Opna hovudmenyen
Downtown
Singel av Petula Clark
frå albumet Downtown
B-side You'd Better Love Me
Utgjeve November 1964
Innspelt 16. oktober 1964
Studio Pye, Marble Arch London
Sjanger Soul
Lengd 3:05
Selskap *Pye 7N 15722 (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Tony Hatch
Produsent Tony Hatch
Petula Clark-kronologi
True Love Never Runs Smooth
(1964)
Downtown I Know a Place
(1965)


«Downtown» er ein song skriven av Tony Hatch og spelt inn av Petula Clark i 1964. Songen vart ein internasjonal hit og nådde toppen av Billboard Hot 100 og andreplassen på UK Singles Chart i Storbritannia. Hatch fekk i 1981 Ivor Novello-prisen for beste song.[1]

Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som Dolly Parton og Emma Bunton.

BakgrunnEndra

Tony Hatch hadde først arbeidd med Petula Clark som asissternt for den faste produsenten hennar, Alan A. Freeman, på hitten «Sailor» i 1961. I 1963 tok Hatch over som den faste produsenten hennar, og dei spelte inn fem engelskspråkelge singlar som alle selde dårleg.

Hatch skreiv songen medan han var i New York City hausten 1964, inspirert av ein tur i sentrum.[2] Hatch hadde hatt stor suksess med songen «Sugar and Spice», som vart spelt inn av The Searchers og hadde produsert ein Drifters-song, «Up on the Roof» for Julie Grant. Grant skal ha tilbode «Downtown» til Grant, men vart avvist,[3] Hatch presenterte så songen for Clark i Paris for ei innspeling i London den 16. oktober 1964.

«Downtown» vart spelt inn i Pye Studios i Marble Arch. Med på innspelinga var åtte fiolinistar, to bratsjspelarar og to cellistar, fire trompetistar, fire på trombone fire på fløyte og obo, ein bassist og ein pianist, i tillegg til gitaristane Vic Flick, Jimmy Page og Big Jim Sullivan, og trommeslagaren Ronnie Verrell, medan The Breakaways song korvokal.[4]

UtgjevingEndra

Singelen kom ut i både USA og Storbritannia og vart rekna som «ein særs engelsk innspeling, perfekt som ein observasjon av Amerika frå utsida.»[2] «Downtown» steig til andreplassen på den britiske singellista i desember 1964 og låg der i tre veker, halde unna førsteplassen av The Beatles sin «I Feel Fine». Ho fekk gullplate for over ein halv million selde singlar i Storbritannia. Songen nådde òg anreplasen i Irland og toppen av salslistene i Australia, New Zealand, Rhodesia og Sør-Afrika, og vart òg ein hit i Danmark (#2), India (#3), Nederland (#4) og Noreg (#8).

Størst suksess fekk derimot «Downtown» i USA der han kom ut i november 1964. 23. januar 1965 låg singelen på toppen av Billboard Hot 100-lista og låg der ei veke til, før han vart erstatta av The Righteous Brothers sin «You've Lost That Lovin' Feelin'».[5] Petula Clark vart dermed den første kvinnelege, britiske artisten som nåde toppen av den amerikanske singellista i rock and roll-tida og den andre totalt sett etter Vera Lynn haddee nådd toppen av lista med «Auf Wiederseh'n Sweetheart» i 1952. «Downtown» og Clark fekk òg gullplate i USA for over ein million selde eksemplar. Dette var òg første gongen for ein kvinnelege, britisk artist.

Clark spelte så inn «Downtown» på ei rekkje andre språk for marknadane i Frankrike, Italia, Spania Tyskland.

Salslister og salstroféEndra

SalslisterEndra

Liste (1964–65) Plassering
Australia (ARIA)[6] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] 3
Canada Top Singles (RPM)[8] 1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 11
Tyskland (Media Control AG)[10] 1
Irland (IRMA)[11] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[12] 4
New Zealand (Lever Hit Parades)[13] 1
Noreg (VG-lista)[14] 8
UK Singles (Official Charts Company)[15] 2
US Billboard Hot 100[16] 1

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[17] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine


Downtown '88Endra

Downtown '88
Singel av Petula Clark
frå albumet My Greatest
Utgjeve 6. juni 1988
Sjanger Dance, house
Lengd 3:25
Selskap PRT
Låtskrivar(ar) Tony Hatch
Produsent Peter Slaghuis
Petula Clark-kronologi
Life's a Game
(1988)
Downtown '88 I Couldn't Live Without Your Love '89
(1989)


I 1988 vart den originale songen miksa og gjeven ut som «Downtown '88». Denne vart ein hit i Storbritannia og nådde òg listene i ei rekkje andre land: Australia (#58),[18] Belgia (Flandern #19), Finland (#3), Tyskland (#13) og Irland (#14).

SalslisterEndra

Liste (1988) Plassering
Australia (ARIA)[6] 62
Tyskland (Media Control AG)[10] 13
Irland (IRMA)[11] 14
UK Singles (Official Charts Company)[15] 10

Petula Clark har sidan spelt inn «Downtown» sju gonger.

