Bridges av Alika Milova
«Bridges» Song av Alika Milova | ||
Land | Estland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 2. desember 2022 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:05 | |
Selskap | Universal Music Oy | |
Komponist | Wouter Hardy, Alika Milova | |
Tekstforfattar | Alika Milova, Wouter Hardy, Ravvel | |
Låtskrivar(ar) | Alika Milova, Wouter Hardy, Nina Sampermans |
---|
«Bridges» (norsk omsetjing: ‘bruer’) er ein song frå 2022 med den estiske songaren Alika Milova. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2023 og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen
endreI eit intervju med Eurovision-nettsida ESCUnited, blei «Bridges» skapt i samband med ei innspeling i Nederland saman med låtskrivarkollegaen Wouter Hardy.[1] Milova blei plutseleg veldig uroleg og gjekk til eit toalett for å gråte. Hardy baud ho deretter ut på lunsj for å lufte angsten. Etter å ha nølt, takka ho ja. Seinare drog dei heim til han for å skrive musikk, og der skreiv dei «Bridges» i løpet av tre timar.[1] Hardy har skrive ei rekkje låtar tidlegare, og står bak Eurovision-låtane «Arcade» (vinnar for Nederland i 2019) og «Tout l’Univers» (tredjeplass for Sveits i 2021)
For Milova representerer «Bridges» alle kjenslene ho opplevde i studio den dagen. Tittelen spelar på at ho ønskjer at lyttaren skal kommunisere med seg sjølv og med andre, sjølv om du føler at du er «fortapt i ei stor verd med mange folk rundt deg».[1]
«Bridges» var eit av bidraga i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2023 der vinnaren fekk representere Estland i Eurovision Song Contest 2023. Songen vann finalen laurdag 11. februar og blei dimed det estiske bidraget i Eurovision Song Contest.[2]
Estland deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Bridges» på ein tiandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3] Songen enda på åttandeplass i finalen, det beste resultatet til Estland på fem år.[4]
Listeplasseringar
endreListe (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Island (Plötutíðindi)[5] | 40 |
Litauen (AGATA)[6] | 20 |
Nederland (Single Tip)[7] | 23 |
Sverige (Sverigetopplistan)[8] | 17 |
UK Download (Official Charts Company)[9] | 51 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «ALIKAinterview: “My song talks about hope”». escYOUnited (på engelsk). 6. februar 2023. Henta 25. mars 2023.
- ↑ Percy, Lucy (11. februar 2023). «Estonia: Alika wins Eesti Laul 2023 with "Bridges"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 25. mars 2023.
- ↑ «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023.
- ↑ «Estonia». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2023.
- ↑ «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023.
- ↑ "Archive Chart" UK Download Chart. Official Charts Company.
- Denne artikkelen bygger på «Bridges (Alika-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2023.