Gloria
Singel av Them
frå albumet The Angry Young Them
A-side

«Baby, Please Don't Go»

Språk engelsk
Utgjeve 2. desember 1964
Innspelt 5. april 1964
Studio Decca Three Studios i West Hampstead i Storbritannia
Sjanger
Lengd 2:38
Selskap Decca
Komponist Van Morrison
Tekstforfattar Van Morrison
Låtskrivar(ar) Van Morrison
Produsent Dick Rowe
Them-kronologi 
«Baby, Please Don't Go»
(1964)
Gloria «Here Comes the Night»
(1965)


«Gloria» er ein song skriven av den nordirske songaren og låtskrivaren Van Morrison og opphavleg spelt inn av bandet til Morrison, Them i 1964 og gjeven ut som B-sida til «Baby, Please Don't Go». Songen vart ein garasjerock-standard og har blitt spelt av mange andre rockeband. Songen er lett å spele med tre akkordar og derfor lett å lære seg på gitar.

Historie Endra

Morrison sa at han skreiv «Gloria» medan han framførte songen med The Monarchs i Tyskland sommaren 1963, då han vart 18 år gammal.[4] Han byrja å spele songen på Maritime Hotel då han kom attende til Belfast og byrja å spele med The Gamblers som utvikla seg til Them. Han improviserte teksten medan han song, og stundom strekte songen ut til 15 eller 20 minuttar. Etter å ha fått platekontrakt med Dick Rowe og Decca, drog Them til London for å spele inn musikk i Decca Three Studios i West Hampstead den 5. april 1964. «Gloria» var ein av sju songar dei spelte inn den dagen. Utanom Morrison spelte Billy Harrison gitar, Alan Henderson bass, Ronnie Millings trommer og Patrick John McCauley spelte klaverinstrument. Rowe henta inn studiomusikaren Arthur Greenslade på orgel og Bobby Graham på trommer, sidan han meinte Them ikkje hadde erfaring nok. Det har vore diskutert om mikrofonane var sett opp hos Millings eller McCauley, men Alan Henderson meiner at Them var den første rockegruppa som brukte to trommeslagarar på ei innspeling.[5] Somme kjelder hevdar at Jimmy Page spelte andregitar, medan andre kjelder nektar for dette.[6]

«Gloria» var B-side då «Baby, Please Don't Go» kom ut i Storbritannia 6. november 1964. Han kom ut i 1973 på Deram, men gjekk ikkje inn på lista.

Utgjevingar Endra

Originalinnspelinga med Them Endra

Studioversjon med John Lee Hooker Endra

Konsertopptak av Van Morrison Endra

Andre versjonar Endra

Gloria
Singel av Patti Smith Group
frå albumet Horses
B-side

«My Generation»

Språk engelsk
Utgjeve 13. april 1975
Innspelt 1975
Studio Electric Lady Studios i New York City
Sjanger Punkrock
Lengd 5:57
Selskap Arista
Komponist Van Morrison
Tekstforfattar Van Morrison
Låtskrivar(ar)
Produsent John Cale
Patti Smith Group-kronologi 
«Hey Joe»
(1974)
Gloria «Pissing in a River»
(1976)


Ettermæle Endra

Ei forklaring på den tidlause populariteten til songen vart gjeven av Bill Janovitz i AllMusic:[16]

Det vakre med originalen er at Van Morrison berre treng å snakkesyngje i sin Howlin' Wolf-stil, «I watch her come up to my house/She knocks upon my door/And then she comes up to my room/I want to say she makes me feel all right/G-L-O-R-I-A!» for å overføre tenåringsbegjæret sitt. Den originale latinske tydinga av namnet er ikkje tapt for Morrison. Them varierer aldri frå dei tre akkordane, og brukar berre dynamiske endringar for å forsterke spaninga.

