumbea
    Foto: Dick Daniels
     
    Svartstrupeblomsterborar, Diglossa brunneiventris
    Foto: Dick Daniels

    Blomsterborarar har ei felles, mykje lik tilpassing, eit spesialisert nebb som kan punktere botnen av blomsterkroner for å gje tilgang til nektar. Nebbet er litt oppeikande med ein krok i enden.[1] For artane der dietten er kjent, finn ein at nektar er ein vektig ingrediens i føda, med tillegg av insekt. Men graden av nektar i dietten varierer, skjeggblomsterborar, Diglossa mystacalis, er først og fremst insektetar. Maskeblomsterborar, Diglossa cyanea, har same nebbforma, men skil seg frå andre i slekta med diett hovudsakleg av små frukter og bær og med supplement av insekt. Maskeblomsterborar er òg medlemmen i slekta med lengst nebb og med minste storleiken på kroken i forhold til nebblengda.[2]

    Fjørdrakta

    12 av dei 18 artane i slekta har fellestrekk i fjørdrakta med mørk eller iriserande svart overside, og varierande underside, frå svart til bleikare grå eller raudbrun farge. Mange av desse har ein karakteristisk bleikblå flekk på vengdekkfjørene, men somme har i staden eller i tillegg lyse fjører på kroppssida i bleik, gråblått eller i kvitt. Nokre kan ha ein raudbrun mustasje, varierande på individnivå. Svartstrupeblomsterborar, Diglossa brunneiventris, representerer mange variantar av dette: svart overside, kastanjefarga underside og undergump. Svart smekk eller strupe. Karakteristisk gråblå flekk på vengdekkfjør, dessutan gråblå på flankane og på overgumpen. Arten har òg ein variant med lengre gråblått felt på vengdekkarar.

    Fire artar har meir eller mindre einsfarga blå fjørdrakt med svart maske. To artar har meir gråblå til blygrå overside og kanelfarga eller bungul underside.

    Hos fleirtalet av artane finn ein ingen eller berre små skilnader i fjørdrakt mellom kjønna. Venezuelablomsterborar, kvitsideblomsterborar, kanelblomsterborar, blyblomsterborar og dels rustblomsterborar bryt dette mønsteret, hos desse artane er hofuglar grågule, olivenbrune eller olivengrå med lysare underside enn overside. Hos eit par av dei andre artane syner hofuglar ei generelt bleikare fjørdrakt enn hannar.

    Storleik

    Halvparten av artane har kroppslengde på 13 til 14,5 centimeter. Dei fleste andre er mindre, ned til ca. 11 cm, ein art har særmerkt storleik, storblomsterborar, Diglossa major, på over 17 cm inkludert ein relativt lang hale.

    Habitat og utbreiing

    Dette er fuglar tilpassa eit liv i store høgder med låge tre eller buskvekstar, gjerne over 2000 moh. og opptil 4150 meter som for meridablomsterborar, Diglossa gloriosa. Føretrekte habitat varierer med artane frå tørre til fuktig eller våte område, inkludert nærleik til busettingar med hagar, fuktig alpinskog, utkanten av tåkeskog, elfinskog og i páramo. Utbreiingsområdet er samla sett for heile slekta frå nordlegaste Argentina og Chile, sentrale Bolivia og langs Andes gjennom Peru, Ecuador, Colombia og til Sucre i nordaustre Venezuela. Rustblomsterborar, Diglossa sittoides, dekker aleine denne mykje av denne utbreiinga, er den einaste blomsterborararten i Argentina, men overlappar ikkje utbreiingsområdet for alle andre artar. Venezuelablomsterborar, Diglossa venezuelensis er avgrensa til isolerte små oppstykka populasjonar i Sucre og på grensa mot Monagas i Venezuela. Kanelblomsterborar, Diglossa baritula, lever frå sørlege Mexico til Nicaragua, blyblomsterborar, Diglossa plumbea, i opptil 3000 moh. i Costa Rica og Panama.

    Endemisme

    Gråbukblomsterborar er endemisk til Bolivia, venezuelablomsterborar og meridablomsterborar er endemiske til Venezuela, og praktblomsterborar er endemisk til Colombia. Storblomsterborar er endemisk til eit avgrensa tepui-område søraustlege Bolívar i Venezuela som òg går litt inn i Brasil og Guyana. Skjelblomsterborar, Diglossa duidae, er nær endemisk til delstaten Amazonas i Venezuela, men finst òg litt over grensa til Brasil mot sør.

    ArtslistaEndra

    Diglossa i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. David Ascanio, G. Rodriguez, Robin, Birds of Venezuela side 472
    2. Hilty, S. & Bonan, A. (2017). Tanagers (Thraupidae). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 19. november 2017 (krev pålogging)
    3. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. september 2017 
    4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

    BakgrunnsstoffEndra

      Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blomsterborarar