The Trial
The Trial Song av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Kunstrock, symfonisk rock, hardrock | |
Lengd | 5:13 | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Komponist | Bob Ezrin | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters, Bob Ezrin | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters |
«The Trial» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters og Bob Ezrin. Songen vart gjeve ut på albumet deira The Wall frå 1979.
Handling
endreSongen omhandlar hovudkarakteren i historia, Pink, som har levd eit liv med kjenslemessig misbruk og (seinare) stoffmisbruk, noko som har ført til eit alvorleg psykisk samanbrot. I «The Trial» vert Pink sin mentale balanse gjennomgått, og han vert konfrontert med viktige personar frå livet sitt:
- den oververnande mora
- den svært strenge og mishandlande læraren
- kona hans.
Ein ny karakter, Domaren (The Judge), fører tilsyn med medvitet til Pink. Ein anklagar gjennomfører dei første delane av songen, og lèt dei forskjellige karakterane forklare sine handlingar, med Pink sitt refreng innimellom «Crazy; / Toys in the attic I am crazy». Det heile endar med at Domaren dømer Pink til å kome til syne igjen, og gjev Pink ordre om å rive ned muren
Denne og den påfølgjande songen «Outside the Wall» er dei einaste songane på albumet som ser historia får utsida, og då stort sett gjennom dei fire motstandarane i rettssaka, sjølv om alt skjer gjennom Pink sin fantasi. Filmen viser at dei tre karakterane kjem over muren hans, invaderer tankane hans, og fortel han si side av historia:
- Læraren kjem ned som ein marionett styrt av kona hans, ein referanse til den tidlegare songen «The Happiest Days of Our Lives»
- Kona kjem inn under muren, forma som ein skorpion. Skorpionen vart til under «Don't Leave Me Now».
- Mora kjem fykande ned, forma som eit fly som krinsar inn mot Pink.
Når ein høyrer kva mora, læraren og kona har å seie om Pink sin tilstand, vert mange av årsakene til å byggje muren meiningslause. Dette kan ein sjå i talen til kona:
«...You should have talked to me more often than you did, but no, you had to go your own way...»
Dette poengterer vidare at Pink er den skuldige, og Domaren sin reaksjon på rettssaka «...the way you made them suffer, your exquisite wife and mother...» og straffeutmålinga hans «...since, my friend, you have revealed your deepest fears, I sentence you to be exposed before your peers...»
Berlinversjon
endreUnder Roger Waters sin konsert i Berlin i 1990 vart dei forskjellige rollene i songen kledd av:
- Tim Curry -- anklagar
- Thomas Dolby -- læraren
- Ute Lemper -- kona
- Marianne Faithfull -- mora
- Albert Finney -- domaren
- Roger Waters (med vokal innspelt på førehand) -- Pink
Komposisjon
endreDenne songen skil seg kraftig ut frå resten av songane på The Wall og har ein pompøs musikalstil liknande teatralske songar av Bertolt Brecht og Kurt Weill. Songen byggjer seg gradvis opp mot slutten og ropa «Tear down the wall!» vert høgare og høgare. Til slutt høyrer ein muren som rasar saman i eit kraftig brak, og den metaforiske muren til Pink er øydelagd.
Fakta
endre- «The Trial» var den første Pink Floyd-songen sidan tittelsporet på Atom Heart Mother der nokon utanfor bandet har vore medlåtskrivar.
Medverkande
endre- Roger Waters – vokal
- Nick Mason – basstromme, cymbal
- David Gilmour – gitar, bassgitar
- Richard Wright – piano
med:
- Vicki Brown og Clare Torry (berre oppførte som Vicki & Clare) – korvokal
- New York Symphony Orchestra dirigert av Michael Kamen
Personell per Fitch og Mahon.[1]
Kjelder
endre- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3. utg.), 2005. ISBN 1-894959-24-8
- ↑ Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 111.