Blyfasan
Blyfasan (Crossoptilon auritum) er ein asiatisk hønsefugl i fasanfamilien.[1] Han finst berre i Kina, men er vanlegast av alle øyrefasanar (Crossoptilon).
Blyfasan | |
Blyfasan | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
Slekt: | Crossoptilon |
Art: | Blyfasan C. auritum |
Vitskapleg namn | |
Crossoptilon auritum |
Utsjånad og læte
endreBlyfasan er ein stor fasan som kan bli opptil 98 cm lang. Fjørdrakten er karakteristisk med svart isse, raud hudflik i andletet, gule auge og forlenga øyredekkande fjører som former lange kvite duskar bak auga. Den spektakulære bøygde og lause halen med 24 forlenga blågrå fjørar er svartprikka. Kjønna er like på utsjånad, men hannen er noko større. Revirlætet til hannen består av ein serie med fire til fem hesa og harde kra.[2]
Utbreiing
endreFuglen lever berre i skogsområde i fjelltrakter i nordlege og sentrale Kina,[1] frå austlege Qinghai austover gjennom Gansu til Indre Mongolia (Helan Shang) og sørover til vestlege Sichuan og nordaustlegaste Tibet (Danglafjella).[2]
Systematikk
endreStudiar viser at blyfasan er i nær slekt med sotfasan.[3][4] Han blir rekna som monotypisk, det vil seia at han ikkje blir inn delt i nokre underartar.
Levesett
endreBlyfasan finst i bar- og blandingsskog i fjelltrakter og dessutan blant einebuskar og snar over tregrensa. Føda består hovudsakleg av bær og plantemateriale. Fuglen hekkar mellom april og juni.[2]
Status og trugsmål
endreArta har eit stort utbreiingsområde og ein stor populasjon med stabil utvikling, derfor blir han ikkje rekna for å vera utsett for nokon særskild trussel. Den internasjonale naturvernsunionen IUCN reknar arten som livskraftig (LC). [5] Ein kjenner ikkje til storleiken på heile populasjonen, men han blir skildra som vanleg.[6]
Galleri
endre-
Egg
-
Teikning av blyfasanar
-
Blyfasan frå Nouvelles Archives du Muséum d'histoire Naturelle (1865)
-
Illustrasjon frå Birds of Asia
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, D. Roberson, T. A. Fredericks, B. L. Sullivan, and C. L. Wood (2015) The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 2015 http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download, läst 2015-08-11
- ↑ 2,0 2,1 2,2 McGowan, P.J.K., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2019). Blue Eared-pheasant (Crossoptilon auritum). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta 17. februar 2019).
- ↑ Huang Zu-hao, Liu Nai-fa, Xiao Yi’an, Cheng Ya-lin, Mei Wen-feng, Wen Long-ying, Zhang Li-xun & Yu Xiao-ping (2009) Phylogenetic relationships of four endemic genera of the Phasianidae in China based on mitochondrial DNA control-region genes. Mol. Phyl. & Evol. 53(2): 378–383.
- ↑ Li Xiujuan, Zhu Yaohong, Liu Panqi, Zhuge Zengyu, Su Guosheng & Wang Jiufeng (2010) Assessment of genetic diversity in Chinese eared pheasant using fluorescent-AFLP markers. Mol. Phyl. & Evol. 57(1): 429–433.
- ↑ Mal:IUCN2015.4
- ↑ del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J. 1994. Handbook of the Birds of the World, vol. 2: New World Vultures to Guineafowl. Lynx Edicions, Barcelona, Spain.
- Denne artikkelen bygger på «Blå öronfasan» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2021.