Brakksvale

fugleart
Brakksvale
Brakksvale Foto: Dûrzan cîrano
Brakksvale
Foto: Dûrzan cîrano
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av brakksvale
Utbreiinga av brakksvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Brakksvalefamilien Glareolidae
Slekt: Glareola
Art: Brakksvale G. pratincola
Vitskapleg namn
Glareola pratincola

Brakksvale (Glareola pratincola) er ein fugl i brakksvalefamilien ned leveområde i dei varmare delane av Europa, sørvestre Asia og i Afrika.

Skildring endre

 
Brakksvale i flukt på Lesbos, Hellas
Foto: Daniel Pettersson

Denne arten er 24-28 centimeter lang med 60–70 cm vengespenn. Brakksvala har korte bein, lange spisse venger, ein lang gaffeldelt stjert, og kort nebb, noko som er ei tilpassing for effektiv beiting i lufta. Ryggen og hovudet er brune, og vengene er brune med mørkare svingfjører. Buken er kvit. Undersida av vengene er kastanjefarga, men ser mørke ut.

Ein treng mykje gode observasjonar for å skilje denne arten frå andre artar i brakksvalefamilien, til dømes steppebrakksvale og orientbrakksvale, som begge kan førekomme i steppebrakksvala sitt utbreiingsområde. Sistnemnde art har òg ein kastanjefarga underveng, men med kortare halefjører.

Brakksvala hekkar i lause koloniar på sletteland eller opne område med låg vegetasjon, reiret med dei 2-4 egga ligg på bakken.

Medlemmene av brakksvalefamilien er uvanlege blant vade-, måse- og alkefuglar i det at dei vanlegvis jaktar insekt i flukt nett som svaler, sjølv om dei òg kan finne føde på bakken.

Brakksvala er ein fugl i ope land, og blir ofte sett i nærleiken av vatn på kveldstid når ho jaktar insekt. Ho er ein trekkfugl med hekkeområde rundt middelhavsområdet, Svartehavet og austover til Asia aust for Kaspihavet. Ho overvintrar i tropisk Afrika, og treffast sjeldan nord for hekkeområdet. Det er rapportert funn av 5 brakksvaler i Noreg i perioden frå 1976 til juni 2014.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Etter http://artsobservasjoner.no/fugler/default.asp henta 1. juni 2014. Siste observasjon i Noreg skjedde på Bolga i 29-30. mai 2014 [1]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Brakksvale