Bobby Graham
Bobby Graham (11. mars 1940–14. september 2009) var ein engelsk trommeslagar og studiomusikar, komponist, arrangør og plateprodusent. Shel Talmy, som produerte The Kinks, David Bowie og The Who, skildra Graham som «den beste trommeslagaren Storbritannia nokon gong har skapt.»[1]
Bobby Graham | |||
Fødd | 11. mars 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edmonton i North London i England | ||
Død | 14. september 2009 (69 år) | ||
Dødsstad | Welwyn Garden City, Hertfordshire, England | ||
Fødenamn | Robert Francis Neate | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til 2009 | ||
Instrument | Trommer | ||
Verka som | Studiomusikar |
Biografi
endreGraham var medlem av The Outlaws og arbeidde med Joe Meek tidleg i 1960-åra.[2] Han arbeidde med Joe Brown i 1961.[2] Graham var ein del av ein britisk elite av studiomusikarar (liknande amerikanske «Wrecking Crew») som bestod av artistar som Big Jim Sullivan, Vic Flick og Jimmy Page.
Graham spelte på 13 nummer-ein-singlar, inkludert av The Dave Clark Five, Englebert Humperdinck, Peter and Gordon, Jackie Trent, The Kinks, Tom Jones og Dusty Springfield, og hans pelte på i alt 40 britiske topp fem-hittar (ti av dei på andreplassen, fire på tredjeplassen, seks på fjerdeplassen og sju på femteplassen), 107 topp 50-hittar og låg totalt 1 155 dagar inne på lista. Han spelte med artistar som John Barry, Shirley Bassey, Joe Cocker, Billy Fury, Herman's Hermits, Benny Hill, Rod Stewart, Dave Berry, Joe Brown and The Bruvvers, Chubby Checker, Petula Clark, Brenda Lee, Lulu, Brian Poole & The Tremeloes, The Pretty Things, PJ Proby, Van Morrison, Them, The Walker Brothers og Marianne Faithfull.[3]
Graham turnerte òg i Storbritannia som trommeslagar i sitt eige jazzband.
Han døydde av magekreft den 14. september 2009.
Somme innspelingar
endreGraham har spelt på over 15 000 innspelingar,[4] inkludert:
- «You Really Got Me», «All Day And All Of The Night» og «Tired of Waiting For You» av The Kinks
- «We Gotta Get Out Of This Place» av The Animals
- «Good Morning Little Schoolgirl» av Rod Stewart
- «Downtown» av Petula Clark
- «Green Green Grass of Home» av Tom Jones[5]
- «Gloria» og «Baby Please Don't Go» av Them (med Van Morrison)
- «I Only Want to Be with You» av Dusty Springfield
- «I Believe» av The Bachelors
- «Is It True» av Brenda Lee. Produsert av Mickie Most i 1964.
- «Glad All Over» og «Bits and Pieces» av The Dave Clark Five
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bobby Graham (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Patrick Harrington: The Session Man (Broom House Publishing Ltd., 12 Nov 2004) - ISBN 0-9549142-0-1
- ↑ «UK’s king of trommer dies at 69». Express.co.uk. 15. september 2009. Henta 9. september 2019.
- ↑ 2,0 2,1 «Bobby Graham career». Bobbygraham.co.uk. Arkivert frå originalen 30. september 2011. Henta 9. september 2019.
- ↑ «Kinks and Tom Jones drummer dies». BBC News. 17. september 2009. Henta 9. september 2019.
- ↑ Herrington and Graham, The Session Man: The story of Bobby Graham, the UK's greatest session drummer, Broom House Publishing Limited, Monmouthshire, 2004 p 9
- ↑ Herrington, Patric and Bobby Graham, The Session Man: The Story of Bobby Graham, the UK's greatest session drummer, Broom House, Raglan, 2004, p. 129