«Gloria» vart rangert på 69. plassen på lista til Dave Marsh' i boka The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made. Han skildra songen som ein av få rockesongar som faktisk er så openlyst sexy som ryktet skal ha det til.»[17]

I boka si Rock and Roll: The 100 Best Singles skreiv Paul Williams «I hjartet av udyret... her er noko som er så bra, så reint, at om ingenting anna enn denne plata eksisterte, så ville det likevel ha vore noko kalla rock and roll ... Van Morrison si røyst er ei eld i mørkret, fyrlykta i enden av verda. Resultatet er ein av dei mest perfekte anthem som nokon gong er laga.»[18]

Komikaren Dave Barry sa «Du kan kaste ein gitar ned ei fjellside, og medan han hoppar og sprett nedover, så vil han, av seg sjølv, spele Gloria.»[19]

I 1999 vart «Gloria» av Them innlemma i Grammy Hall of Fame Award.[20] I 2000 vart «Gloria» av Them rangert på 81. plassen på lista til VH1 over dei 100 beste rockesongane gjennom tidene.[21] «Gloria» av Them vart rangert på 208. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2003, men vart flytta ned til 211. plassen i 2010.[22]

Salslister Endra

Them1

Liste (1965)[23] Plassering
Billboard Hot 100 93
Liste (1966)[23] Plassering
Billboard Hot 100 71

Shadows of Knight

Liste (1966)[24] Plassering
Billboard Hot 100 10

Van Morrison og John Lee Hooker

Lister (1993)[25][26] Plassering
Irish Singles Chart 17
UK Singles Chart 31
Hot Mainstream Rock Tracks 36
Australia 22
Nederland 37
  • 1 Som B-side i 1964 til singelen «Baby, Please Don't Go».

Kjelder Endra

  1. Stiernberg, Bonnie. «The 50 Best Garage Rock Songs of All Time». Paste. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 24. mars 2018. 
  2. Johnny Rogan (2006). Van Morrison: No Surrender. Vintage. s. 102. ISBN 978-0-09-943183-1. 
  3. Pafford, Steve (6. juli 2010). Bowie Style. Music Sales Limited. s. 152. ISBN 978-0-85712-364-0. 
  4. Heylin, s. 76
  5. Turner, s. 46-49
  6. All Music Guide to Rock: The Definitive Guide to Rock, Pop, and Soul - Google Books. Books.google.com. Henta 24. mars 2018. 
  7. «Dunwich Album Discography». bsnpubs.com. Henta 24. mars 2018. 
  8. «The Sound + Vision Tour». littleoogie.com. Henta 24. mars 20180210072934/http://www.littleoogie.com/david_bowie_tours/sound/page1.html. 
  9. «Songs: Gloria». Henta 24. mars 2018. 
  10. «Crossroads Guitar Festival 2007». crossroadsguitarfestival2007.com. Arkivert frå originalen 22. september 2009. Henta 24. mars 20180922031559/http://crossroadsguitarfestival2007.com/pbsgreatperformance.html. 
  11. «Bruce Springsteen, Hershey Park sweet review, 08-19-2009». springsteeninformationcenter.wordpress.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 24. mars 2018. 
  12. «Music Review: Green Day's 21st Century Breakdown». ivorytowerz.com. Arkivert frå originalen 29. september 2009. Henta 25. mars 2018. 
  13. «MEAT LOAF: Paul and Dennis Quaid». YouTube. 10. oktober 2009. Henta 25. mars 2018. 
  14. «Same old bad medicine and leather trousers as Bon Jovi turn up the heat». The Irish Times. 30. juni 2011. Henta 24. mars 2018. 
  15. «Songs: Gloria». Henta 24. mars 2018. 
  16. Janovitz, Bill. «Gloria». Allmusic. Henta 25. mars 2018. 
  17. «The Heart of Rock and Soul». Henta 24. mars 2018. 
  18. Williams, Paul; Berryhill, Cindy Lee (December 1993). «Baby Please Don't Go / Gloria – Them (1964)». Rock and Roll: The 100 Best Singles (Hardcover utg.). United States: Entwhistle Books. s. 71–72. ISBN 978-0-934558-41-9. 
  19. Barry, Dave. «Glory Days» (PDF). Henta 25. mars 2018. 
  20. «GRAMMY Hall Of Fame Award». National Academy of Recording Arts and Sciences. Arkivert frå originalen 7. juli 2015. Henta 24. mars 2018. 
  21. «Van Morrison – charts». Henta 14. april 2008. 

Bakgrunnsstoff Endra