Dolly Parton-versjonenEndra

Dolly Parton spelte inn «Downtown» i Nashville i oktober 1983 for albumet The Great Pretender. Versjonen hennar nådde 36. plassen på Billboard C&W-lista og 80. plassen på Hot 100-lista. Så langt er ette den siste solosingelen til Parton som har nådd Hot 100.[19]

SalslisterEndra

Liste (1984) Plassering
US Billboard Hot Country Singles 36
US Billboard Hot 100 80
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 20
Canadian RPM Country Tracks 20

Emma Bunton-versjonenEndra

Emma Bunton frå Spice Girls spelte inn «Downtown» i 2006 som den offisielle BBC Children in Need-singelen.[20] Singelen nådde 24. plassen på den britiske singellista i november 2006.


Liste (2006) Plassering
UK Singles Chart 3
Slovakia (IFPI)[21] 13
Eurochart Hot 100 Singles 32
Ukraina (FDR Pop)[22] 6
Irish Singles Chart 36
Ukraina (FDR Dance)[23] 7
Scottish Singles Chart[24] 2

Andre versjonarEndra

Andree artistar som har gjeve ut songen er mellom andre Isabella Bond, Anine Stang[25] som «Luces de la ciudad» (spansk), Lourdes Baledón[26] som «Al centro de la ciudad» (spansk), Hermanas Benítez som «Chao Chao» (spansk), Hugo Blanco på albumet sitt Bailables con Hugo Blanco som «Ciao Ciao» (italiensk), Celly Campello som «Não me abandone» (portugisisk), Chris Connor på albumet hennar Sings Gentle Bossa Nova, Dick Contino på albumet sitt Dick Contino Plays & Sings the Hits, Xavier Cugat & his orchestra på albumet sitt Feeling' Good!, Danny som «Kauan» (finsk), Marianne Faithfull på albumet hennar Marianne Faithfull, Ferrante & Teicher, Eddie Fisher, Gelu, The Tony Hatch Sound, Bianca Holl, Margot Lefebvre, The Lettermen, Enoch Light & the Light Brigade, Gerry Mulligan, The Osmond Brothers, Franck Pourcel et Son Grand Orchestre, Billy Preston, Shirley Scott, Sandie Shaw, Allan Sherman som «Crazy Downtown», Alvin and the Chipmunks[27]The Knickerbockers, John Barry, Ray Conniff Singers, Frank Sinatra på albumet sitt Strangers in the Night, Connie Smith, Bob Florence Big Band, Siw Malmkvist, Jackie Trent, Klaus Wunderlich, The B-52's, Stacy Lattisaw, Christine Lavin, Anita Meyer, Mary Chapin Carpenter, The Candyskins, Sarah Cracknell, Liz Callaway, Yo La Tengo, James Last og Tina Arena

KjelderEndra

  1. Lister, David, Pop ballads bite back in lyrical fashion, The Independent, 28. mai 1994
  2. 2,0 2,1 «Tony Hatch interview». Retrosellers.com. November 2007. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 3. april 2018. 
  3. Richie Unterberger. «Julie Grant». Allmusic. Henta 3. april 2018. 
  4. «Star Interview: Petula Clark». Northamptonchron.co.uk. Henta 3. april 2018. 
  5. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number 1 Hits. New York: Billboard Books. s. 165. ISBN 0823076776. Henta 3. april 2018. 
  6. 6,0 6,1 "Australian-charts.com – Petula Clark – Downtown". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  7. "Petula Clark – Downtown – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  8. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  9. "Ultratop.be – Petula Clark – Downtown" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  10. 10,0 10,1 "Petula Clark - Downtown". Charts.de. Media Control.
  11. 11,0 11,1 "The Irish Charts – Search Results – Downtown". Irish Singles Chart.
  12. "Dutchcharts.nl – Petula Clark – Downtown" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  13. «Lever hit parades: 28-Jan-1965». Flavour of New Zealand. 
  14. "Norwegiancharts.com – Petula Clark – Downtown". VG-lista. Hung Medien.
  15. 15,0 15,1 "Chart Stats – Petula Clark – Downtown" UK Singles Chart. Chart Stats.
  16. "Clark?f=379&g=Singles Petula Clark Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Petula Clark. Prometheus Global Media.
  17. «American single salstrofé – Petula Clark – Downtown». Recording Industry Association of America. Henta 6. november 2015.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  18. Scott, Gavin. «25 Years Ago This Week: 30. april 1989». blogspot.com.au. Henta 3. april 2018. 
  19. «Star Observer». Starobserver.com.au. Henta 3. april 2018. 
  20. «Entertainment | Bunton sings for Children in Need». BBC News. 20. oktober 2006. Henta 3. april 2018. 
  21. «Emma Bunton on Slovenská». IFPI. (IFPI). Arkivert frå originalen 10. januar 2007. Henta 10. februar 2011. 
  22. «Ukrainian Chart». FDR Charts. 10. mai 2009. Arkivert frå originalen 22. november 2010. Henta 13. juli 2010. 
  23. «Ukrainian Chart Dance». FDR. 10. mai 2009. Arkivert frå originalen 23. november 2010. Henta 13. juli 2010. 
  24. «Official Scottish Singles Chart Top 100 | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 23. mai 2016. 
  25. «Anina - Vuelve Primavera: El rock de los 60 en México». Estroncio90.typepad.com. Henta 3. april 2018. 
  26. «Lourdes Baledón - Vuelve Primavera: El rock de los 60 en México». Estroncio90.typepad.com. Henta 3. april 2018. 
  27. «The Chipmunks a Go-Go - The Chipmunks | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 3. april 2018. 

BakgrunnsstoffEndra