Bokorm
Bokorm er eit omgrep som viser til nokon som er opptekne av bøker. Opphavleg viste det til åmer som laga hòl i boksider, seinare i overført tyding om nokon som «sluker» i bøker. Medan omgrepet opphavleg var brukt nedsetjande om nokon som ikkje brydde seg om anna enn å lesa, er det i moderne norsk ofte brukt i meir positive samanhengar, til dømes i samband med å få barn til å lesa.
Bokormar som skadedyr
endre«Bokorm» kan visa til larvar frå ulike småkryp som et delar av bøker. Larvar frå over 150 artar kan bora gangar i bøker om egga deira blir lagde i nærleiken, og kan medføra stor skade.
Skadedyr som øydelegg bøker et ofte noko anna enn sjølve boksidene. Til dømes borer larvane til eikeborebille (Xestobium rufovillosum) og stripete borebille (Anobium punctatum) seg gjennom trevirke, og vil fortsetja gjennom papir om dette er tett innved (som i ei bokhylle). Andre dyr kan eta mugg og anna mikropisk organisk materiale dei finn i utsette bøker.
Overført tyding
endreOrdet «bokorm» har lenge vore brukt om nokon som sit og les med nasen i ei bok, som om han vil eta henne. Den eldste kjende bruken av omgrepet på engelsk er frå skodespelet Cynthia's Revels av Ben Johnson, frå 1599, der det utan tvil er eit skjellsord. Den fyrste kjende tyske bruken er frå Gotthold Ephraim Lessing sitt lystspel Der junge Gelehrte frå 1747. Ordet har kome til norsk frå tysk.
I nyare tid er ordet blitt teke i bruk som eit positivt skjemteord om bokelskarar og storlesarar. Fleire bibliotek har hatt bokormprosjekt der dei oppfordrar barn til å bli «bokormar» og lesa bøker. Fargerike bokormar er blitt framstilte som bokglade, gjerne kunnskapsrike larvar og ormar i bilde og figurar
Liknande omgrep
endreEin som er svært glad i eller samlar på bøker kan kallast bibliofil.
Eit anna ord for ein storlesar er «lesehest». På tysk finst ordet «Leseratte», 'leserotte'.
Kjelder
endre- «book-worm», Oxford English Dictionary, 1989
- Michael F. Suarez, S.J.; H. R. Woudhuysen, red. (2010), «MFS "bookworms"», The Oxford Companion to the Book, Oxford University Press
- Bokorm: Klarer du å lese 50 bøker? ved Asker bibliotek
- Bokormer i helt nytt bibliotek[daud lenkje] (22.10.2009) i varden.no
- Bokormer[daud lenkje] (06.07.2006) ved grunder.no
- Strikka kjempe-bokorm[daud lenkje] (21.06.2008) i sognavis.no
- Denne artikkelen bygger på «Bücherwurm» frå Wikipedia på tysk, og «Leseratte» frå Wikipedia på tysk den 10. mars 2010.